Lesesvake kan vere reknesterke

Dårlege lesarar kan rekne bra, berre dei får ein blyant. Det å skrive ned reknestykket gjer oppgåveløysinga lettare. Den visuelle støtta er avgjerande for lesesvake elevar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I si doktoravhandling ville Elin Reikerås på Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger mellom anna finne svar på om det å lære seg å lese og det å lære seg å rekne, heng saman, og om dei som er svake i lesing også vil slite i matematikktimane.

Omfattande studie

Avhandlinga til Reikerås er basert på tre studie av 941 elevar i alderen åtte til 15 år. Elevane delte ho elevane inn i fire grupper: Elevar med låge prestasjonar i både matematikk og lesing, elevar med låge prestasjonar berre i matematikk, elevar med låge prestasjonar berre i lesing og elevar med normale prestasjonar i både lesing og matematikk.

Deretter blei prestasjonane deira testa gjennom ulike typar matematikkoppgåver.

- Dei fire oppgåvetypane som blei analyserte i avhandlinga var reknefakta, som 3+4=7, fleirtrinnsoppgåver, som 484+927=1411, tekstoppgåver og hovudrekning, seier Reikerås, som fann at testinga av dei ulike matematikkoppgåvene blant dei ulike elevgruppene gav fleire interessant svar.

Vrien hovudrekning

- Eg fann at nivået på leseferdigheiter ikkje har nokon innverknad på prestasjonane på reknefakta, verken for elevar med normale matematikkprestasjonar eller for matematikksvake elevar, seier Reikerås og held fram:

- Sjølv om elevane måtte lese for å løyse tekstoppgåvene, var matematikkferdigheiter viktigare enn leseferdigheiter for å klare og løyse dei, seier ho.

Når det gjaldt hovudrekningsoppgåvene, hadde leseferdigheiter mykje å seie for om elevane lykkast med oppgåveløysinga.

- Her hadde faktisk nivået på lesinga meir å seie enn nivået på rekninga. For dei lesesvake elevane var desse oppgåvene vanskelege, konstaterer Reikerås.

Visuell støtte viktig

- Den visuelle støtta er avgjerande for dei lesesvake elevane. Dei skriv ofte ned heile reknestykket, medan dei lesesterke berre skriv ned svaret. Ein blyant til å skrive ned reknestykket med, er til stor hjelp for dei lesesvake, som slit med det lydmessige, seier ho.

- Funna mine tyder på at rekning og lesing er to åtskilte prosessar. Dei som slit med å hente fram ord, treng ikkje å slite med tal og reknefakta, seier Reikerås.

Powered by Labrador CMS