Vil sikre Europa eigen gass

Utvikling av ei teknologisk nyvinning kan gjere europeiske land mindre avhengige av å importere gass frå Russland enn dei er i dag.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Vest-Sibir er viktig for Russlands produksjon av gass. (Foto: Gazprom)

Store delar av gassen som blir brukt i Europa blir produsert i Russland. Dei siste åra har landet stansa gasstilførsla til Europa ved fleire høve, mellom anna i januar 2009.

Årsaka til eksportstansen var at Russland kravde å få betalt tilbake gjeld frå Ukraina.

80 prosent av det russiske leidningsnettet for gass går gjennom Ukraina, noko som førte til at delar av Europa fekk manko på strøm.

– Dei siste åra har naturgasstilgangen vore usikker, mellom anna på grunn av striden mellom Russland og Ukraina. Usikkerheit knytt til naturgasstilgang er ei av dei viktigaste drivkreftene bak utvikling av ”clean coal technology”, eller rein kolteknologi.

– EU-landa ynskjer helst ikkje å vere avhengige av import av gass frå eit land som ikkje kan garantere sikkerheit, seier Mohsen Assadi, leiar for Senter for bærekraftig energi (cenSE).

Stor EU-satsing

I det nye EU-prosjektet ynskjer deltakarane å finne ein miljøvennleg måte å bruke kull som energikjelde, ifølge Mohsen Assadi. (Foto: Ida Gudjonsson)

Via Senter for bærekraftig energi deltek Universitetet i Stavanger (UiS) i prosjektet Low Emission Gas Turbine for Hydrogen-rich Syngas, som er i regi av EU.

UiS er deleigar av senteret. Målet for prosjektet er å utvikle ein ny gassturbin for gassifisert kol som har høgare yteevne enn turbinane har i dag.

I ein gassturbin blir elektrisitet produsert ved at varme forbrenningsgassar ekspanderer og driv turbinen rundt. Turbinen er kopla til ein generator som produserer elektrisitet.

I dag finst det teknologi for gassturbinar, såkalla ”combined cycles”, som har ei yteevne på rundt 58 prosent. Eit eksempel på eit slik kraftverk finn vi på Kårstø i Rogaland.

Problemet med denne teknologien er at han er tilpassa naturgass. For gassifisert kol blir det i dag nytta eldre teknologi.

Yteevna til moderne kraftverksanlegg for kol er på rundt 45 prosent. I prosjektet ynskjer partnarane å modifisere dei moderne gassturbinane slik at ein óg kan nytte dei til å vinne ut energi frå gassifisert kol.

– Russiske eksportørar er bekymra over gassmarknaden, seier Arild Moe. (Foto: Fridtjof Nansens Institutt)

Sikrare tilgang på gass

Dei siste to åra har den europeiske gassmarknaden gått gjennom stor endring.

– Stillinga til Russland på gassmarknaden er ikkje lenger like sikker som før, seier Arild Moe, assisterande direktør på Fridtjof Nansens Institutt og russlandekspert.

På grunn av finanskrisa har eksporten av russisk gass gått ned. EU-landa har dei siste åra arbeidd aktivt med å få importere naturgass frå andre land, mellom anna Qatar og Nigeria.

USA vil sannsynlegvis ikkje importere like mykje gass i åra framover som ein hittil har rekna med. Grunnen til det er utsikter for auka produksjon av skifergass i USA. Skifergass blir vinna ut direkte frå bergarten.

– Russiske eksportørar er uroa over gassmarknaden. Dersom den nye teknologien for å vinne ut energi frå gassifisert kol får eit visst omfang, vil det leggje enda eit element til denne uroa, seier Moe.

Han understrekar at det er venta at Russland framleis vil vere ein hovudleverandør av gass i åra framover, sjølv om stillinga på marknaden har blitt meir usikker.

Meir miljøvennleg

I prosjektet skal deltakarane utvikle ein type Integrated Gasification Combined Cycle (IGCC). Det er ein teknologi som gjer kol til syntetisk gass. Denne teknologien fører til mindre CO2-utslepp enn teknologien som blir nytta i dag.

Grunnen er at ein reinsar bort CO2 før brenselet er fullbrent, i staden for etter, slik det gjerast i dag.

– Dei fleste landa i Europa har tilgang på kol. Målet med prosjektet er å finne ein miljøvennleg måte å bruke kol som energikjelde, seier Assadi.

Ein annan grunn til at EU er opptekne av å utvikle ein miljøvennleg måte å bruke kull som energikjelde på, er at store utviklingsland som Kina og India er store forbrukarar av kol. I framtida vil dei utgjere ein god eksportmarknad for miljøvennleg teknologi.

Klart i 2013

Det er heile 24 medlemmer frå 10 ulike land med i det EU-finansierte prosjektet. Det er representantar frå universitet, forskingsinstitutt og industri frå heile Europa. Budsjettet er på 17,2 millionar euro.

Initiativet blei teke av European Turbine Network, som er ein lobbyorganisasjon. Oppgåva deira er å sjå til at gassturbinspørsmål blir teke opp i EU.

I 2013 skal medlemmene levere løysingar for kva slags teknologi som kan brukast for å lage dei nye gassturbinane.

Powered by Labrador CMS