Lærarar passive til diskriminering

Barn og unge i Noreg opplever etnisk diskriminering. I skulen er lærarar i mange tilfelle passive til etnisk diskriminering mellom elevar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: sxc)

Tilrådingar

Rapporten “Kunnskapsstatus (1990-2010). Forskning om etnisk diskriminering av barn og unge” munnar ut i tilrådingar om meir forsking og forskingsbaserte tiltak. Nokre av råda er:

  • Klart definerte spørsmål om røynsler med etnisk diskriminering bør blir inkluderte i kvantitative undersøkingar retta mot barn og unge.
     
  • I forskinga om skule og barnevern treng vi meir kunnskap om korleis barn og unge sjølve opplever og forstår etnisk diskriminering, og om konsekvensar på individ- og samfunnsnivå av dei dokumenterte diskriminerande praksisane.
     
  • Vi treng forsking som kan utforske og analysere etnisk diskriminering av barn og unge i idrett og andre fritidsaktivitetar.
     
  • Det er mangel på kunnskap om gode tiltak og praksisar for å forebyggje og kjempe mot etnisk diskriminering av barn og unge.
     
  • Fleire internasjonale og komparative prosjekt vil kunne kaste lys over felt som det elles er lett å ikkje stille spørsmål ved, slik strukturelle praksisar ofte er.
     
  • Ein bør vere forsiktig med å gå ut frå at alle barn og unge med ein eller annan type minoritetsbakgrunn har røynsler med etnisk diskriminering, slik at ein ikkje tilskriv barn og unge tilhøyrsler og negative røynsler, eller medverkar til å forklare all motgang som utslag av etnisk diskriminering.

– Forskinga viser at både jenter og gutar i alle aldersgrupper blir utsette for, eller opplever at dei blir utsette for, etnisk diskriminering.

Det seier seniorforskar Marie Louise Seeberg ved Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA).

På oppdrag frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har ho gått gjennom forskingslitteraturen på fagfeltet.

Etnisk diskriminering er definert slik: Usakleg forskjellsbehandling på grunnlag av etnisk tilhøyrsle.

Diskriminering innanfor skule og barnevern er relativt godt dokumentert, medan diskriminering på andre arenaer, som fritidsaktivitetar for barn og unge, er mindre utforska.

Forskinga om skulen syner korleis lærarar i mange tilfelle held seg passive til etnisk diskriminering mellom elevar. Faren ved at vaksne autoritetar unngår i gripe inn, er at elevane kan oppfatte diskrimineringa som legitim.

– Vi kan forstå denne passiviteten som ei følgje av ein overordna ideologi om likskap, som gjer det vanskeleg for skulen å motarbeide etnisk diskriminering gjennom aktive og gode praksisar, utdjupar Seeberg.

– Men skulen er sjølv òg ein aktiv utøvar av indirekte diskriminering, både gjennom praksisane til enkelttilsette og gjennom systematisk forskjellsbehandling av elevar ut frå gruppetilhøyrsle.

Gjer stor skade

Sett under eitt syner forskingslitteraturen at sjølv tilsynelatande velmeinte, ubetydelege og nesten umerkelege handlingar kan gjere stor skade. For barn og unge i familiar med svake nettverk, kan verknadene vere særleg negative.

– Ei lang rekkje studiar peiker på samanhengar mellom ofte subtile, men hyppig gjentekne former for etniske diskriminering og tendensar til sjølvskading, aggresjon, internalisering av bilete av eigen mindreverd, etnisk segregering, sosial marginalisering og isolasjon med meir, seier Seeberg.

Meir sjølvsagt er det at grovare etnisk diskriminering i form av vald og trugslar gjer skade.

– For nokre kan frustrasjon byggje seg opp gjennom dei mange små opplevingane, ofte gjennom mange år, for så å bidra til at situasjonar der ungdom eller unge vaksne er involverte, eskalerer og kjem ut av kontroll, seier Seeberg.

Strukturell diskriminering

Marie Louise Seeberg. (Foto: Hussein Monfared, NOVA)

– Forskinga gjev mange døme på strukturell diskriminering. Mykje av denne diskrimineringa har òg openbare negative konsekvensar for det enkelte barn og på samfunnsnivå, fortel Seeberg.

Barn og unge kan oppleve å få rettane og moglegheitene sine innskrenka i forhold til andre gjennom veikskapar ved undervisninga, feildiagnostisering og anna usakleg forskjellsbehandling, eller oppleve vanskar med å bli innkalla til jobbintervju.

Dette fører med seg ein reell fare for at etniske minoritetar blir hengjande etter andre grupper i samfunnet, slik statistikken òg viser tendensar til.

Uklart kor mange

Kva omfang ulike former for etnisk diskriminering har, kva grupper som eventuelt er særleg utsette, og om eventuelle tiltak har nokon effekt, er mindre klart etter gjennomgangen, understrekar Seeberg.

– Det er òg mangel på forsking som tek føre seg barns og unges eigne røynsler med, og forståingar av, etnisk diskriminering, presiserer ho, og dette er perspektiv som er viktig å få fram.

Referanse:

Marie Louise Seeberg: Kunnskapsstatus (1990-2010). Forskning om etnisk diskriminering av barn og unge, NOVA Rapport 8/11.

Powered by Labrador CMS