– Modellen med eit ansvarleg styre er i seg sjølv kvalitetsdrivande: Vi, aleine, har ansvaret. Gjer vi feil, kan vi ikkje skulde på nokon. Men vi kan lære av feila, slik at vi gjer klokare val neste gong, seier Eivind Hiis Hauge.

Ber Forskingsrådet lære av Danmark

Hyppigare utlysingar, årlege senterbesøk, skroting av karakterordninga: Dette kunne gjort den norske SFF-ordninga betre, meiner Eivind Hiis Hauge, tidlegare NTNU-rektor og styremedlem i Danmarks Grundforskningsfond.

16.3 2017 04:00

– Er det ingen prosjekt som går åt skogen, har ein heller ikkje tatt tilstrekkeleg risiko. SFF skal ikkje vere plankekøyring.

Det seier Eivind Hiis Hauge. Som mangeårig professor i teoretisk fysikk og tidlegare rektor ved NTNU kan han kjenne igjen god forsking når han ser den.

Dette er også bakgrunnen for at han sidan 2009 har vore medlem av styret til  Danmarks Grundforskningsfond.

Med styrevervet har han fått medansvaret for at dei 400 millionar danske kronene som årleg blir fordelt på om lag 40 senter blir brukt på best mogleg vis.

«Alene de bedste forskere med de bedste og mest ambitiøse ideer kan opnå en centerbevilling», står det på nettsidene til Danske Grundforskingsfond.

– Erfaringane frå Danmark viser at om lag sju av ti SFF-senter held fram som eit senter eller eining når SFF-perioden går ut. Det er eit tal vi er godt nøgde med, seier Eivind Hiis Hauge.

– Vi, aleine, har ansvaret

Innsikta i det danske systemet har gjort han sikker i si sak: Samanlikna med den norske SFF-ordninga er den danske ordninga meir fleksibel, meir fokusert. Meir eigna til å løfte fram miljø som kan flytte forskingsfronten.  

– Modellen med eit ansvarleg styre er i seg sjølv kvalitetsdrivande: Vi, aleine, har ansvaret. Gjer vi feil, kan vi ikkje skulde på nokon. Men vi kan lære av feila, slik at vi gjer klokare val neste gong.

Styremedlemmane er tungt involverte i arbeidet med å velje ut nye senter. Når søknadsfristen er over, les styremedlemmane ein kortversjon av søknadane. Etterpå gir dei tommelen opp til søknader dei har tru på og som går til finalerunden. Eit grunngjeve avslag blir sendt til dei andre.

Den danske ordninga gjer at aspirerande senterleiarar tidleg må vise at dei kan kommunisere med den opplyste ålmenta, samt føre ein god og forståeleg argumentasjon for at dei skal få senterstatus, meiner Eivind Hiis Hauge.

Store forskjellar mellom Danmark og Norge

I søknadsprosessen skil det danske systemet seg tydeleg frå det norske.

Forskingsrådet, som forvaltar SFF-ordninga i Norge, brukar internasjonale fagfellepanel både i første og andre runde av søknadsprosessen. Forsvararar av den norske ordninga har argumentert med at å det er risikabelt å overlate silinga til andre enn fagfeller: At eit styremedlem med bakgrunn frå til dømes medisin har ein skyhøg H-index, gjer ikkje vedkomande nødvendigvis rusta til å vurdere ein søknad innan astrofysikk eller klimadynamikk.

Det einaste kriteriet er kvalitet. Dei som får tommelen opp, blir inviterte til å sende inn ein større søknad. Denne søknaden blir vurdert av tre internasjonale sakkunnige.

Eivind Hiis Hauge har etterkvart lest mange søknader. Han er ikkje redd for at eksepsjonelt gode søknader skal få avslag, grunna manglande fagleg innsikt hos dei som behandlar søknaden.

– Vi som sit i styret har ikkje spesialkompetanse på søkjarane sine felt. Men vi har etter kvart fått ein god metakompetanse på å lese søknader og sakkunnige fråsegner, seier han.

Søkarane som ryk ut, får eit avslag med tydeleg grunngjeving. Dei som går vidare, får med seg dei sakkunnige si skriftlege vurdering.

– Eg meiner at når du har såpass få søknader å vurdere, har du råd til å droppe karaktersettinga frå dei sakkunnige. Grunngjev heller med argument. Karaktersetting er ein hemsko for ekte vurdering, seier Eivind Hiis Hauge.

Forskingsrådet: Inga løysing er optimal

Men også den danske ordninga har sine svakheiter, meiner Liv Furuberg, spesialrådgjevar i Forskingsrådet med SFF-ordninga som ansvarsområde.

Ho seier at det ikkje finst ei løysing for excellence-ordningar som er optimal, men at ulike prosessar har ulike fortrinn.

– Eit fond har fridom til å velje styreform. Forskingsrådet har valt fagfellevurdering som prinsipp for rangering av søknadane og har eit avgjerande styresystem for tildelingar, seier Liv Furuberg.

– Styret i Danmark har stor innverknad på kva sentre som vert utvalde. Fire av dei ni medlemmane er danske. Fordelen med styret i Grundforskingsfondet er at dei har ansvar for senterordninga over fleire år. Likevel har valet av nye senter i Danmark styrker og svakheiter. Styret vel først ut søknadane til trinn 1 som skal bli inviterte til trinn 2. Etter at kvar av søknadane har blitt vurdert av tre fagfeller vel styret ut dei sentra som skal få finansiering.  

Vil ikkje la panelet sine personlege preferansar bli styrande

– Kva er bakgrunnen for at den norske modellen har ein annan innretning enn den danske modellen?

– Det er historiske grunnar til det. Det Danske Grundforskningsfondet blei oppretta i 1991. Fondet har sitt eige styre. Den norske SFF-ordninga blei oppretta i 2002 som ei ny finansieringsordning/utlysing i Forskingsrådet. Målet var å bygge opp fleire forskingsmiljø i Norge som kunne hevde seg internasjonalt. Forskingsrådet har fagfellevurderring som prinsipp for rangering av søknadane og eit avgjerande styresystem for prosjekt-tildelingar.

Liv Furuberg forklarer at den norske metoden i mindre grad opnar for at panelet sine personlege preferansar skal kunne ta for mykje plass:

– Ein styrke med SFF IV er at dei ni utanlandske professorane i trinn 2 som vel ut dei nye sentra, ikkje er involverte i trinn 1. Med uavhengige komitear og ekspertar i dei to trinna vil personlege preferansar, som det alltid er element av i fagfellevurdering, vere mindre dominerande i den norske utveljinga.

Har nærma seg den danske ordninga

Den norske ordninga har vore i endring. I fjerde runde av SFF-tildeling, SFF IV, har den norske ordninga nærma seg den danske ordninga, seier Liv Furuberg.

– Her har vi no kopiert den danske ordninga der ein komité les alle søknadane, slik at dei ut frå ei samanlikning kan velje ut dei som skal inviterast til trinn 2. I Norge valte vi å ha ein stor komité med 28 utanlandske professorar i trinn I.  Fagbakgrunnen til professorane blei valt slik at så godt som alle dei 25 fagpanela til ERC var representert i komiteen.

Ei anna endring er at ingen av dei ni komitemedlemmane i trinn 2 var med i komiteen i trinn 1. Slik har trinn 2 gitt ei heilt ny og uavhengig behandling av søknaden, seier Liv Furuberg.

– Har de i Forskingsrådet vurdert å gjere som i Danmark, og starte med å besøke sentra årleg?

– Forskingsrådet har jamlege site-visits ved sentra. I tillegg har sentra ein «Scientific Advisory Committe» med utanlandske, framståande forskarar som er oppgitt i kontrakten med Forskingsrådet. Denne vitskaplege komiteen har ansvar for å stille kritiske spørsmål til forskinga ved senteret, og diskutere endringar i strategi. Komiteen følgjer senteret gjennom heile senterperioden, og har på den måten eit langtidsperspektiv for senteret. Dei norske sentra har difor ei stabil, fagleg oppfølgjing.

– Dyktige senterleiarar har ein magisk tryllestav

Alle dei danske finalistane stiller også til intervju. Styret gjer deretter ei samla vurdering av søknadane, intervjuet og tilbakemeldinga frå dei internasjonale sakkunnige, og løyver til slutt pengar til 10-12 senterleiarar. Ser ein tala under eitt, viser dei at om lag seks prosent av dei som søker, får eit Center of Excellence.

I Danmark følgjer senterstatus senterleiaren. Det betyr at vedkomande ikkje kan overlate direktørjobben til nokon andre. Dei siste ti åra har fondet kursa senterleiarar, ettersom dei meiner «ledelse af et center er også en udfordring for de fleste forskere»

Senterleiar er viktig, seier Eivind Hiis Hauge:
– Dyktige senterleiarar har ein magisk tryllestav som skaper eit fruktbart miljø.

Ønsker hyppigare utlysingar

I Norge har Forskingsrådet hatt fire rundar med SFF-tildelingar sidan ordninga kom i stand: I 2002, 2007 og 2012. Fjerde runde behandlast no. Her fekk Forskingsrådet inn 150 søknader.

Dei blir vurdert av ein internasjonal komité, som plukkar ut aktuelle søknader. Komiteen er delt inn i tre underkomitear, som dekker humaniora/samfunnsvitskap, medisin/biologi, matematikk/naturvitskap/teknologi.

34 av søkarane blei inviterte til trinn 2. Her blei søknadane vurderte av internasjonale ekspertar med kompetanse på dei aktuelle fagområda. Søknadane blir rangert, før Forskingsrådet sitt styreutval vedtek tildeling.

Omlag ti søkarar vil få SFF-status. Kven det er, vil bli offentleg 15. mars 2017.

– Utlysing kvart andre eller tredje år er betre

Eivind Hiis Hauge meiner Norge burde endre intervallet mellom utlysingar i dansk retning. I Danmark er det to utlysingar i løpet av fem år. Med hyppigare utlysingar kan dei som får avslag forbetre søknaden sin, og sleppe å vente fem fulle år før dei får sjansen til å søke igjen, meiner han.

– Fem år er lenge i forskingsverda. Eg meiner utlysing kvart andre eller tredje år er betre, seier han.

Det norske Forskingsrådet har ikkje snarlege planar om å vilkåra for utlysingar.

– Forskingsrådet diskuterer både utlysingshyppigheit, storleik på sentertidelingane og prosess for utveljing med søkarmiljøa. Desse elementa er ikkje hogd i stein. Hyppigare utlysingar kan føre til at færre senter får tildeling, eller at sentra blir mindre, seier Liv Furuberg.

Les også: Thon deler ut millioner til forskning

–  Senteret må produsere interessant forsking

Grundforskningsfondet sørger for SFF-pengar i 6+4 år.

Det er ikkje alle senter som har fått halde fram i fire nye år. Andre burde fått kroken på døra tidlegare. Eivind Hiis Hauge fortel at styret frå tid til annan har gjort feil, og ikkje innsett at dei burde sett strek etter dei første seks åra.

Andre senter har blitt avslutta, fordi senterleiar har blitt rektor, fått ein prestisjefull jobb i utlandet, eller forsvunne ut av andre årsaker.

– Kva reknar du for å vere er ein vellukka SFF? Og når er det riktig å vurdere grad av suksess? Etter fem år? Ti år?

–  Senteret må produsere interessant forsking. SFF-en må tilverke eit gjennombrot av ikkje-neglisjerbare dimensjonar. Forskarane må bli lagt merke til internasjonalt. Dei må trekke til seg gode folk utanfrå, og få til eit spennande fagmiljø for dei involverte, seier Eivind Hiis Hauge.

Etter ti år er det uavvendeleg slutt. Skal eit miljø søke på nytt, må det vere med ny senterleiar og ny retning på forskinga.

Det er i store trekk berre bra, meiner Eivind Hiis Hauge.

– Stø kurs er ikkje nødvendigvis ein god ting innan forsking. Har du høyrt om nokon som har gjort det same i femti år, og som har lukkast?

Artikkelen ble først publisert i På Høyden.

Annonse

I samarbeid med På Høyden

Artikkelen er utgitt av Universitetet i Bergens uavhengige avis, På Høyden.

Senter for framifrå forsking (SFF)

Artikkelen er ein del av ein serie som ser på ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF). Serien er produsert med støtte frå stiftinga Fritt ord.

Senter for fremragende forskning (SSF)

SFF-ordningen ble etablert av Norges Forskningsråd (NFR) i 2002.

Ambisjonen var å frambringe miljøer som kunne bli kandidater til en Nobelpris.

SFF er i dag NFRs viktigste virkemiddel for å fremme kvalitet i norsk forskning.

SFF-status tildeles for en periode på fem år av gangen, i maks ti år.

I dag er til sammen 21 sentre i drift.

SFF-status har blitt tildelt i tre runder: I 2002/03 ble tretten sentre opprettet. I 2007 kom åtte nye sentre til. I 2013 ble tretten nye sentre opprettet.

Sentrene blir midtveisevaluert etter 3,5 år.

Ingen norske sentre har så langt blitt terminert underveis i tiårsperioden.

I gjennomsnitt ble det i 2015 publisert 2,2 publikasjoner per vitenskapelig årsverk. Dette varierer sterkt fra senter til senter.

Hver SFF får i gjennomsnitt mellom 10 og 18 millioner kroner fra NFR årlig. Dette utgjør om lag 20 prosent av sentrenes inntekter. Vertsinstitusjonene bidrar med penger og ressurser, og sentrene henter inn eksternfinansiering.

Tall fra 2015 viser at 21 prosent av de tilknyttede professorer og studenter er utenlandske.

Fire av SFFene er ledet av kvinner. Blant de vitenskapelig tilsatte i rekrutteringsstillinger er kjønnsbalansen jevnere: Tall fra 2015 viser at 48 prosent av postdoktorene er kvinner, 45 prosent av PhD-ene er kvinner.

Siden oppstarten i 2003 har de tre rundene med SFF-sentre fått innvilget 4, 420 milliarder kroner fra Forskningsrådet.

SFF-I hadde i gjennomsnitt et samlet årlig budsjett på 155 millioner kroner.

SFF-II har i gjennomsnitt et samlet årlig budsjett 80 millioner.

SFF-III har i gjennomsnitt et samlet årlig budsjett på 207 millioner.

NFR mottok 150 søknader til SFF IV. Denne vil etter planen i gjennomsnitt ha et samlet årlig budsjett på 150 millioner kroner.

Søknadene er vurdert av et internasjonalt panel.

34 søknader gikk videre til andre runde.

NFR har signalisert at de vil gi støtte til om lag ti SFF-er.

Hvem som får SFF-status i runde IV, blir trolig klart 15. mars.

Den danske SFF-ordningen

Danmarks Grundforskningsfond ble opprettet i 1991.

Finansierer blant annet Danmarks 39 Senter for fremragende forskning, med 400 millionder DKKper år. Dette gir en gjennommsnittsfinansierng på 10,2 millioner per år.

Danske SFF-midler lyses ut hvert 2 1/2 år.

Hvem som skal få penger, bestemmes av et ansvarlig styre på ni personer.

Styreleder er utpekt av utdannings-og forskningsmininsteren. For tiden er Liselotte Højgaard styreleder.

Søknadene blir vurdert av styret, og et utvalg blir sendt til fagfelleevaluering.

Søknadsprosessen er raskere, og rimeligere, ettersom tallet på fagfeller i panelet er mindre.

Hvert senter får årlig besøk av representanter fra styret.

Hvert senter får en midtveisevaluering etter fem år. Her kan de søke om midler for en ny femårsperiode.

Kilde: Danmarks Grundforskningsfond

Saker fra våre eiere

Nasjonalforeningen for folkehelsen

Tidligere har det vært vanskelig å vite hvem som er i faresonen for akutt hjerteinfarkt. Nå kan blodprøver gi svaret på kort tid. 

Høgskolen i Oslo og Akershus

Er 0,999… med uendelig mange desimaler mindre enn 1 eller lik 1? Både folk flest og lærerstudenter svarer typisk det samme.

Universitetet i Oslo

Behandlingen er direkte rettet mot å redusere selvskading og selvmordstanker. Og den gir gode resultater.

Saker fra våre eiere

Universitetet i Oslo

For noen barn er det ekstra krevende med rop og skrik i skolegården, bøker som smelles igjen og stolbein som skraper mot gulvet.

NTNU

De over 65 år har like god effekt av operasjon for skiveprolaps i korsryggen sammenlignet med yngre pasienter.

Nordlandsforskning

Selskapet kan skyve svakstilte ut av utleiemarkedet, men også skape nye turistmål. Nå skal forskere finne ut hvilke konsekvenser Airbnb får i Norge.

Forskeren forteller:

Når ungdom presses til å drive med idrett, og voksne bestemmer hvordan de skal gjør det, da blir idrettsungdom lei. Men du kan unngå at barna dine mistrives, blir stresset og presterer dårlig på sikt.

Enkle grep kan føre til markante livsstilsendringer og få folk til å leve sunnere, ifølge dansk forskning.

Et nytt åpenhetsinitiativ vil få forskere til å publisere dataene bak forskningsartikler. Nå nekter en av aktivistene å gi fagfellevurdering til en artikkel som ikke innfrir åpenhetskravet.