Saken er produsert og finansiert av NIFES - Les mer

Oppdrettsfluger til oppdrettsfisk

Mjøl som er laga av insekt, kan bli ein viktig del av kosten til oppdrettslaks.
23.6 2014 05:00


Svarte soldatfluger vert tørka, sentrifugert og male opp til mjøl i ein oppdrettsfabrikk i Nederland.

I tillegg til at insektmjøl brukast i fôret, kan det også bidra til ein meir berekraftig produksjon, meiner forskarar hos Nifes. 

Insektsmjølet kan erstatte fiskemjøl, som har vore ein viktig ingrediens i oppdrettsfôret til no, men som har blitt ein stadig knappare ressurs.

Rikt på protein

– Det er svært proteinrikt, og samansetjinga av aminosyrer liknar på dei vi finn i fiskemjøl, seier forskar Erik-Jan Lock ved Nifes.

Insektmjølet kjem frå ein fabrikk i Nederland som dyrkar insekt i stor skala. I studien til Nifes er det brukt mjøl frå svarte soldatfluger (Hermetia illusens).  Flugene blir tørka, sentrifugerte og male opp til mjøl.

– Mange vil tenke på insekt som lite delikat. Men insekt og insektlarver er ein viktig del av dietten til villfisken. Insektmjølet er derfor noko av det mest naturlege vi kan ha i fôret, seier Lock.

Stor miljøgevinst

Han peikar dessutan på at bruk av insektmjøl kan gi ein stor miljøgevinst.

– Insekt kan omdanne alle slag organisk materiale, for eksempel matrestar. I dag blir tjue prosent av all mat kasta. Dette kan i staden bli ein berekraftig ressurs i produksjon av fiskefôr.

– Globalt kan insektmjøl basert på organisk avfall gi tre gonger så mykje protein som den samla produksjonen av soya gir i dag. Potensialet er med andre ord stort, seier Lock.

Han får støtte frå forskingsdirektør Bente Torstensen ved Nifes.

– Insektmjøl inneheld alle aminosyrene laksen har behov for. Insekt kan omdanne karbohydrat, til dømes frå matavfall, til næringsstoff som fisken treng og i ei form han kan nytte seg av, seier Torstensen.

Ho understrekar samstundes at ei grundig kartlegging av eventuell risiko høyrer med til forskingsarbeidet framover. I organisk avfall kan det vere miljøgifter og andre uønskte stoff.

– Vi må ha kunnskap om kva stoff det kan vere snakk om og i kva mengder, for å sikre at fiskefôret basert på insekt er trygt for fisk og forbrukar, seier Torstensen.

Smaken intakt

Næringsstoffa i fôret kan kome frå fiskeolje og fiskemjøl eller råvarer frå planter som soya, mais og raps.

I dag har tilgangen på ressursar frå havet for lengst nådd taket, medan oppdrettsnæringa held fram med å vekse.

Raskt aukande etterspurnad etter fiskeolje og fiskemjøl har ført til at produsentane av fôr kompenserer med planteråvarer som rapsolje og soyaprotein.

Planteråvarer kan erstatte ein stor del av dei marine ingrediensane i fôret, men fører samstundes til nye utfordringar for fiskehelsa og endringar i næringsinnhaldet i fisken.

Nifes-forskarane trur at ein overgang til bruk av insektmjøl framstilt av insektlarver kan dekke fullt ut fiskens behov for protein og aminosyrer.


Insekt er ein naturleg del av dietten til villfisken, difor er insektmjøl noko av det mest naturlege vi kan ha i fiskefôret, meiner forskar Erik-Jan Lock.

– Forsøk vi har gjort, viser at insektprotein kan erstatte opptil hundre prosent av fiskeprotein i dietten til laks utan å påverke negativt vekst eller smak på laksefileten, seier Lock.

I Nederland er det alt ein betydeleg produksjon av insektmjøl som blir brukt som dyrefôr. Insektmjøl inneheld ikkje berre protein, men også feittsyrer med gunstige helseeffektar for dyr generelt.

– Desse effektane gjeld også fisk, seier Lock.

Første forsøk på laks

Bruk av insekt som fôr i akvakultur er ikkje nytt, og nokre vitskapelege forsøk er tidlegare gjort på mellom anna tilapia og regnbogeaure. Men insektmjøl er aldri tatt i bruk i større skala.

Forsøket som er gjennomført på Nifes, er det første som er gjort på laks.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Emneord