Invasjonen vi ikkje kan hindre

Kvar gong du henger opp ei kule med fuglemat i tuntreet, eller skifter vatn på akvariet, kan du vere med på å hjelpe framande dyr og plantar å invadere lokale økosystem. Difor er kampen mot introduserte artar ein kamp vi er dømde til å tape.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

For knappe ti år sidan vart ein raudalge kalla japansk sjølyng for første gong registrert i Noreg, i Skårsundet sør for Bergen. Nokre år seinare kartla Vivian Husa utbreiinga til den nye arten langs kysten av Sørvest-Noreg, som ein del av arbeidet med doktorgraden ved Havforskingsinstituttet.

Undersøkingane viste at algen har etablert seg frå Mandal til Smøla. Ho fann dei største mengdene nær hamnebyar, noko som tyder på at algen blir spreidd via båttrafikk mellom hamnene.

− Antakeleg har algen følgt med østersyngel som vart importert frå Stillehavet til Nederland, der han først vart oppdaga i 1994. Så har han spreidd seg vidare derifrå, fortel Husa.

Får hjelp frå menneske

Introduserte artar er artar som har fått hjelp frå menneske til å krysse ei barriere dei elles ikkje ville ha kome over, som til dømes store havområde. Men artar er også bundne av temperaturgrenser i si utbreiing. Når artar flyttar seg til nærliggande område, kallar vi det migrasjon.

− Migrasjon er også eit aukande fenomen, vi ser stadig fleire sørlege artar hjå oss, seier førsteamanuensis ved Institutt for biologi, Kjersti Sjøtun.

Ho forskar på effektar av introduserte bentosalgar, og har rettleia Husa i doktorgradsarbeidet.

− Under kartlegginga fann eg fleire sørlege artar. Det må vi nok rekne med å sjå meir av. Det er overraskande kor liten temperaturauke som skal til. Milde vintrar og varme haustar som vi har hatt dei siste åra, gjev gylne tider for sørlege artar som reproduserer om hausten, legg Husa til.

Kjem med ballastvatn

Menneske kan gje flyttehjelp til framande artar på mange måtar. Kvart minutt reiser til dømes tusentals artar av levande organismar rundt i verda som blindpassasjerar i ballastvatn på skip. Dei ventar berre på ein sjanse til eit nytt liv i eit nytt land.

- Av alle dei artane som kjem med ballastvatn, er det få som greier å etablere seg i eit nytt miljø. Og av dei som greier det, er det få som blir invaderande, altså etablerer seg i store mengder. Men problemet er at vi ikkje kan vite korleis dei vil oppføre seg, seier Sjøtun.

Nokre artar, som japansk sjølyng, etablerer seg og veks i store mengder. Andre gjer ikkje så mykje av seg. Og atter andre har ei eksplosjonsarta utvikling i starten, for så å stabilisere seg på eit lågare nivå med tida.

- Det som bekymrar oss, er dei artane som blir invaderande, seier Sjøtun.

- Dessutan kan artane ha slektningar på den nye staden som dei reproduserer i lag med, slik at ein kan få uønskte hybridpopulasjonar.

Sjukdom og parasittar er ein annan viktig grunn til at introduserte artar kan vere trugande. Parasitten Gyrodactylus, som vart overført til norske vassdrag midt på 1970-talet frå Østersjøområdet og som drep laks, er eit godt døme på dette.

Manglar oversikt

Raudalgen Vivian Husa arbeider med, har ein eigenskap som har synt seg å vere felles for mange av dei planteartane som etablerer seg på nye stader: Han treng ikkje formere seg seksuelt, men kan la nye individ vekse til frå små greiner av algen.

Slike fragment har synt seg å kunne spire etter 20 dagar i fullstendig mørke, som er meir enn nok til at dei kan overleve ein frakt i ballasttankane på eit skip.

Ein slik liten plantedel er heller ikkje avhengig av å treffe på ein passande make for å formere seg, noko som aukar sjansen for at algen etablerer seg i nye område.

- Dersom det stemmer at dette er ein eigenskap som kjenneteiknar mange invaderande plantar og bentiske algar, vil det innebere at artar med desse spesielle eigenskapane på lang sikt vil vandre over store område og bli overrepresenterte, seier Sjøtun.

Sjølv om artar alltid har flytta på seg, eller blitt flytta på, så har fenomenet auka sterkt dei siste femti åra. Problemet er at ein sjeldan har full oversikt over kva artar som finst i eit gitt miljø. Dessutan finst det få ekspertar med godt oversyn over artane i ulike systematiske grupper.

- Ein skal ha god artskunnskap og kjennskap til det lokale miljøet for å sjå om noko er nytt. Det er eit problem, for svært få har slik lokalkunnskap. Eg vil tru at vi har mange nye artar langs kysten som vi ikkje har oppdaga. Det einaste ein kan gjere, er å følgje med så godt vi kan, meiner Sjøtun.

- Og tenk til dømes på stader som enno ikkje har fått kartlagt biodiversiteten sin. Der kan ein risikere at spesielle artar blir utkonkurrerte og forsvinn før ein veit at dei er der, seier Husa.

Kan ha kome med vikingane

Det er heller ikkje alltid lett å seie kva som er framandt og kva som er opphavleg.

− Ein har til dømes mistankar om at ein type sandskjel som er veldig vanleg hos oss, kan ha kome hit med trafikken til og frå den norrøne busettinga i Nord-Amerika og på Grønland så tidleg som rundt år 1200.

- Kanskje vart det frakta hit som proviant eller som agnskjel. I alle fall viser analysar at det først dukka opp på våre kantar på den tida, medan det heile tida har vore vanleg i Nord-Amerika, fortel Sjøtun.

- Før i tida måtte skjel eller algar som regel gro på skipa for å bli frakta over havet. Men moderne båtar går så fort gjennom tropane at mange fleire artar overlever turen i ballastvatn og kan slå seg ned på nye stader, illustrerer Husa.

Manglar retningsliner

FN sin Internasjonale maritime organisasjon (IMO) har vedteke ein konvensjon som skal minimere faren for at organismar blir spreidde med ballastvatn.

Konvensjonen er enno ikkje sett i verk, men eit program er i gang som tek sikte på å sette flest mogleg statar i stand til å etterleve retningslinene i konvensjonen.

Det viktigaste er å ikkje fylle ballastvatn i område der ein veit det finst skadelege organismar, å vaske tankar og fjerne sediment, og å reinse ballastvatnet eller sleppe det ut i eit område der det er mindre sjanse for at noko skal etablere seg, som i open sjø. Reinsing av ballastvatn er teknologisk komplisert, og vil krevje mykje forsking. Utskifting av ballastvatn i open sjø er på si side både tidkrevjande, dyrt og risikofylt.

Nokre land har innført eigne retningsliner som liknar IMO sine. Australia tillet til dømes ikkje utslepp av ballastvatn innanfor sitt territorium. Noreg har førebels ingen reglar for handsaming av ballastvatn.

- Eg har forresten høyrt at fuglemat, du veit slike små meisebollar som er importerte frå andre land, fører til at det dukkar opp mange rare plantar om våren, kjem Husa på.

- Ja, det illustrerer problemet. Ingen tenkjer på at noko slikt kan føre til invasjon av nye artar. Difor er det så vanskeleg å forsvare seg mot, seier Sjøtun.

Powered by Labrador CMS