Strateg emeritus

– No er eg vorten 70 år og professor emeritus og kan gjere akkurat som eg vil, seier Ole Danbolt Mjøs. Som om han nokon gong har gjort noko anna.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ole Danbolt Mjøs

  • Professor dr.med. ved Avdeling for medisinsk fysiologi ved Universitetet i Tromsø (UiT)
  • Dekan ved Det medisinsk fakultetet ved UiT 1983–86
  • Prorektor ved UiT 1985–89
  • Rektor ved UiT 1989–95
  • Medlem av Verdikommisjonen 1998–2000
  • Leiar av regjeringsutvalet for høgare utdanning i Noreg etter 2000
  • Leiar av Den Norske Nobelkomite 2003–08
  • Kommandør av St. Olavs orden 1996
  • Fekk Nasjonalforeningens hjarteforskingspris i 2002 saman med Avdeling for medisinsk fysiologi, UiT
  • Fekk i skrivande stund Noregs Mållags målblome for 2009

Ole D. Mjøs vedgår lett at han ikkje har late seg kontrollere av andre.

– Men no er det i alle fall formalisert!

Konstateringa kjem med eit glimt i auget. Eit glimt tidlegare Nordlys-redaktør Ivan Kristoffersen meinte avslører Mjøs si evne til å kombinere vestlandsfromheit med nordnorsk faenskap.

Fromheita er enklast å få auge på. Men utan andre eigenskapar hadde Mjøs neppe fått det til. Inge Lønning ser det slik:

«Ole Danbolt Mjøs kjem til å bli hugsa som mannen som aldri lærte å ta eit nei som noko anna enn eit forkledd, forseinka ja.»

Då Norsk Polarinstitutt vart flytt frå Oslo til Tromsø, hadde Mjøs i årevis, uansett publikum, avslutta talane sine med: «… og elles er det mi oppfatning at Norsk Polarinstitutt må flyttast til Tromsø.»

Til slutt gav Stortinget sitt ja.

Seinare har den notoriske staheita til Mjøs skaffa Universitetet i Tromsø ei presteutdanning, eit psykologistudium, eit senter for fredsstudium og no Noregs første masterstudium i fred og konfliktløysing.

Universitetsbyggjaren

Mjøs har sett sjansane, ikkje problema. Det gjorde han også på slutten av 1980-talet då omgrepet «masseuniversitet» begynte å dukke opp i avisspaltene. Finanskrisa på den tida førte til eit stort press på universiteta. Rektorane svarte med frykt og lukka studium.

Unntaket var Universitetet i Tromsø. Her såg rektor sjansen som baud seg for Nord-Noregs eige universitet. Strategisk tenking blir slikt gjerne kalla i dag. Undervisningsminister Gudmund Hernes fekk beskjed om å sende studentane nordover, til det Mjøs kalla «det opne universitetet».

Studentane kom i hopetal. Som prorektor i åra 1985 til 1989 hadde Mjøs opplevd at studenttalet ved UiT stagnerte på rundt 2500. Det siste året han sat som rektor, hadde universitetet hans lykkast i å hente inn 6500 av dei.

Til tusenvis av nye studentar gav han hundrevis av nye, vitskaplege stillingar. Noko som igjen gav Mjøs sjansen til å argumentere for stadig nye bygg. Ingen var lenger i tvil om at Universitetet i Tromsø hadde vorte eit nasjonalt universitet.

I år fekk Ole D. Mjøs nordnorsk marknadsføringspris.

«Han har sett Nord-Noreg på det internasjonale kartet,» vart det sagt i samband med prisutdelinga. «Med eit usliteleg humør, og utan den ringaste alkoholpåverknad, har han gjennom fleire tiår markert seg med ein entusiasme for landsdelen på grensa til det overstadige», heiter det i grunngivinga.

Hjarteprofessoren

Vi møter Mjøs i Tromsø nokre veker etter at han har fylt 70.

Han er vorten feira med eit storslått symposium kalla «Heartbeat of the North». Arrangementet sette søkjelys på Mjøs si rolle i oppbygginga av eit unikt fagmiljø innanfor hjarteforsking i Noreg. Kollegaer frå fleire verdshjørne kom til ishavsbyen. Denne gongen var det først og fremst hjarteprofessoren og universitetsmannen som vart hylla.

Den 70-årige professor emeritus Ole Danbolt Mjøs. (Foto: Thilo Bubek)

Men Mjøs har også leidd Den Norske Nobelkomite, vore leiar av regjeringsutvalet for høgare utdanning (Mjøs-utvalet), medlem av Verdikommisjonen og KrF-politikar. På toppen av dette har han hatt ei rekkje med verv så lang at ho kan ta pusten frå dei fleste.

No har han begynt å rydde. Papirbunkane rundt han er faretruande høge. Mjøs skal flytte frå Avdeling for medisinsk fysiologi, miljøet han kom til Tromsø for å byggje opp for 35 år sidan. Men det skjer tilsynelatande utan vemod. 70 år er ingen alder for å setje seg ned og mimre. Framleis er mykje ugjort.

Gründeren

Vi lykkast likevel i å få Mjøs med på ei tidsreise:

Hausten 1974 sit han og kona Kari på flyet nordover, med ein fireåring og ein nyfødd baby.

– Eg var litt kjend med landsdelen gjennom turnustenesta mi og eitt år som militærlege etter medisinsk embetseksamen i Bergen. Men eg skulle berre opp hit for å vere med på å byggje noko, så skulle vi reise heim igjen til Vestlandet. Men slik gjekk det ikkje. Tromsø vart vår lykke, smiler Mjøs.

I Oslo hadde han og kona delteke på eit møte der ein «sjanghaia» medisinarar til det nyoppretta universitetet i Tromsø. Nord-Noreg skreik etter medisinsk kompetanse, og dette vart kanskje det sterkaste politiske argumentet for å opprette eit universitet så langt mot nord.

Etter to års forskaropphald i San Francisco og Edinburgh var han klar til å begynne eit liv som gründer.

Mjøs ser ut av vindauget.

– Her låg det ein tundra med nokre tre på. I dag er det ein flott universitetscampus. Dei fleste bygningane har eg anten vore med på å planleggje eller innvie, seier han stolt, før han er tilbake til 70-talet igjen:

– Fagleg sett var det berre eg og ein stipendiat då vi begynte med hjarteforskinga her i Tromsø. I Oslo eller Bergen ville ei avdeling som dette vore stor nok til å halde det gåande på eiga hand. Her vart vi tvinga til å samarbeide med klinisk kjemi, biokjemikarar, anatomar og patologar.

– Slik fekk vi heilt frå starten eit unikt tverrfagleg miljø. Sidan universitetet ligg nær sjukehuset, fekk vi i tillegg eit nært samarbeid med klinikarane. No er translasjonsforsking, medisinsk forsking som byggjer bru mellom grunnforsking og klinisk forsking, vorten populær nesten overalt.

 – Både det nye Rikshospitalet og det nye sjukehuset i Trondheim har kopiert oss og fått modellar der det tverrfaglege står i sentrum.

Forskaren

– Eg har alltid elska å vere med på å byggje opp. Men eg trur ikkje eg har hatt problem med å la andre overta når dei har vorte dyktigare enn eg, seier Mjøs.

Mange doktorgradsstudentar har sloppe ut frå avdelinga hans sidan 1975. Nokre av dei kanskje endå dyktigare enn Mjøs. Han hadde heile tida litt for mange jern i elden.

Etter åra som dekan, prorektor og rektor var det vanskeleg å hente inn igjen det han hadde gått glipp av som forskar.

– Eg klarte aldri å kome inn i den fagleg sterke fasen som eg hadde vore i tidlegare, sjølv om eg prøvde å hente meg inn igjen gjennom eit sabbatsår i London i 1997–98. Alt har si tid. Det har sin pris å ta på seg mange verv.

Mjøs kan likevel sjå tilbake på over 100 internasjonale publiseringar om hjartefunksjon, stoffskifte, hjarteinfarkt, hjartesvikt og kolesterol. Den mest kjente studien vart på 1980-talet ein «siteringsklassikar».

I samarbeid med Norman Miller, Dag Thelle og Olav Helge Førde var Ole Danbolt Mjøs først ute med å vise at eit lågt innhald av «det gode kolesterolet», eller HDL, i blodet medførte auka risiko for å få hjarteinfarkt. Studien vart publisert i Lancet og er eit milestolpearbeid innanfor moderne hjarteforsking.

Kollega Otto A. Smiseth, professor i kardiologi ved Rikshospitalet og ein av dei første stipendiatane til Mjøs, skriv:

«Det viste seg seinare at to måtar å auke HDL på er regelmessig mosjon eller inntak av alkohol. Ole har aldri sett pris på nokon av delane. Han har derimot alltid sett pris på kaffi. Nokre år seinare skulle det vise seg at kokekaffi er assosiert med auka totalkolesterol og truleg usunt. Det er ikkje alltid resultata av god forsking gjer livet enklare.»

Infarktpasienten

Kaffien han drakk, har neppe all skulda. Mjøs hallar meir i retning av å tru at den ekstreme arbeidsmengda må ta ansvaret for at han om morgonen 1. mai 1995 vakna med sterke smerter i brystet.

Eksperten på infarkt, hjartesvikt og kolesterol hadde sjølv vorte ramma i ein alder av 56 år.

Til 60-årsdagen vart det gitt ut bok for han. Her skriv blant andre fredsprisvinnar Desmond Tutu, partikollega Kjell Magne Bondevik og Arthur Arntzen. Sistnemnde tilsette Mjøs i stillinga som «flirolog» ved Universitetet i Tromsø.

Arntzens bidrag kjem i form av eit intervju med ein av Mjøs sine gode venner frå Tromsø, ein som lenge hadde sett dei mørkare sidene ved livet. I ei trekkfull brakke spør Arntzen mannen om han trur på Gud. Då tek han ned frå veggen over senga ein liten trekross, laga av små bjørkegreiner. Oppriktig fortel han:

«Då æ fikk høre at han Ole va alvorleg sjuk, tok æ mæ ein dram, knæpte heindern og ba ei bønn førr han. Ba Gud om at engelen våres ikkje måtte dø.»

Prestungen

Oles far var prest på Stord. Både han og mora var engasjerte i arbeidet for dei minste i samfunnet, anten dei hadde alkoholproblem eller det var andre årsaker til at livet ikkje hadde vorte så enkelt.

– Dette var vel noko eg fekk med meg. Då eg kom til Tromsø i 1974, spurde ein venn om eg kunne bli tilsynslege på ein verneheim for alkoholikarar. Eg takka ja, og slik fekk eg utløp for eit sosialt engasjement.

– Men jobben voks meg aldeles over hovudet. Samtidig som eg skulle byggje opp eit forskingsmiljø, hadde eg ein kø av pasientar, skeive både i blikket og i beina, ståande utanfor kontoret mitt, seint og tidleg.

Kollegaene vande seg til denne litt bisarre verksemda. Rykte vil ha det til at Mjøs måtte gjerast merksam på at det nok ikkje var tilrådeleg å overlate kontoret som soveplass for menneske utan nattely, då han vart rektor.

Men nokre gonger har han også sjølv sagt nei. Jan P. Syse fekk nei då Mjøs vart spurd om å bli utdannings- og forskingsminister. Kjell Magne Bondevik fekk nei då han bad Mjøs om å stille som førstekandidat på Troms KrFs stortingsliste, og slik få ein plass på Tinget.

Begge gonger var det nok freistande å seie ja, men familien og faget kom føre.

– Ein føresetnad for alle verv eg har teke på meg, er at eg har kunna bu her i Tromsø.

Reformatoren

Sjølv om det kan sjå ut som at samfunnsengasjementet og det politiske engasjementet i periodar har vore det viktigaste for han, hevdar Mjøs sjølv at det akademiske alltid har gått føre.

I april 1998 dukkar det opp eit tilbod som gir han sjansen til å kombinere dei to rollene. Då ringjer utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun og spør om han vil leie eit utval for høgare utdanning. Det skulle vise seg å bli ei stor utfordring.

– Utvalet var ei svært heterogen forsamling, frå Gerd-Liv Valla til Victor Norman. Vi var 17 personar som i løpet av to år skulle kome med ei svær innstilling om høgare utdanning etter år 2000. I tillegg bad departementet oss om å lage to NOUar før sjølve hovudjobben kunne begynne.

Mjøs såg seg etter kvart nøydd til å be om å få inn ein nestleiar. Han foreslo Tora Aasland. Dette skulle vise seg å bli nok eit strategisk trekk av Mjøs, fordi Aasland hadde si «menigheit» og han si.

– Vi samarbeidde veldig godt, Tora og eg, og til saman klarte vi å samle utvalet og få til semje om dei store reformforslaga som alle, nesten utan unntak, gjekk gjennom i Stortinget som ein draum. Institusjonane har no iverksett dette i eit enormt tempo.

Ole D. Mjøs er tydeleg stolt av innsatsen til Mjøs-utvalet. Men han er også einig med kritikarane som har hevda at gjennomføringa av reformene utvalet foreslo, kan ha gått på kostnad av norsk forsking.

– Eg trur likevel det ville vore veldig problematisk å gjere det motsette, å la forskinga få forrang og la studentane bli ein salderingspost, seier han.

Men no er det forskinga si tid, meiner Mjøs. Han trur SVar Tora Aasland gjer det ho kan som forskingsminister.

– Eg har stor tru på henne. Men ho slit med å få regjeringskollegaene med på laget. Dei treng ei vekking, konstaterer prestesonen. Knapt nokon gong har den vanlege, rimeleg gode forskinga hatt så dårlege driftsbudsjett som no, meiner Mjøs.

– Dei høgare utdanningsinstitusjonane har no så knappe driftsmidlar at den forskingsbaserte undervisninga er i fare. No trengst det eit kraftig nasjonalt lyft i forskingsløyvingane, særskilt til grunnforskinga.

– Kanskje finanskrisa får somme til å forstå alvoret, seier han.

Pensjonisten

Kari forlanger at han ikkje lenger går på kontoret kvar dag. Ektefellen vil at dei skal reise meir og bruke meir tid på feriestaden Osterøy ved Bergen. Men dei flytter ikkje frå Tromsø.

Mykje er framleis ugjort, papirbunkane skal få vekse på eit nytt kontor. Han er no styreleiar for Senter for fredsstudium og skal vere med på å byggje ut eit prosjekt i skjeringsfeltet mellom fred og helse.

Dessutan er det to ting Mjøs vil ha på plass før han gir seg: ein statue av Mandela i Tromsø og ein internasjonal klima- og miljøpris til Tromsø.

– Oslo har sin Abel-pris, Bergen sin Holberg-pris. Tromsø, med det fremste polarinstituttet i verda, bør få sin internasjonale klima- og miljøpris, eller Brundtland-prisen, som eg foreslår at han skal kallast.

Så langt har ikkje politikarane tent på prisideen hans. Det tolkar han naturlegvis ikkje som eit nei. Berre eit forkledd, forseinka ja.

Powered by Labrador CMS