Overarmsbein frå verdas største bjørn

Ein forhistorisk bjørn som levde for 500 000 til 2 millionar år sidan har vege omkring 1,6 tonn, og er med dette den største bjørnen som nokon sinne har levd på jorda.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskar Leopoldo Soibelzon viser her at overarmsbeinet til den forhistoriske bjørnen Arctotherium angustidens nærmar seg storleiken til overarmen hos ein moderne elefant. (Foto: Museo de la Plata)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Forskarane Leopoldo H. Soibelzon frå Argentina og Blaine W. Schubert frå USA har undersøkt skjelettrestar av den forhistoriske søramerikanske kortsnutebjørnen, som levde på den argentinske pampasen og sørlege Bolivia for omkring 500000 – 2 millionar år sidan.

Dei har komme fram til at skjelettrestane av den eine bjørnen, som vart oppbevart på museet i Buenos Aires, eingong var eit gigantisk eksemplar av arten som vog mellom 1 588 og 1 749 kilo.

Dette gjer han til den største bjørnen som nokon sinne har funnest på jorda - i alle fall som vi kjenner til i dag.

Sjå paleontolog Leopoldo Soibelzon vise fram storleiken på lårbeinet til A. angustidens i denne videoen (NB videoen er på spansk).

____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS