Vil rasjonera med omega-3

Laksen treng fiskeolje i fôret for å få nok omega-3, men tilgangen på verdsbasis er konstant. Skal oppdrettsnæringa veksa vidare, må ein rasjonera med råvarene.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Prosjekt: Omega 3-feittsyrer til atlantisk laks – kor lite er nok?

Målsetjing: Fastsette minimumsnivået for fiskeolje (målt som EPA og DHA) i vekstfôr til laks for å sikra god vekst, fôrutnytting, kvalitet og helse.

Prosjektansvarleg: Skretting Aquaculture Research Center.

Prosjektpartnarar: Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES) og Nofima.

Varigheit: 2012-2013.

Regionalt forskingsfond Vestlandet stør forskinga med 1 443 000 kroner.

Verdsproduksjonen av fiskeolje er regulert av fiskekvotar og har vore nokså konstant dei siste tjue åra.

Gjennomsnittleg årsproduksjon har lege på rundt 1,2 millionar tonn – og kan ikkje ventast å stiga framover.

For akvakulturnæringa er dette ei stor utfordring. Fiskeolje inneheld feittsyrer som er heilt livsnødvendige for fisken – lange, fleirumetta syrer som vi kjenner som marint omega-3.

Til liks med oss menneskje, er ikkje fisken i stand til å halda seg med desse syrene sjølv.

Så korleis skal ein få produsert meir fisk når tilgangen på eit heilt nødvendig råstoff ikkje aukar?

- Det er klart at dette er eit kritisk spørsmål for næringa, og det opplagte svaret er jo å leita etter meir effektive måtar å bruka fiskeoljen på, seier Grethe Rosenlund.

Grethe Rosenlund hos Skretting prøvar å finna ut kor mykje omega-3 laksen eigentleg treng for å halda seg ved helsa. (Foto: Jan Inge Haga)

Ho er seniorforskar hos Skretting, ein av verdas største produsentar av fiskefôr, og leiar for eit prosjekt som skal kartleggja kva behov den atlantiske laksen faktisk har for fiskeolje. Forskinga er støtta av Regionalt forskingsfond Vestlandet.

- Vi prøver rett og slett å finna ut kor lite omega-3-feittsyrer i vekstfôr til laks som er nok for å oppretthalda god vekst, kvalitet og fiskehelse, seier ho.

Frå kort til lang

Sentralt i forskinga står dei to lange omega-3-feittsyrene EPA og DHA.

- Vi har spurt oss om eit fôr med 10 prosent fiskemjøl – som inneheld EPA og DHA – og berre planteolje tilsett, vil dekke behovet for essensielle omega-3-feittsyrer, seier Rosenlund.

Sidan fisken i utgangspunktet har eit lager av fleirumetta feittsyrer i kroppen, går forsøka over lang tid.

- Vi har fôra laksen med graderte mengder marint omega-3 frå den var 150 gram til ein storleik på tre kilo. Og det tok lang tid, om lag seks månader, før vi såg den fulle effekten i feittsyresamansettinga i fisken, seier seniorforskaren.

Ho karakteriserar resultata som positive:

- Med eit fôr med ti prosent fiskemjøl og berre planteolje tilsett, målte vi ein DHA-retensjon på 200 prosent. Det betyr at for kvart gram DHA i fôret, fekk vi to gram DHA i laksen.

Med andre ord: Laksen har det biologiske apparatet som skal til for å omdanna korte feittsyrer frå planteolje til lange, marine omega-3-feittsyrer. For EPA òg viste forsøka ein retensjon på over 100 prosent.

- Resultata våre viser òg at denne omdanningsprosessen vert meir effektiv når nivået av marint omega-3 i fôret er lågt, seier Rosenlund.

Sidan temperaturen til laksen vekslar med omgjevnadene, er forsøka i prosjektet gjennomført ved både seks og 12 grader. Så langt ser feittsyreprofilen ut til å vera uavhengig av temperatur.

Ingen teikn til sjukdom

Prosjektet gjennomfører òg ei rekkje analysar knytt til fiskehelse og funksjon av ulike organ.

- Foreløpige resultat viser ingen mangelsymptom eller negative helseeffektar som følgje av dei nivåa av marint omega-3 som er brukt i dette prosjektet, seier Rosenlund.

Ho fortel at det er observert ein svak nedgang i vekst i enkelte populasjonar, men førebels er det for tidleg å seia om dette er knytt til omega-3, til innhaldet av andre komponentar, eller om avvika i det heile er signifikante.

- Det står att mange analysar før vi kan trekkja endelege konklusjonar, seier ho.

Powered by Labrador CMS