– Europa må satsa på vaksne

– Skal Europa vera konkurransedyktig må det satsast på opplæring og etterutdanning av vaksne, seier Bjørn Tore Kjellemo, utdanningsråd ved Noreg sin delegasjon til EU i Brussel.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– EU utviklar felles rammeverk for å bygga tillit mellom utdanningssystema i dei ulike landa, seier Bjørn Tore Kjellemo, utdanningsråd ved Noreg sin delegasjon til EU i Brussel.

– Bakgrunnen for mykje av det som skjer i Europa innan utdanningspolitikken er knytt opp mot Lisboa-strategien frå år 2000, der EU sette som mål at Europa skal vera den mest konkurransedyktige kunnskapsbaserte økonomien i verda, seier Kjellemo.

Han fortel at utdanning er høgt på agendaen i EU-systemet for tida, og særleg er det fokus på vaksenopplæring og på utviklinga av eit rammeverk for vurdering av yrkesfagleg kunnskap: European Credit system for Vocational Education and Training (ECVET).

Læra å læra

– Endringstakten i samfunnet i dag er svært rask, noko som gjer at konkret kunnskap fort blir utdatert. Europa utdannar no dei som framleis er yrkesaktive om femti år.

Dette er inga enkel oppgåve, trur Kjellemo.

– Eit omgrep som blir mykje brukt er ”learning to learn”. Ein skal først og fremst læra å tileigna seg ny kunnskap, og slik utvikla ein plattform som også inkluderer det interkulturelle og sosiale.

Slik vert det lettare å omstilla seg i ulike fasar i livet, der ein gjerne må omskolera seg og ta til seg ny kunnskap.

Europeisk verktøykasse

EU jobbar også for at det skal bli lettare for arbeidstakarar å flytta over landegrensene i Europa, for å imøtekomma behovet for arbeidskraft og ikkje minst motarbeida arbeidsløyse, ved å utvikla felles referanserammer.

– Eit forslag til ECVET-rammeverk for yrkesfag er no lagt fram av Europakommisjonen, fortel Kjellemo.

Dette skal bli ein del av ei ”verktøykasse” som skal gjera europeiske utdanningar meir forståelege for kvarandre, og slik gjera det lettare å tilsetja arbeidstakarar frå andre land, opplyser utdanningsråden.

Andre verktøy er Europass og ECTS-systemet for høgare utdanning.

– Det tek tid før ECVET-rammeverket for yrkesfag vert godkjent. Først skal saka gjennom Rådet og Europaparlamentet, slik at landa kan foreslå endringar, seier Kjellemo.

Så skal dette rammeverket eventuelt setjast ut i praksis.

– EU utviklar felles rammeverk og kjem med anbefalingar til utdanningspolitikk, men landa si deltaking er frivillig.

– Reint konkret har nok utdanningsprogramma til EU ei viktig rolle. Dei dekkar aldersspennet tre til 80 år, og mange program har ein slags pilot-funksjon i høve til rammeverka, seier Kjellemo.

Sosial mobilitet

Kjellemo trur også at utdanningspolitikken er viktig for å jamna ut gapet mellom sosiale lag i europeiske land.

– I dag er det om lag 80 millionar innbyggjarar i Europa som har det ein definerer som låge formelle kvalifikasjonar. Samstundes krev nye typar jobbar stadig meir utdanning.

Dette kan gje store sosiale skilnader, og utdanning er difor eit viktig verktøy ikkje berre for geografisk, men også for sosial mobilitet.

Lenker:

Les meir om Noreg sitt tilhøve til EU sin utdanningspolitikk.

Les meir om EU sine utdanningsprogram.

Powered by Labrador CMS