Skriv!

25.8 2017 14:19

La elevane skriva! Dei treng ikkje kunne alle bokstavane først, for skriving er ein veg inn i bokstavlæringa, skriv førsteamanuensis Anne Håland ved Lesesenteret.

Anne Håland er førsteamanuensis ved Lesesenteret, Universitetet i Stavanger.

I desse dagar har mange nye 5- og 6-åringar sitt første møte med skulen. Eg håpar at dei får skriva! Og med skriving tenkjer eg ikkje berre på det å forma fine bokstavar, men å skriva noko som er viktig for dei. Det kan vera alle dei bokstavane dei kan, dei kan dikta si eiga forteljing med leikeskrift, laga si eiga bok, skriva ei liste av favorittsnopet, eller skriva oppskrift på eit tryllemiddel.

Men kvifor er det så viktig at nett desse små elevane startar med skriving? Dei fleste av barna har skrive før dei byrja på skulen. Mange av dei har etterlikna bokstavar og leikeskrive, andre har skrive namn på folk dei kjenner og nokre har skrive beskjedar til mor og far, gjerne når dei har vore sinna.

For mange av desse barna er det slik at det dei kan skriva, kan dei ikkje lesa, bortsett frå namn på personar som dei ofte kjenner igjen som heile ord.  Å la elevane skriva er difor å ta utgangspunkt i ein kompetanse dei allereie har brukt før dei byrja på skulen, om enn i noko ulik grad og med store variasjonar.

Forsking har dessutan vist at skriving er motoren i lese- og skriveopplæringa for dei elevane som enno ikkje har knekt lesekoden, altså dei som ikkje kan gjenkalla lyden til bokstavane. Det er difor viktig at elevane får skriva og bruka skrifta i meiningsfulle samanhengar når dei byrjar på skulen, også for å læra å lesa.

Heilt nye undersøkingar presentert på ein nordisk forskingskonferanse i vår, viste at mange av elevane som byrjar i 1. klasse kan svært mange bokstavar i alfabetet før dei byrjar på skulen, men dei færraste kan lesa tekstar. Forskingskonferansen rapporterte også at mange lærarar ikkje hadde lete elevane skriva den første hausten på første trinn, ofte med ei grunngjeving om at dei måtte læra bokstavane først.

Men det er ikkje nødvendig å kunne alle bokstavane før ein kan skriva! Gjennom skriving får elevane mange repetisjonar av koplingane mellom lyd og bokstav, og slike stadige repetisjonar styrkar også læringa av bokstavar. Skal ein læra bokstavane treng ein fleire repetisjonar der ein må kopla lyd og bokstav saman. Det er nett det ein gjer når ei skriv.

Så la elevane skriva!

Anne Håland er blant anna forfatter av boka "Skrivedidaktikk" (Universitetsforlaget, 2016),

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Språkløyper