Trass i etterverknader og komplikasjonar, opplevde dei fleste pasientane at kroppen var lettare og kvardagen enklare. (Foto: Esolla / Shutterstock / NTB scanpix)

Fedmeopererte har eit betre liv ti år etter

Menneske med alvorleg fedme får eit mykje betre liv etter fedmeoperasjon, også etter ti år. Det viser den første norske langtidsstudien av livskvalitet etter slike operasjonar.

Viss han ein sjeldan gong måtte ned på golvet etter noko han hadde mista, måtte han tenke seg nøye om: Hadde han fleire ærend der nede? Og fanst det noko å støtte seg i når han skulle reise seg att? Så strevsamt var det å bøye ryggen, det verkande kneet, kjenne blodet pumpe i tinningen og sveitten piple fram i panna – for ikkje å snakke om den lange vegen opp att.

Kvardagen til mange menneske med alvorleg fedme er tøff – innestengde i ein stor kropp, utestengde frå fellesskapet. Før 2001 fanst det ikkje noko anna behandlingstilbod i Noreg enn kurs i omlegging av livsstil.

Men for dei aller tyngste var ikkje gulrøter og joggesko ein realistisk utveg.

Første tilbod i 2001

18. april 2001 vart den første fedmeoperasjonen utført i Helse Førde. Sjukehuset var det første i Noreg med dette tilbodet. Kirurgen Villy Våge utførte operasjonane.

Inngrepet som vart brukt på desse første pasientane, er omfattande. Ved bileo-pancreatic diversion with duodenal switch (BPDDS) fjernar kirurgen store delar av magesekken og kortar ned tynntarmen. Dermed kan ikkje pasienten ete like mykje som før, og næringsopptaket blir redusert.

Ein siste utveg

Forskar Anny Aasprang var ein av sjukepleiarane som tok imot pasientane og gjorde dei klare til operasjon. (Foto: Vestforsk.no)

Frå sengekanten, før han vart gjort klar til operasjon, beskreiv ein av pasientane situasjonen sin slik:

Tenk om nokon hadde hengt sytti kilo rundt halsen din. Dette skal du stå opp med, du skal gå med det, og du skal leggje det med det. Eg har ikkje noko val – eg må bli operert.

– Dei var store, tunge og sjuke, hugsar forskar Anny Aasprang. Ho var ein av sjukepleiarane som tok imot pasientane og gjorde dei klare til operasjon.

Hjå denne første gruppa hadde kroppsmasseindeksen gjerne krope opp mot 52, langt over det kroppen kan tole i lengda. Mange hadde vanskar med å bevege seg.

Dei hadde problem med kvardagen og lei av sjukdommar som var ein direkte konsekvens av kroppsvekta: høgt blodtrykk, astma, diabetes.

– Fleire såg på operasjonen som ein siste utveg, seier Aasprang.

Lite kunnskap om lang sikt

Føremålet med fedmekirurgi er å auke livskvaliteten til pasientane og få bukt med sjukdommane fedmen har skapt. Difor var det nødvendig å få innblikk i korleis det går med pasientane på lang sikt, noko det fanst lite kunnskap om.

– I møte med pasientane byrja eg å tenke på korleis det ville bli for dei etter nokre år, seier Aasprang.

Faktaboks:

  • Anny Aasprang sin studie av «livskvalitet ti år etter fedmekirurgi» er den tredje langtidsstudien i verda der ein ser på livskvalitet etter fedmekirurgi og den første på BPDDS-pasientar. Ho har følgt opp pasientane over ti år.
  • I 2001 starta kirurgen Villy Våge ved Førde sentralsjukehus det første kirurgiske tilbodet for personar med sjukeleg overvekt. Tilbodet var det einaste i landet.
  • Operasjonsmetoden biliopancreatic diversion with duodenal switch går ut på å fjerne ein del av magesekken og tynntarmen. I dag blir ein mindre omfattande metode brukt.
  • I dag tilbyr alle helseføretaka fedmeoperasjonar, og det blir utført 3-4000 operasjonar i året.

Då ho gjekk i gang med ein doktorgrad, valde ho å forske nettopp på korleis denne første gruppa på 50 slankeopererte fekk det. Berre to andre studiar i verda har, som ho, følgt slike pasientar over fleire år.

Eit betre liv

Det Aasprang såg etter ti år, var i all hovudsak oppløftande.

Studien omfattar skriftlege svar frå pasientane på spørsmål om fysiske og mentale forhold – spørsmål som rører ved kvardagar, kjensler og plager. Pasientane fylte ut skjemaet både før operasjonen og eitt, to, fem og ti år.

Trass i etterverknader og komplikasjonar, opplevde dei fleste pasientane ein stor betring i livskvaliteten. Kroppen var lettare, kvardagen enklare. Nye vanar vart til ein ny livsstil, og endeleg kunne det etterlengta livet som normalvektig ta til.

Den største forbetringa kom det første året, men pasientane hadde òg god livskvalitet etter ti år.

– Dei hadde det mykje betre enn før operasjonen, seier Asprang, og minner om at utgangspunktet deira var svært dårleg; før operasjonen hadde fedmepasientane ein livskvalitet på linje med døyande kreftpasientar på lindrande medisin.

Før operasjonen hadde dei 50 pasientane en gjennomsnittleg kroppsmasseindeks på 51,7. Det er svært helseskadeleg overvekt. Vekttapet var stort for alle. Etter eitt år var gjennomsnittet 32,8. Etter ti år var snittet 34,3. Det er framleis fedme, men eit godt resultat, ifølge Asprang. 

Ingen av pasientene gjekk opp i vekt som før operasjonen. Etter 10 år var det framleis sju pasientar som hadde kroppsmasseindeks over 40, men desse hadde svært høg KMI før operasjon og hadde dermed hatt eit stort vekttap.

Ikkje alt blir bra for alle

Blant dei femti første opererte, var kvinna med dette barndomsminnet:

Då eg var lita, tok mamma meg med til helsesystera, for eg var nok litt lubben. Eg vart sitjande og høyre dei diskutere kroppen min.  Gje ho gulrøter, så går ho nok ned i vekt, sa helsesystera. Etter den dagen har eg vore feit i hovudet mitt.

Sjølv om resultata frå langtidsstudien viser ei stor betring i livskvalitet også etter ti år, så finst det utfordringar. År med utanforskap, skam og smerter kan ikkje bli borte som ved eit trylleslag. Har ein hatt ein enorm kropp, tek det tid å innsjå at ein er blitt slank.

Fedmeopererte som er blitt slanke fortel om å gå sidelengs langs midtgangen når dei skal bak i bussen, for å gje rom for ein mage som ikkje er der meir. Mange må kvitte seg med den overvektige sitt ganglag, eller oppdagar at dei av gamal vane har teke med seg altfor store klede inn i prøverommet.

– Ein del kjenner òg på forventningar frå folk rundt seg om å bli lykkelege, utan at dei blir det. Og sjølvsagt veit vi at mange framleis har mentale utfordringar som kan ha bidrege til vektproblemet, seier forskaren.

Redsel for å miste kontrollen

Det som står att av betring i livskvalitet er forskarane både klar over og nyfikne på. For trass i at pasientane har eit heilt mykje betre liv ti år etter operasjonen, skårar dei litt dårlegare enn folk flest, både fysisk og mentalt. Dette er også tilfelle om ein justerer tala slik at ein berre samanliknar med folk av same kjønn, alder og kroppsmasseindeks.

 Kva er det som står att for at dei skal få det like bra som andre?

– Frykta for å legge på seg kan vere ein faktor. Redselen for å miste kontroll over matinntaket sit i hjå mange, seier Aasprang.

Forskarane veit at den vesle skilnaden i livskvalitet som framleis skil dei fedmeopererte frå folk flest, handlar om noko anna enn kropp og vekt.

– Vi kan spekulere i om det gjeld overflødig hud eller endra avføringsvanar, men samtidig veit ikkje nøyaktig kva som eigentleg manglar, fleire år etter operasjonen, seier Aasprang.

Referanse: 

Aasprang, Anny mfl: Ten-year changes in health-related quality of life after biliopancreatic diversion with duodenal switch. Surgery for Obesity and Related Diseases 2016. Sammendrag.

Powered by Labrador CMS