Lavrans Skuteruds blogg

Dynamiske reinsdyr: GPS og Tsjernobyl-konsekvensar

6.4 2017 09:26
Kontroll av radioaktivt cesium i reinsdyr blir gjort med ei 10 sekunds måling mellom bakføtene. (Foto: Torild A. Østmo, Mattilsynet)

Forskarar er godt opplærde i å fokusere på det vi ikkje veit – det er trass alt derfor vi skal få finansiering til neste prosjekt. Men vår fokus på alt vi ikkje veit gjer nok også at det er vanskeleg for meinigmann å vite kva dei skal tru på til dømes i diskusjonar om kva som er sunt, usunt og helsefarleg. Det er ein litt annan diskusjon, men eit poeng med mi sporadiske blogging er iallfall å få fram meir om det vi veit om radioaktiv forureining. Eit godt døme på det har vi i eit artig prosjekt under vårt Senter for radioaktivitet, mennesker og miljø (CERAD) – eit «senter for fremragende forsking» - som vi kallar «Dynamiske reinsdyr». Eigentleg ein meiningslaus tittel på eit prosjekt om desse fantastisk tilpassingsdyktige dyra, men det siktar til at prosjektet utviklar ein modell som simulerer dei svært «dynamiske» og varierande nivåa av radioaktivt cesium i desse dyra gjennom året.

Det har eigentleg vore godt kjent heilt sidan 1960/70-talet korleis radioaktivt cesium blir teke opp i reinsdyr, mens tiltak mot forureininga i reinen vart utvikla i Norge og Sverige i åra etter Tsjernobyl-ulykka. Framleis er det behov for kontroll og tiltak i reindrifta. Etter Tsjernobyl-ulykka var det likevel vanskeleg å bruke kunnskapen om opptak i reinsdyr til estimering av forureiningsnivå i rein, i og med at dei store beiteområda til reinen (gjerne godt over 1000 km2) med store lokale forskjellar i Tsjernobyl-forureininga (cesium-137). Dei siste åra har likevel moderne GPS-teknologi for beitedyr opna nye moglegheiter!

I samarbeid med NGU fekk vi i 2011 omsider gjort ei detaljert kartlegging av Tsjernobyl-forureininga i området Valdres – Ottadalen, bl.a. av beiteområdet til Vågå tamrein AS. Tamreinlaget har merka ein del dyr med GPS, og vi er så heldige at vi får tilgang til posisjonane – stor takk til gjetarane! Dermed kan vi kople posisjonen for kvart dyr med nivået av cesium-137 på bakken, slik at vi får ein serie med forureiningsnivå a la den for simla Linn i figur 1.

Figur 1. Variasjonane i cesium-forureining på bakken der simla Linn beita i perioden september 2014 – januar 2015.

Ut frå nivået på bakken estimerer vi opptaket i plantene – og nivået i lav – som kvar rein et, basert på prøver vi har tatt opp gjennom åra på mangt eit fint feltarbeid i området. Med bakgrunn i generell kunnskap om reinen sin diett gjennom året, kan vi så mate vårt matematiske reinsdyr med eit dagleg cesium-inntak, og rekne ut omtrent kva nivåa blir i reinkjøttet. Modellresultata sjekkar vi så mot målingar av cesium-137 i reinen som vi gjer i samband med samling og slakting på haust og vinter. Figur 2 viser modellerte og målte nivå i eit utval dyr frå Vågå gjennom dei siste åra.

Figur 2: Dei prikka linene viser modellerte cesium-konsentrasjonar i 6 reinsdyr i Vågå frå sommaren 2014 til desember 2016, mens punkta viser målte verdiar i dei same dyra i september og i desember/januar kvart år. Hausten 2014 var det svært mykje sopp, mens det var svært lite hausten 2015. Hausten 2016 var det noko meir sopp enn i 2015.

I og med at modellen ikkje estimerer så store forskjellar mellom reinane som det vi måler, er det klart at det ikkje berre er ulike forureiningsnivå i beiteområda som fører til forskjellar i konsentrasjonar i dyra. Men resultata er likevel ganske bra! Til dømes viser dei tydeleg korleis konsentrasjonane av cesium-137 i rein går opp i løpet av hausten, som følgje av at haustbeitet i Vågå er relativt mykje forureina. Deretter går konsentrasjonane ned att når reinen blir flytta over på lite forureina beite på veg mot vinterslakteplassen. Så aukar nivåa att bl.a. fordi vinterdiett og lågare stoffskifte gir høgare cesium-konsentrasjon i dyra på seinvinteren.

Foreløpig tek ikkje modellen omsyn til inntak av sopp på seinsommar og haust, men det jobbar vi med no. Hausten 2014 var det til dømes svært mykje sopp i desse områda, og Vågå tamrein fekk ikkje slakta dei dyra dei hadde planlagt pga. dei høge cesium-konsentrasjonane i dyra. Den største utfordringa med sopp er likevel å vite om og kor mykje sopp det blir. Men ved hjelp av betre nedfallskartlegging og GPS-teknologi vil vi i iallfall etter kvart ha eit mykje betre hjelpemiddel for å kunne vurdere konsekvensar og behov for tiltak i reindrifta – om det skulle skje ei ny vanvitig ulukke som ga nedfall over Norge. Reindrift føregår på ca. 40 % av Norges landareal, så det er dessverre ganske sannsynleg at den i tilfelle vil blir ramma - igjen.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.