Tidoblar norske CO2-utslepp

Dei norske CO2-utsleppa tidoblast dersom forbruk av eksportert olje og gass blir tatt med i reknestykket.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

EU-landa er langt meir avhengige av å importere fossilt brennstoff enn USA. Russland, Noreg og Nord-Afrika er dei viktigaste eksportørane til EU, ifølgje ein ny studie.

– Ein ser ofte på Midtausten som svært viktig for energisikkerheita. Men for EU er Russland, Noreg og Nord-Afrika viktigare, seier forskar Glen Peters ved Cicero Senter for klimaforskning.

For første gong har forskarar spora og målt utsleppa som skjer gjennom heile kjeden frå utvinning av fossilt brennstoff til konsum. Studie gir ny informasjon om korleis den globale handelen med fossilt brennstoff foregår, kven som er dei viktigaste aktørane og korleis dei handlar med kvarandre.

Forskarane har analysert handelen med kol, råolje, naturgass og prosessert brennstoff i 57 industrielle sektorar og 112 land i 2004 og kan presentere tal for korleis verdas CO2-utslepp reiser over landegrensene.

EU er storimportør

Ifølgje studien utgjer utsleppa frå eksportert fossilt brennstoff 37 prosent av globale CO2-utslepp. Dette er langt meir enn utsleppa frå internasjonal vare- og tenestehandel. Olje er det viktigaste eksportproduktet.

EU er ein viktig mottakar av fossilt brennstoff: Medan USA importerte 1,9 milliardar tonn CO2 i 2004, importerte EU heile 2,8 milliardar tonn.

Nesten 1 milliard tonn kom frå Russland, og om lag ein halv milliard tonn kom frå Noreg. Etter det følgjer Nord-Afrika og Midtausten som EUs tredje og fjerde største fossil-leverandør. 

USA utvinn til gjengjeld langt meir fossilt brennstoff enn EU: I 2004 utvann USA fossilt brennstoff som ga utslepp av 4,5 milliardar tonn karbondioksid, medan EUs produksjon ga utslepp på 1,8 milliardar tonn CO2.

Foreslår tidleg karbonpris

Noreg utvann heile 687 millionar tonn karbondioksid. 92 prosent blei eksportert.

– Noreg har eit grønt image på grunn av vasskrafta, men innlandsutsleppet blir meir enn tidobla dersom utslepp frå forbruk av eksportert olje og gass blir tatt med i reknestykket, seier Peters. 

Tradisjonelt blir utsleppa frå fossile brenslar tilskrivne landet der forbrenninga skjer. 

– Studien viser at ei gunstig ordning kan vere å etablere ein karbonpris på brennstoffet med ein gong det er utvunne. Denne karbonprisen vil da følgje produktet heilt til endedestinasjonen. Dette vil vere ei økonomisk effektiv løysing, seier Glen Peters.

Ved å regulere fossile brennstoff utvunne i Kina, USA, Midtausten, Russland, Canada, Australia, India og Noreg vil dette dekke 67 prosent av globale klimagassutslepp.

Referanse:

Davis, Peters and & Caldeira: The Supply Chain of CO2 Emissions, PNAS 2011 108 (45) 18554-18559; published ahead of print October 17, 2011, doi: 10.1073/pnas.1107409108.

Powered by Labrador CMS