Vestlendinganes skjulte sjukdommer

Molekylære metodar gjer det mogleg å gjere nye eksperimentelle studier på gammalt materiale som har blitt systematisk samla inn sidan 1930.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Heilt nye forskningsresultat frå Gades institutt viser at kvinner på Vestlandet som hadde underlivskreft i 1930 hadde det same viruset som ein finn hjå pasientar med underlivskreft i dag.

Patologar og andre medisinarar er i startgropa med forsking på arkivert materiale. Vevs- og celleprøver frå nesten heile vestlandsbefolkninga frå 1930 og fram til i dag gjer det mogleg å forske på utvikling av sjukdom over mange generasjonar.

- Om vi hadde hatt høve kunne vi truleg kartlagt mange fleire arvelege sjukdommar blant vestlendingane, seier professor Ole Didrik Lærum, som forskar på arkivert materiale ved Gades institutt.

Nytt å forske på gammalt

At livmorhalskreft var utløyst av eit virus vart prova så seint som på 1990-talet, sjølv om ein vart merksam på det på 1970-talet. Det er første gong nokon går så langt tilbake i tid som til 1930-talet for å jamføre prøver frå pasientar med livmorhalskreft.

Forskargruppa ved Gades institutt har funne fram til dei eldste prøvene frå kvinnene ved å sjå i gamle, dels handskrivne protokollar.

  biobank

I vidaste forstand er ein biobank ei samling av humant biologisk materiale. Som regel vil ein kunne identifisere personen det stammar frå og samanhalde med andre helseopplysningar.

I biobanken kan ein finne både blod, serum, DNA, RNA og protein. Ettersom basesekvensane i DNA og RNA er komplementære til aminosyresekvensen i protein, kan kunnskap om strukturen til den eine av dei gje vesentleg informasjon om dei andre.

Berre i Noreg er det i dag oppbevart om lag 20 millioner parafinblokker med vev i tillegg til alle dei mikroskopiske snitta og cytologiske prøvane. Dette utgjer celler og vev frå meir enn ti millionar pasientar, frå foster til 100-åringar.

- Vi har undersøkt vevsprøver frå pasientar med underlivskreft kvart tiår frå 1930 og opptil i dag, og funne det same viruset hjå alle. Vi gjorde dette ved å isolere virus frå gamle prøver og samanlikna dei med dagens, for å sjå om same virusstamme er opphav til denne krefttypen.

- Det vi såg etter er altså om kreftsjukdommen har endra karakter på desse åra. Tidlegare forsking har vist at ein ikkje alltid finn dei same molekylære mønstra om ein jamfører over tid. Men her fann vi at det var nøyaktig likt over eit tidsrom på 70 år - sjølv om det ytre miljøet har endra seg mykje, fortel Lærum.

Forskningsprosjektet er eitt av dei første studia der ein tek i bruk gammalt materiale og studerer det med nye molekylære metodar.

- I tillegg til å påvise det same viruset, har vi også nytta prosjektet til å sjå på gode metoder for utvinning av DNA i gammalt prøvemateriale. Det kan vere eit problem å rekonstruere arvestoffet når det har lege lagra i opptil 70 år, seier forskar og overlege ved Haukeland Universitetssjukehus, Bjørn Bertelsen, som har tatt del i prosjektet.

Ti millioner DNA-profilar

I biobankane på Haukeland fins det om lag ti millioner celle- og vevsprøver frå vestlendingar i alle aldrar og av begge kjønn. Det er gjort eit nitid arbeid med systematisering sidan arkivet vart oppretta i 1930. Difor veit forskarane forløpet for kreftsjukdommen til desse kvinnene; kven som overlevde og kven som døydde - og alderen då prøva vart tatt. Fagområdet har det mystiske namnet eksperimentell arkivpatologi.

Med materiale frå biobanken kan forskarane stille diagnoser sju generasjoner tilbake. Ein kan med andre ord finne ut kva som feilte oldefar. Ulike infeksjonssjukdommar var den vanlegaste dødsårsaka på 1930-talet, men var det kanskje heller kreft eller hjerteinfarkt oldefar døydde av? Og kva var det til dømes som gjorde at tippoldemor døydde så ung?

Vestlendingens DNA

Der er arvestoff frå nesten heile vestlandsbefolkninga i arkivet. Tidlegare vart mange fleire obduserte, og så godt som alle kvinner er representerte gjennom at det rutinemessig blir teke celleprøver for å utelukka celleforandringar i livmorhalsen.

Lærum meiner Noreg har ein eineståande forskingssjanse med sine omfattande biobankar. Desse biobankane, eller helseregister, representerer nesten heile «det norske folkets arvestoff» og ligg slik ikkje langt etter det islandske genomprosjektet i 2001 der nesten alle islendingars DNA vart kartlagt. På Island sjekka ein forekomsten av ulike typar genfeil i befolkninga, og Lærum meiner at arkivet som blir administrert av Gades institutt er nesten like omfattande.

- Vi kunne finne ut mykje meir om vestlendingen med det lageret vi har av DNA, sjølv om noko av det kan vere nedbrote etter lang tids lagring, seier Lærum.

Kan forstå sjukdommar betre

Det er dei nye molekylære metodane som gjer biobankane kan utnyttast på ein heilt annan måte enn før. Med molekylær teknikk trengs det berre svært lite materiale. Materialet vert oppskalert, og ved hjelp av små cellemengder kan ein kartlegge heile arvestoffet, alle proteina og RNA. Delvis øydelagde prøver kan rekonstruerast dersom ein del av det er intakt. Slik kan ein stille retrospektive diagnoser, ein kan samanlikne sjukdommen før og no, og dei nye molekylærbiologiske og cellebiologiske analysene kan også føre til ein heilt annan klassifikasjon av sjukdommane.

- Vi kan kartlegge arvelege genfeil, miljøbetinga skader på celler og arvestoff og analysere ulike faktorar og forureiningar som pasienten har vore utsett for. Vidare kan vi sjå på risiko for å få kreft og andre sjukdommar, og stille hundrevis av diagnoser som ikkje var kjent den gongen pasienten levde, fortel Lærum.

- Derved kan vi få ein betre forståelse av forekomst av sjukdommar, korleis dei artar seg og ikkje minst om årsaksforhold. Det gjeld også arvelege sjukdommar der moderne genetisk forsking kan kaste lys over arv gjennom mange generasjonar.

Han har vore i patalogifaget sidan 1960-talet, og seier at det er først no med dei nye metodane at forskinga verkeleg kan ta av.

- Vi kan til dømes gjere oppfølgingsstudier av sjukdommar som magekreft. Vi kan sjå korleis vevet såg ut den gongen, kva kjenneteikner vevet til dei som overlevde. Vi kan gjere studier på nolevande familier som har ein eller annan form for sjukdom, og sjå kva gen som er øydelagt ved å jamføre gammalt materiale frå same familie. Internasjonalt er det interesse for funna til forskargruppa ved Gades institutt, og i slutten av månaden skal desse resultata leggjast fram på den årlege amerikanske kreftkonferansen.

Powered by Labrador CMS