Kampen for torsketilværet

Om sjansen for å vinna førstepremien i lotto kan verka liten   - 1 til 5,4 millionar - er det ingenting samanlikna med dei dårlege oddsa ei torskelarve kjempar mot.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Torskeyngelen lever eit farleg liv (Foto: Havforskningsinstituttet).

– Det er nesten fem gonger så vanskeleg for ei fiskelarve å overleva som det er for eit menneske å vinna toppgevinsten i lotto, fortel forskar Harald Gjøsæter ved Havforskingsinstituttet.

Sjansen for at ein torsk i egget når gytemoden alder kan vera så liten som 1 til 25 millionar. Risikoen for å stryka med er spesielt stor dei første vekene og månadene av torsken sitt liv.

– Torsken kompenserer for den høge risikoen med å gyta store mengder egg. Ei stor ho kan gjerne gyta fem millionar egg kvart år. Unngår ho trål og garn og andre dødsårsaker, så kan eggproduksjonen nå 50 millionar egg i torsken si levetid, fortel Harald Gjøsæter.

Det er nok at to av desse egga overlever til vaksen alder for å halda bestanden stabil.

Eit forskingsparadoks

Lofoten og Vesterålen er den viktigaste gyteplassen for torskebestanden i Barentshavet. Det er hovudargumentet for at Havforskingsinstituttet rår frå oljeutvinning akkurat her.

Forskarane på instituttet har gjort fleire risikoanalysar for området. Dei har anslått at mellom 0 og 100 prosent av ein årsklasse kan døy som resultat av eit oljeutslepp. Særs lite presist, hevdar kritiske røyster.

– Det kan synast som eit paradoks, men det er nettopp den omfattande kunnskapen vi har om dødsraten i fiskebestandane som gjer at vi ikkje kan talfesta konsekvensane med større presisjon, seier Gjøsæter.

Kjem eit oljeutslepp på toppen av dei allereie tøffe oppvekstvilkåra til torskeyngelen kan det – om olja råkar akkurat den prosentdelen som elles ville klart seg det året – i verste fall bety slutten for eit heilt kull.

Kjem utsleppet ein annan stad treng det ikkje ha noko å seia for overlevinga til denne årsklassen i det heile.

God og dårleg timing

– Eit scenario der dei fleste larvene som overlever eit år er samla på eit avgrensa område over eit avgrensa tidsrom er korkje umogleg eller usannsynleg, seier Gjøsæter.

Han viser vidare til nyare forsking som syner at endringar i vekst og modning gjer torsken enno meir utsett for følgjene av eit eventuelt utslepp. Stort fiskepress over lang tid kombinert med høgare temperatur fører til at torsken veks hurtigare og vert tidlegare kjønnsmoden.

Sidan det er egga frå dei store, gamle hoene som har størst sjanse til å overleva, så gjer denne utviklinga bestanden meir sårbar for ytre påverknad.

For ei larve handlar det om timing, god timing for dei som overlever og dårleg for dei som døyr.

Enkelt forklart så er det under normale omstende to grunnar til at larvene døyr: Dei endar opp som mat for andre eller dei svelt i hel, forklarar Gjøsæter. Oljeforureining eller annan ytre påverknad vil koma i tillegg.

Om larvene ”et eller blir eten” er avhengig av kor mykje mat og kor mange fiendar som omgjev dei. Dette endrar seg frå eit tidspunkt til eit anna og frå stad til stad, og frå år til år. Ein god årsklasse kan vera 20 gonger sterkare enn ein svak.

– Berre dei få larvene som hamnar på rett stad til rett tid overlever. Neste dag, neste veke, neste år vil vilkåra for å overleva vera heilt annleis fordelt i tid og rom, forklarar Gjøsæter.

Powered by Labrador CMS