Saken er produsert og finansiert av Veterinærinstituttet - Les mer
Ulv alvorleg angripen av skabb med store hårlause område.

Ulv alvorleg angripen av skabb

Obduksjonen har stadfesta at ulven som blei avliva i Enebakk i januar, hadde skabb. Han var alvorleg angripen av sjukdommen og 40–50 prosent av kroppsoverflata mangla pels.

5.2 2016 13:09

Varmetapet i den sterke kulden har truleg vore stort, og dyret har lidd.

– Grovt sett kan vi seia at om lag halve kroppen var fri for pels. Det var eit trist syn, seier viltpatolog Turid Vikøren som obduserte ulven ved Veterinærinstituttet i samarbeid med rovdyransvarleg Knut Madslien.

Obduksjonen viste at ulven i tillegg var fullstendig avmagra. Skabbendringane i huda likna det vi ser ved skabb på rev, ved at halen var sterkt angripen med store skorpedanningar på huda ved halefestet.

Elles var bakre og nedre del av kroppen inkludert alle føtene affisert, men det var ikkje så store skorpedanningar som vi ofte ser på rev. Pelsen var stort sett intakt på hovudet og på fremre del av ryggen og brystet. Som ein fylgjetilstand hadde ulven infeksjon i huda med streptokokkar og stafylokokkar.


Mikroskopbilete av ein skabbmidd frå ulven.

Velkjent hjå raudrev

Skabb årsaka av midden Sarcoptes scabiei er velkjent hjå raudrev. På slutten av 1970-talet og på 1980-talet vart raudrevbestanden i Noreg kraftig redusert på grunn av denne sjukdommen. Skabb blir sporadisk påvist hjå ulv i Skandinavia, og dette er fyrste gong skabbmidden er påvist i ein norsk ulv.

Det var parasittolog Inger Sofie Hamnes som påviste skabbmidden i hudprøvar frå ulven.

– I mikroskop såg eg at det var rikeleg med liv mellom hudskorpene, og eg fekk fin biletdokumentasjon på dette, seier Hamnes.

Skabbmidd (Sarcoptes scabiei) i hudskorper frå ulven frå Enebakk. (Video: Inger Sofie Hamnes, Veterinærinstituttet)

Smitte ved direkte kontakt mellom dyr

Sarcoptes-midden er rund med korte føter og har piggar bakpå ryggen. Middane er små – dei vaksne er mellom 0,1 og 0,6 millimeter lange. Homidd grev gangar i overhuda der ho legg 1–3 egg per dag i opptil to månader.

Dette fører til irritasjon og betennelse, som igjen fører til intens kløe. Midd som fell av verten, vil under gunstige tilhøve (fuktig og kjølig) kunne overleva i opptil 2–3 veker, men i praksis overlever dei truleg berre nokre dagar.

Smitte av skabb mellom dyr skjer i hovudsak ved direkte kontakt mellom dyr, men kan også skje ved kadavereting, til dømes frå rev til ulv, eller ved indirekte kontakt med smitta materiale i miljøet.

Fleire funn


Ulven frå Enebakk hadde sterk slitasje av hjørnetenner og framtenner.

Obduksjonen avdekte også andre funn.

– Framtennene og hjørnetennene var godt slitne og den eine hjørnetanna, og ei av rovtennene hadde fått seg ein «knekk» bokstaveleg tala, seier Vikøren.

Elles hadde den nokre gamle ribbeinsbrot.

– Ja, ribbeinsbrot er ikkje uvanleg å finna hjå ulv, påpeiker Knut Madslien.

Han viser til ein kanadisk studie som synte at ribbeinsbrot var vanleg hjå ulv og særskild blant hannulvane. Mange har truleg blitt sparka i samband med jakt på store byttedyr, som til dømes elg. Veterinærinstituttet har påvist slike ribbeinsbrot hjå fleire norske ulvar tidlegare.

Veterinærinstituttet sende prøvar av ulven til Rovdata for DNA-analysar, og ifylgje Miljødirektoratet viser resultat av analysen at ulven var leiarhannen i Østmarka-reviret.

Veterinærane ser det som ei rett avgjerd at denne ulven vart avliva.

– Han var svært sjuk og svekt. Det var difor ikkje noko håp om at han kunne bli frisk.

Skabbmidd (Sarcoptes scabiei) frå ulven frå Enebakk. (Video: Inger Sofie Hamnes, Veterinærinstituttet)

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Emneord