Libanon vil førebu seg betre på kriser

Etter jordskjelvet på Haiti i 2010 vil fleire land førebyggje kriser. I Libanon har styresmaktene fått råd frå Noreg om krisehandtering.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Flyktninghjelpa har til no hjelpt over 70 000 av dei syriske flyktningane som har teke seg over grensa til Bekaa-dalen i Libanon. Her besøker Jan Egeland eit skuleprosjekt der. Foto: Flyktninghjelpen/Ken Opprann

Libanon er eit land med mange potensielle kriser, både jordskjelv og andre naturkatastrofar, og krig, som kan spreie seg frå nabolandet Syria.

Dei same grupperingane som slåst i Syria, bur i Libanon òg, og der har det vore kampar mellom dei i lengre tid. Med Israel som nabo i sør og Syria som nabo i nord og aust har landet ekstra store utfordringar, fortel Odd Einar Olsen.

Ifølgje professoren ved Universitetet i Stavanger er det libanesiske samfunnet snart på brestepunktet.

Landet har litt over fire millionar innbyggjarar, og det har strøymt inn over ein million syriske flyktningar på toppen av fleire hundre tusen palestinske flyktningar som har budd i Libanon i fleire tiår. Ifølgje Amnesty International er kvar fjerde person i Libanon no ein syrisk flyktning.

– Nokre av dei største utfordringane for Libanon er flyktningstraumane, i tillegg til faren for jordskjelv og andre naturhendingar. Dersom eit jordskjelv skulle ramme, noko det er stor fare for, vil hus og bygningar rase saman på kort tid, fortel Olsen.

Han jobbar mykje med Disaster Risk Reduction - teoriar og metodar som kan minske faren for katastrofar. Det er eit fagområde som er blitt aktuelt etter fleire store øydeleggingar på grunn av stormar og flaum mange stader i verda

– Særleg etter jordskjelvet på Haiti i 2010, der mellom to og tre hundre tusen menneske blei drepne, har FN og private og frivillige organisasjonar blitt endå meir opptekne av korleis ein kan bli betre til å forhindre kriser ved å vere betre førebudd. Det er det dei no prøver på i Libanon, seier Olsen.

Frå januar til juni i år jobba han som rådgjevar for styresmaktene i Libanon. Der delte han kunnskapen sin om korleis landet kan bli betre til å førebyggje og handtere kriser.

I tillegg til å undervise i og forske på beredskap og krisehandtering har Odd Einar Olsen i fleire år reist til ulike kriseramma område for å jobbe for Flyktninghjelpa og FN. Han er med i beredskapsstyrken til Flyktninghjelpa og har arbeidd med handtering av kriser i land som Somalia og Sierra Leone. 

Ikkje rusta for jordskjelv

– Det er ein balansekunst å få til eit godt samarbeid i Libanon, seier professor Odd Einar Olsen. Foto: Morten Berentsen

I Libanon jobba Olsen mellom anna med å utvikle planar og tiltak som skal gjere det mogleg å jobbe med beredskap og førebygging av kriser på lokalt plan etter at eit nytt lovverk som skal styrkje beredskapen, nyleg blei vedteke.

– I Beirut er det til dømes bygd høge blokker som ingen kjenner den tekniske kvaliteten på. Bygningane er ikkje rusta for å tole jordskjelv, og det er ingen som blir stilte til ansvar når bygningane raser og dødstala stig, seier Olsen.

Manglande oppfølging av lovverk og ansvarsfordeling gjer det vanskeleg å jobbe med beredskap i landet.

I tillegg til dårleg bygningsmasse, stor sosial uro i områda rundt og ein sterkt sentralisert stat der kommunar og lokalsamfunn ikkje har ressursar, er det ei utfordring at det er 18 ulike religiøse grupper som skal styre. Heile statsapparatet er bygd opp slik at dei ulike gruppene skal balansere kvarandre.

– Situasjonen i Libanon er veldig kompleks. Det er ein balansekunst å få til eit godt samarbeid mellom ulike delar av det libanesiske samfunnet, seier Olsen, som samstundes roser landet for å satse på førebygging når forholda er som dei er.

– Eit skjørt samarbeid mellom gruppene i utgangspunktet gjer det endå verre å samarbeide når ei krise skjer. Men det er eit viktig steg vidare for landet at styresmaktene vil satse på førebygging, seier Olsen.

Byggar opp kapasiteten

Generalsekretær i Flyktninghjelpa Jan Egeland er einig i at private og frivillige organisasjonar har satsa endå meir på førebygging dei siste åra. Han rosar Libanon for å ta i mot opp mot ein million syriske flyktningar.

– Libanon har enorme utfordringar, men vi ser samstundes at landet har vilje til å arbeide med oss for å kunne gjere eit godt førebyggjande arbeid. Arbeidet med å etablere ein god førebyggingspolitikk er sterkt forankra i Libanon si politiske leiing, sjølv om leiing er splitta, seier Egeland, som fortel at dei no jobbar med å byggje opp kapasiteten på feltet, mellom anna ved at UiS-professor Odd Einar Olsen blei utlånt til FN frå Flyktninghjelpa.

– Landet har mykje erfaring med krisehandtering på det politiske nivå, der det typisk dreier seg om å forhindre at politiske kriser utviklar seg til valdeleg konflikt. Dei siste åra har Libanon satsa på å byggje opp eit system for å førebyggje kriser og konflikt, seier Egeland.

Svakt statsapparat

Jan Egeland. (Foto: NUPI)

– Det er ikkje tvil om at også i Libanon kjem det førebyggjande arbeidet i skuggen av dei meir akutte problemstillingane. Slik som den enorme flyktningstraumen frå Syria. Då er det vanskeleg å byggje opp og halde på eit politisk momentum for å jobbe med førebygging, seier generalsekretæren.

Ifølgje han har Libanon eit svakt statsapparat som ofte blir handlingslamma på grunn av rivalisering og konflikt.

– I det svært spente og politiske klimaet i Libanon dei seinare åra, har det vore svært vanskeleg å få til eit minimun av konsensus for å kunne yte effektivt i store nasjonale spørsmål. Handteringa av flyktningstraumen frå Syria er eit slikt døme.

– Men styresmaktene har klart å halde grensene opne og dermed sørgja for eit minimum av beskyttelse for hundretusenvis av menneske på flukt. Det skal landet ha ros for. Det er ei enorm bragd samanlikna med kva land i Europa har gjort for å dele på byrdene frå den største flyktningkrisa i vår tid, seier Egeland.

Førebygging lønar seg

Sjølv om bistandsorganisasjonar har jobba med førebyggjande tiltak i fleire tiår, har tiltaka ikkje blitt klassifisert som førebygging på same måte som i dag.

– Førebygging handlar om å byggje opp motstandsdyktige lokalsamfunn og motstandsdyktige statsapparat. Det har vore på utviklingsagendaen i fleire tiår. Men naturkatastrofar som tsunamien i Det indiske hav i 2004 og jordskjelvet på Haiti i 2010, har heilt klart vore med å auke satsinga på førebygging, seier Egeland.

Ifølgje Verdsbanken vil du for kvar krone du investerer i førebygging kunne spare seks kroner på unngåtte økonomiske tap og kostnader til å byggje opp igjen. I tillegg kjem sjølvsagt dei menneskeliva du sparer. Men mange kriseramma land har ikkje moglegheit til å satse nok på førebygging.

– Det er ikkje tvil om at førebygging løner seg. Likevel er det mykje vanskelegare å skaffe pengar til å førebyggje katastrofar enn når krisa har skjedd. Og det set i neste omgang grenser for kor mykje førebygging som kan gjerast av frivillige organisasjonar, seier Egeland.

Powered by Labrador CMS