Særs aktive sjukemelde

Ei aktiv sjukemelding kan gjere pasienten meir aktiv enn meininga kanskje var. Ei undersøking frå Oppdal i Sør-Trøndelag viser at sju av ti som gjekk på aktiv sjukmelding gjorde like mykje som før.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Illustrasjon: Mads Nordtvedt"

Hovudfagstudent Britt Karin Støen Utvær ved NTNU har sett på korleis ordninga med aktiv sjukmelding har fungert i Oppdal kommune.

Ho fann at eit fleirtal av dei aktivt sjukemelde gjorde akkurat like mykje arbeid som før. Dessutan at det i over halvparten av tilfella vart heller ikkje vikarar leigd inn for å erstatte den sjukmeldte medarbeidaren.

Også førsteamanuensis Geir Arild Espnes og stipendiat Siw Tone Innstrand har delteke i arbeidet.

Inkluderande arbeidsliv

Ordninga med aktiv sjukmelding var ein del av tiltaket “Inkluderande arbeidsliv” (IA). IA vart innført i 2003 og hadde til mål å få ned sjukefråveret.

IA skulle gjere det mogleg for tilsette å halde kontakten med arbeidsplassen, jamvel om dei var sjukmeldt.

Der den sjukmeldte hadde helse til ein avgrensa innsats, skulle arbeidstakar og arbeidsgjevar avtale kor stor denne skulle vere. Slik ville den sjukmeldte unngå å bli passivisert, og kome attende i full jobb tidlegare enn elles.

På med bremsene

Slik var tanken. Derfor hadde Rikstrygdeverket som mål for året 2003 å auke bruken av aktiv sjukmelding med 40 prosent.

Året etter vart bremsene sett på.

- Ordninga viste seg å vere svært lukrativ for arbeidsgjevarane, men spørsmålet var om føresetnadene for bruken, sett frå arbeidstakarane si side, vart oppfylt, seier Utvær.

Ingen vikarar

“Det føles lite OK å ikke være i form, men synes en må på arbeid, for elles blir det for mye på de andre.”

Sitatet er henta frå rapporten, og peiker på eit alvorleg problem mange sjukmeldte kjente på: Det vart i liten grad leigd inn vikarar for å dekke opp for dei, og det førte til at om lag sju av ti utførte dei same arbeidsoppgåvene som dei gjorde då dei var i ordinær jobb.

Lukrativ ordning

- Dette var lovleg på det tidspunkt undersøkinga vart utført (før 1. juli i fjor), men viser kor lukrativ ordninga har vore. Dette har mellom andre professor i ålmennmedisin, Steinar Westin, peikt på tidlegare, seier Støen.

Sjølve kjernen i IA-ordninga var at dialogen mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar skulle bli betre. Slik vart det ikkje.

- Eg fann inga skilnad i dialog mellom IA-verksemder og andre, seier Utvær.

Ho fann også at i 20 prosent av tilfella hadde ikkje arbeidsgjevaren sytt for å utarbeide ei skriftleg avtale, slik føresetnaden var.

Mislykka?

Undersøkinga avslørte ein skilnad mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar i synet på om vilkåra for aktiv sjukmelding vart oppfylte. Leiarane meinte at kriteria var fylt, medan dei sjukmeldte tilsette opplevde manglar her, og at ingen tok ansvar.

Britt Karin Støen Utvær vil likevel ikkje konkludere med at ordninga med aktiv sjukemelding har vore mislykka.

- Mange av dei som har nytta ordninga, har positive opplevingar med den, sjølv om føresetnadane ikkje har vore følgd, seier ho.

Etter at Rikstrygdeverket bremsa på bruken av aktiv sjukmelding, er det blitt slik at legen først skal vurdere gradert sjukmelding, som klart regulerer kor mykje den sjukmeldte skal arbeide.

Powered by Labrador CMS