Øystein A. Vangsnes' blogg

Buorit juovllat buohkaide!

25.12 2010 23:36


 

Dette stykket er nok mest for dei filologisk interesserte, men kanskje kan også andre finna noko av interesse. Eller rett og slett bli litt filologisk interesserte? Eller forresten: Er ikkje alle eigentleg litt filologisk interesserte?!

Som i norrønt er ordet jól nøytrum fleirtal i morderne islandsk og færøysk. Dei helsar kvarande altså «glade juler» om vi skulle gi oss på ei direkte grammatisk attgiving. I norsk, svensk og dansk har derimot ordet gått over til å bli eit hokjønnsord i eintal: ei jul – jula. Dette og ein god del anna skreiv eg om i denne romjulsbloggen for to år sidan.  

Den same grammatiske lagnaden som jól/jul har også nemninga på den andre store religiøse høgtida i vår del av verda. På islandsk er ordet páskar fleirtal hankjønn medan det hjå oss er blitt til eintall: Både nynorsk og bokmål tillet hankjønn såvel som hokjønn (altså en/ei påske). At desse nemningane skulle vera fleirtal, verkar vel ikkje urimeleg – det er jo trass alt snakk ei rekkje med dagar. Samtidig funkar det heilt greitt med eit eintallsord som hjå oss, for det er jo liksom ei «eining», ikkje sant? Som i mange andre samanhengar: Det finst ulike løysingar på ting.

Men sjølv om dei nordgermanske språka i Skandinavia ga opp det grammatiske fleirtalet i nemninga jul, er andre språk heimehøyrande i Skandinavia meir konservative: I samisk kjem ordet i fleirtal, og på nordsamisk heiter helsinga ‘god jul’ buorit juovllat, der endinga -t i begge ord er markøren for nominativ fleirtal. Sjølve «juleordet» er etter alt å dømma lånt inn frå nordisk, og ein kan ta dei grammatiske forholda som eit teikn på at det i så fall er lånt inn i alle fall før ordet gjekk over frå fleirtal til eintal i norsk og svensk.

Også dei andre finsk-ugriske grannespråka våre har det same juleordet som oss, og i estisk (eller estnisk om ein vil) er det til liks med i samisk fleirtal – «Head jõulud!» seier ein når ein vil ønskja god jul, og her er det -d som er fleirtalsmarkøren (eigentleg nett det same som på samisk). På finsk er derimot juleordet eintal (joulu) og helsinga kjem i partitiv eintal: Hyvää joulua!. Finsk har stått i eit lengre og tettare samband med svensk, og det er i så måte ikkje heilt utenkjeleg at det har følgt med på den skandinaviske grammatiske utviklinga av den grunn. Og faktisk er det grunn til å tru at ordet joulu reflekterer ei eldre skandinavisk fleirtalsform der u-en er den opprinnelege fleirtalsmarkøren i nordiske a-stammar i nøytrum – ja, den u-en som forårsaka u-omlyd i vekslingar som barn – bǫrn, vatn - vǫtn, glas – glǫs osv.

Men finsk har også eit anna ord, juhla, som truleg også er relatert til juleordet. Juhla tyder ‘fest, høgtid’ og er mest sannsynleg lånt inn tidlegare enn joulu og som då om muleg til og med viser sjølvaste den stammeklassifiserande a-vokalen! Altså, den som etter den nordiske synkopetida falt bort i denne klassen av nøytrumsord (slik som når urnordisk horna (sg.) vart til norrønt horn, jf. Gallehus-innskrifta).

Kan det likevel tenkjast at juleordet slett ikkje er lånt frå nordisk til samisk og austersjøfinsk, men tvert imot andre vegen frå desse språka og til nordisk? Ein ting som er spesielt med det nordiske juleordet, er at ein innanfor indo-europeiske språk ikkje finn noko sikkert korrelat for det ut over germansk (jf. Bjorvand og Lindemann 2000). Vidare veit vi at ‘jul’ (og tilsvarande) er nemninga på ei før-kristen skandinavisk feiring som fann stad på den mørkaste tida av året – midtvintersblot.

Også i forestellinga om oskoreia («åsgårdsreia») – eit fenomen som knyter seg til den mørkaste tida på året – finst det eit ord som kan knytast til samisk: Etymologar kan sjølvsagt fortelja at -rei (eldre –reið) kan relaterast til verbet ‘ri(da)’, men det ligg jo elles svært tett til det nordsamiske ordet ráidu som på norsk rett og slett blir kalla raide eller reinraide og som er eit følgje av sledar eller pulkar trekte av reinar.  I samisk folklore skal ein framleis halda orden rundt huset og passa på tinga ved juletider så ikkje Stállu sin museraide kjem forbi.  

Eg kan langt ifrå garantera at juleordet vårt er lånt inn frå finsk-ugrisk, men det får vera lov å kasta ut tanken. Viss dette ved nærmare studiar kan gjerast meir sannsynleg, må det nødvendigvis samtidig følgja med ei endra oppfatning av det fenno-skandinaviske kulturfellesskapet i eldre tider, og eit slikt endra syn er uansett på gang i den akademiske verda, m.a. med fleire UiT-forskarar i spissen.

Det viktigaste av alt er likevel at de alle må ha ei fortsatt god jul: Buorit juovllat buohkaide!

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Øystein A. Vangsnes' blogg