Dykkarsjuke og CO2

Karbondioksid (CO2) kan bety langt meir for utviklinga av dykkarsjuke enn det ein hittil har tenkt. Det kan bety at yrkesdykkarar i framtida bør leggje opp arbeidet annleis enn i dag.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

CO2 kan nemleg ha stor effekt på utviklinga av gassbobler i blodet, viser ein fersk doktorgrad ved Noregs veterinærhøgskole (NVH).

Dykkarsjuke kan oppstå hos både sports- og yrkesdykkarar dersom dykkaren gjennomfører ei for rask oppstigning, slik at nitrogenet i blodet ikkje rekk å bli oppløyst før personen når overflata.

Dykkarsjuke er ein smertefull tilstand som i verste fall kan vere livstruande.

Lokal produksjon av CO2

Så langt har ein diskutert nitrogen, helium og liknande gassar i forhold til dykkarsjuke. CO2 har vore ignorert, sidan denne gassen har ei særs god evne til å løyse seg opp og forsvinne raskt ut av kroppen.

Doktorgradsstudia til Henrik Rasmussen viser likevel at den CO2 som blir danna i blindtarmen hos mus og rotter, blir spreidd gjennom heile tarmveggen, slik at det oppstår overmetning av gass i lokale område av blindtarmen.

Studia viser vidare at når ein gir ultralydkontrastmidlar (som består av gassbobler som blir gitt intravenøst) til mus og rotter, så veks ultralydkontrastmidlane i tarmen på grunn av overmetning av gass, slik at dyra får skadar i blindtarmen og på levra.

Konsekvensar for Nordsjødykkarar?

"Henrik Rasmussen er utdanna frå Veterinærhøjskolen i København, men er busett i Noreg sidan 1994"

Ut frå desse funna er det ikkje utenkjeleg at Nordsjødykkarar for eksempel, kan ha ein tilsvarande lokal produksjon av CO2 som påverkar danninga av gassbobler i blodet, og dermed kan føre til utvikling av dykkarsjuke.

Det kan tenkjast at yrkesdykkarar får ein lokal høgare produksjon av CO2 i delar av tarmkanalen eller i dei musklane som dei bruker mest.

Dersom det i tillegg er seismisk aktivitet i nærleiken, kan skadeverknadene av CO2 bli store, sidan sonare lydtrykk verkar sterkt på boblevokster i blodet.

Arbeidet er utført i samarbeid mellom forskarar frå GE Healthcare, Karolinska Instituttet, Stockholm, Rikshospitalet, Oslo og Gøteborg Universitet, Gøteborg.

Referanse:

Cand. med. vet. Henrik Rasmussen er tilsett i GE Healthcare (tidlegare Nycomed Imaging) og disputerte 20. september 2007 for Doctor philosophiae-graden ved Noregs veterinærhøgskole med avhandlinga:

” Local effects of metabolic gases on intravascular bubble growth. Studies on large intestinal disposition of CO2 of microbial origin and the effects on gas-carrier contrast agents in rodents”.

Powered by Labrador CMS