Rikt år for samisk kunst

14.9 2017 08:49

Av Trude Fonneland og Marit Anne Hauan, Tromsø Museum - Universitetsmuseet

Den samiske kunsten bidreg til å opna augo våre for viktige prosessar og kampar i samtida; definisjonsmakt over eigen kultur, klimautfordringar, kampen for menneskeverd og rettar.

No i 2017 med feiringa av det samiske jubileet Tråante, som markerer 100 års kamp for demokrati, rettferd og mangfald, vel Tromsø Museum å løfte frem eit utval av John Andreas Savio sine bilete der folk er hovudmotivet. Me ynskjer å vise hans tilnærming både til folk som utøvar arbeidspraksisar, folk i leik og kjærleik og menneske i aktstudiar. Det var nettopp ynskjer om å vise verda samefolket, Savio uttrykte som si viktigaste oppgåve. Dette ynskjet samanfell med jubileet si målsetting, nemlig å formidle kunnskap om samane, samisk kultur og samisk historie i et 100-års perspektiv. I 1917, det året møtet i Trånte fann stad, var John Andreas Savio 15 år gamal og i same år teiknar han eit av sine fyrste sjølvportrettet. Me ser handa hans som held ein spegel som reflekterer eit ungt og sterkt andlet. Me ser ein ungdom som søkjer sin eigen identitet og også kanskje eit medvit om styrken i sitt eige samiske folk – eit folk som samlast for å kjempa for å få sine røyster og rettar høyrd.

Tromsø Museum har ei rik Savio samling som inneheld alt frå tresnitt, til linoleumssnitt, aktstudiar, teikningar, akvareller og oljemaleri, og som kaster lys over det kunstnariske mangfaldet i Savio si verksemd. Samlinga etter John Andreas Savio er høgst levende og gjenstand for stor merksemd og interesse frå mange hald snart 80 år etter hans død. Men då John Andreas Savio såg dagens lys i Bugøyfjord i 1902, fanst det ikkje noko ord for kunst på hans morsmål samisk. Ordet duodji dekka alle kreative aktivitetar. At Savio må ha vore ein talentfull duodjiar viser tresnitta hans, men hans arbeid representerer samtidig noko anna og noko som grip utover duodji.

Allereie tre år gamal vart John Andreas Savio foreldrelaus. Han vaks opp hjå velståande besteforeldre som var reineigarar og som drev butikk. Han viste tidlig kreativt og kunstnarisk talent, noko dei mange reinsdyra i bibelen til bestemora vitnar om. Barndomsheimen hjå besteforeldra i Bugøyfjord og miljøet der har gitt sterke impulsar til danning av hans kunstnarsinn.

«Venus av Molo»

Som 10-åring flytta han til Vardø for å starta på middelskule. Her skulte han mellom anna under Isak Saba. På grunn av utfordringar med helsa måtte middelskulen fullførast i Kvæfjord der klimaet var mildare. Seinare bar det vidare til Bodø der han prøvde seg på artium, men strauk til eksamen. Det vart difor bestemt at han skulle få flytta sørover for å fortsetja sine studiar og ta artium ved Ragna Nilsens privatskule i Kristiania.

Hovudstaden hadde mykje å tilby eit ungt kunstnarsinn og Savio fekk her mellom anna høve til å fylgja undervisning ved Statens handverks- og kunstindustriskole. Samtidig lengta Savio både heim og ut. Han reiste til Finnmark, til Tromsø, Lofoten og oppheldt seg ein lengre periode i Paris. Forteljingane om hans vaksne kunstnarliv kreitsar kring fattigdom, tuberkulose og fallbying av tresnitt.

Trass store utfordringar med helsa og trass ein særs vanskeleg økonomisk situasjon, så er humoren og livsgleda likevel sterkt nærverande i arbeida hans. Det ser ein i tittelen på arbeidet «Venus av Molo», som truleg spelar på den kjende Afroditestatua «Venus fra Milo». I Savio sitt bilete er det ei kvinne frå Bodø i badeutstyr som har fått status som Venus. Livsgleda kjem også sterkt til uttrykk i biletet «kjærlighet på pinne» som nok peikar ironisk på ei glede og søtsak som borna i desse bygdene ikkje hadde, men også på den verkelege gleda over at vårsola hadde fått så godt tak at det danna seg istappar som ein kunne suga på. Og ikkje minst i biletet «Hoppla vi lever»  som er eit sterkt uttrykk for livsglede med dansande skapningar i rytmisk fordeling over biletflata.

Av norske kunstnarar er det særleg Edvard Munch og Nikolai Astrup og deira grafiske arbeid som var løfta fram som inspirasjonskjelder for Savio. Dei var begge føregangsmenn innan tresnitt her til lands. Mens Munch i sine bileter var opptatt av menneske sitt kjensleliv, så var Nikolai Astrup oppteken av å formidla kultur og natur i heimbygda Jølster. I Savio sine tresnitt så skin inspirasjon frå begge desse gjennom, både i naturbileta frå heimtraktene og i bilete som uttrykkjer dei sterke kjenslene, som i biletet «Gádasvuohta/Sjalusi» og som i Ganda ja nieida».

Savio døydde i 1938, berre 36 år gamal, og i startfasen av sin kunstnariske karriere. Hans liv og virke kom likevel til å få grunnleggjande tyding for samisk kunst og identitet.  I løpet av sitt korte liv hadde han ein stor og allsidig produksjon som enno i dag gir mange ny innsikt, oppleving og inspirasjon.

Vår utstilling i 2017 skriv seg inn i som et av mange kunstprosjekt, i eit bemerkelsesverdig sterkt og rikt år for samisk kunst. Office of Contemporary Art (OCA) har gjort ein strålende innsats for å gjøre den internasjonale kunstverda kjent med samisk kunst og samiske kunstnarar. Documenta 14, som arrangerast både i Athen og Kassel, har i år vald å vise 6 samiske kunstnarar sitt arbeid. Britta Marrakatt Labba, Hans Ragnar Mathisen, Joar Nango, Synnøve Persen Máret Ánne Sara og avdøde Iver Jåks får her alle vise fram sin kunst på verdas største kunstutstilling med nær 1 million gjester. Dette representerer på mange måtar eit gjennombrot for samisk kunst.

Nordnorsk kunstmuseum (NNKM) har i år også hatt stor suksess med utstillinga There is no der samisk kunst, innkjøpt av RiddoDuottarMuseat over fleire tiår, har vorte vist fram i museet sine lokal i Tromsø. Nordnorsk kunstmuseum tok namnet Sámi Dáiddamusea i den perioden utstillinga vart vist som ein attributt til samisk kunst og som eit politisk argument for nettopp eit samisk kunstmuseum. Det er ekstra gledeleg at ein av dei sentrale kunstnarane i Sápmi Britta Marakatt Labba vart tildelt Savios kunstpris for 2017.

(Foto: Julia Brekmo.)

 

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Museumsviten