Krav om open kjeldekode

– Mange forskargrupper har ein publiseringspraksis som bryt med føresetnadene for vitskapleg metode, seier professor.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

OPENHEIT: Vitskapleg metode byggjer på at andre forskarar skal kunne etterprøve resultat. Då må også kjeldekoden og grunndata publiserast, meiner Eigil Samset. Foto: Bjarne Røsjø

Open kjeldekode (Open Source)

Open kjeldekode betyr at kjeldekoden til eit dataprogram er gjort tilgjengeleg (ofte på Internett) for alle.

Det finst mange forskjellige lisensar for open kjeldekode, men den mest brukte er GNU General Public License (GPL).

Mange programvareselskap lagar seg sine eigne spesialtilpassa opne lisensar.

Organisasjonen Open Source Initiative (OSI) har ei godkjenning der lisensar som følgjer deira definisjon av open kjeldekode, får tittelen OSI approved.

Kjelde: Wikipedia.no

– Det føregår i dag veldig mykje forsking knytt til bruk av spesialutvikla dataverktøy. Vitskapleg metode byggjer på at andre forskarar skal kunne etterprøve resultat, men det blir umogleg når mange forskarar ikkje publiserer frå kjeldekoden – som ofte er heilt essensiell – eller grunndata som ligg bak.

Det seier Eigil Samset, som er professor II ved Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo og teknologidirektør ved bedrifta Kongsberg SIM, som er spesialistar på tredimensjonal visualisering for petroleumsbransjen.

Samset deltek sjølv i eit tverrfagleg forskingsprosjekt som bruker element frå matematisk metodeutvikling og berekningsorientert matematikk til å utvikle ny medisinsk biletteknologi. Prosjektet er støtta av eVITA-programmet i Forskingsrådet.

Forlaga kjempar

Samset trur det kjem til å skje veldig mykje rundt Open Access (open tilgang) dei nærmaste åra.

– I tillegg til open kjeldekode krev stadig fleire forskarar open tilgang til publiserte artiklar, og open tilgang til data som ligg til grunn for studiar. Det amerikanske National Institutes of Health (NIH) føreset no at alle prosjekt som får finansiering, skal publisere resultata sine i ein offentleg tilgjengeleg database.

– Men mange forlag i USA går imot, og nokre av dei har ført saka heilt til Kongressen i Washington i eit forsøk på å unngå desse avgrensingane.

– Forlaga kjempar for å behalde ein forretningsmodell som går ut på at forskarar skriv gratis, at fagfellar vurderer artiklane gratis, og at forlaga deretter kan ta seg uhyre godt betalt for tidsskrifta. Dette må høyre fortida til, meiner Samset.

Det finst alternativ i form av tidsskrift som òg kan tilby open tilgang. Ein del forlag har i staden begynt å forlange at forfattarane betaler for eksempel eit par tusen euro for å få publisert artiklane sine ope.

– Viss dette skal bli ein utbreidd praksis, blir forskarane nøydde til å leggje inn meirutgifter til open publisering alt når dei søkjer Forskingsrådet eller andre instansar om finansiering, påpeikar Samset.

Ei radikal tilnærming

Tidsskriftet Insight Journal, som set søkjelys på medisinsk biletbehandling, har ei anna og meir radikal tilnærming.

– Der blir artiklane publiserte med éin gong dei blir sende inn! Deretter kan fagfellar vurdere artikkelen og leggje ut kommentarar etter kvart, og forfattarane kan revidere artikkelen eller til og med gi karakterar (rating) til kvaliteten på fagfellevurderinga.

– Dermed har tidsskriftet skapt ein heilt open review-prosess, som kanskje er den ekstreme motsetninga til den praksisen dei kommersielle forlaga no følgjer.

– Alle forlaga er merksame på utviklinga og prøver å svare på utfordringane. Eg trur ikkje at dei private vitskaplege forlaga kjem til å forsvinne, men dei blir nøydde til å endre seg ganske kraftig, spår Samset. 

Lenke:

Forskningsrådets program  eVitenskap - Infrastruktur, teori og anvendelser (EVITA)

Powered by Labrador CMS