Knekkjer eggegåta til blåkveita

Ein vektauke så liten som ein promille, kan senda eit blåkveiteegg 100 meter oppover i vassøyla.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Blåkveiteegg i tettleikskolonne: Celleklumpen er tyngst slik at egga snur seg med celleklumpen ned. Egga ligg samla av di dei kjem frå same hofisk. (Foto: Jan Henrik Simonsen, Havforskingsinstituttet)

– Eit fire millimeter stort blåkveiteegg har ei vekt på beskjedne 0,033 gram, men er likevel blant gigantane i fiskeeggverda. Eit torskeegg veg ca. ein tjuandepart av blåkveiteegget, fortel forskar Petter Fossum.

Han og kollegaer på Havforskingsinstituttet har nyleg funne eigenvekta på blåkveiteegg. Eigenvekta bestemmer flyteevna (oppdrifta) til egget; det vil seia kor egget plasserer seg i vassøyla. 

Egg i kolonne

Det er ikkje, som ein kanskje vil tru, berre å leggja eit fiskeegg på vekta og vips så kan ein lesa av eigenvekta. Vekta varierer etter kvart som egget går over i nye stadium.

I tillegg er det slik at straks egget er ute av vatnet, så vert dei kjemiske prosessane forstyrra. Det påverkar både volumet og vekta til egget.

Målinga skjer i såkalla tettleikskolonnar. Metoden går – enkelt fortald – ut på å plassera fiskeegga i eit stort reagensrøyr med ulike typar vatn: Det lettaste vatnet ligg øvst og tungtvatnet på botn.

Fiskeegga vert plasserte i røyret med stor varsemd og søkkjer til «sitt» djup.

To månaders klekkjetid

Metoden gjer det mulig for forskarane å registrera korleis egget flyt oppover og nedover i vassøyla, det som på forskarspråket heiter vertikal fordeling, etter kvart som det utviklar seg.

Ein veit ganske mykje om flyteevna til torskeegg. Dei kan flyta heilt opp i dei øvste vasslaga for så å bli blanda nedover igjen av vind og bølgjer.

Blåkveiteegg som omgir ei glaskule med kjent eigenvekt. Glaskula blir brukt til å berekne salthadigheitsgradienten i kolonna. (Foto: Jan Henrik Simonsen, Havforskingsinstituttet)

– Egga frå blåkveita er ikkje i like stor grad påverka av vêr og vind, og vil liggja meir stabilt i vassøyla. Men blåkveiteegga har klekkjetid på heile to månader, og på denne tida varierer dei, som alle fiskeegg, litt i vekt.

– Sjølv ei minimal vektendring kan ha stor innverknad på flyteevna, forklarar Fossum.  

Milepåle om bord

Blåkveite-forsøket vart gjort om bord på forskingsskipet «G.O. Sars».

Forskarane leita først etter blåkveiteegg i havet. Til å hjelpa seg hadde dei eit finmaska håv, som vanlegvis vert brukt til å samla inn plankton. Men sjølv om forskarane saumfór over 75 000 kubikkmeter vatn, så fann dei berre to egg; eitt på 150 meters djup og eit på 575 meter.

Botntrålinga ga betre resultat. Forskarane fanga ei gytemoden blåkveite vest for Bjørnøya. Dei klarte å befrukta store mengder egg, som så vart plasserte i  tettleikskolonnar.

– Desse egga målte i underkant av fire millimeter. Morfisken var ikkje større enn 60 centimeter, og truleg førstegangsgytande. Dei to egga vi fann i det fri var høvesvis 4,2 og 4,4 millimeter store.

– Vi treng å gjera fleire målingar med egg frå større fisk for å få meir robuste tal, men det er uansett ein milepåle at vi har funne eigenvekta på eit blåkveiteegg. Det har ikkje vore gjort i tettleikskolonne tidlegare, seier Fossum.     

Ulik eggstrategi

Ute i havet kan mykje gå gale under gyting og før egga vert til vaksen fisk. Frå år til år kan det variera stort kor mykje egg og larver som klarar seg. Kor mange som overlever betyr svært mykje for storleiken på fiskebestanden.

Forskarane kjenner ikkje alle årsakene til at rekrutteringa svingar slik; men havklima og tilgangen på dyreplankton er avgjerande faktorar.

Forskjellige fiskeartar har heilt ulik rekrutteringsstrategi. Dei fleste kommersielle artane i norske farvatn gyt bittesmå egg fritt i vassmassane.

– Andre, som til dømes hai, føder små kopiar av seg sjølv eller gyter kjempestore egg med ei miniutgåve av seg sjølve inni. Nokre artar passar nøye på egg og larver, andre gyter egga fritt i vassmassane og ferdig med det.

– Det kan synast tilfeldig, men evolusjonen har fått virka på dei ulike artane slik at rekrutteringsstrategien er nøye tilpassa miljøet, forklarar Fossum.

Ei blåkveite kan leva i over 30 år og gyt eit par hundretusen egg årleg. Til samanlikning gyter torsken fleire millionar egg i året, og inntil 50 millionar egg i si levetid. Per tusen egg er det betre overleving hos blåkveita enn hos torsken.

– Eitt av ein millionar torskeegg blir til vaksen torsk. Blåkveita satsar meir per egg og får større utteljing, seier Fossum.

Sentral kunnskap 

Forskningsprosjektet gjer opp status for dei kommersielle fiskebestandane på sokkelen utanfor Lofoten og Vesterålen. Mellom anna undersøkjer forskarane korleis egg, larver, yngel og ungfisk fordeler seg og vert transporterte rundt i dette området.  

– Når vi brukar modellar som bereknar korleis egga vert spreidde med havstraumane, treng vi å vita akkurat kva djup egga frå dei ulike artane legg seg i.

– Desse modellane er heilt sentrale verkty til dømes ved eit oljeutslepp, og gjer at vi langt på veg kan svara på om og eventuelt i kva grad egg og yngel vert råka av utsleppet, forklarar Petter Fossum.

Powered by Labrador CMS