Snubla over kjøttetande plante på Svalbard

Biologar har snubla over ein blomsterart som aldri før har vore funne på Svalbard. Ekspertar meiner at funnet er ein sensasjon, og eit tydeleg teikn på kor lite ein veit om det biologiske mangfaldet i eit smeltande Arktis.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Fjelltettegraset blei funne i eit sjeldant frodig område i Ringhorndalen på Svalbard. (Foto: Anna Vader)

I samarbeid med:



 

Denne saken er produsert av NRK.

– Nei, du store mi tid, utbrytar botanikar Pernille Bronken Eidesen då ho brått står i eit teppe av Fjelltettegras (Pinguicula alpina L.), langt inne i ein dal ved Wijdefjorden.

Ho veit nesten ikkje kva ho skal tru. Er det verkeleg mogleg at denne arten aldri har vore funne på Svalbard før? Den erfarne botanikaren blar intenst gjennom bøkene ho har tatt med seg ut i felt, klør seg i hovudet og sperrer opp auga.

– Då blei ho litt paff

– Eg hadde aldri trudd me skulle finna nye artar blant våre blomar her, men det trur eg jammen meg at me har. Det ser ut som om det er eit lite tettegras. Faktisk ei kjøttetande plante. Og det på Svalbard!

Botanikaren er på rask vandring inn mot eit breforland, då funnet blir gjort. Sjølv tvinger ho blikket opp og fram, for om ho skal sjå i bakken etter planter heile tida, slik ho har gjort denne dagen, kjem dei aldri fram til målet. Det er isbjørnvakta, Anna Vader, som brått får auge på det uvanlege på tundraen. Ho er molekylærbiolog, og ingen botanikar. Likevel, etter fleire år på Svalbard har ho over gjennomsnittet kunnskap om kva som veks på bakken.

Anna Vader er den glade finnar av verdas nordlegaste fjelltettegras. (Foto: Kjersti Strømmen/NRK)

– Eg gjekk no berre her og mysa. Eg trudde først det var ein fiol, men så såg eg desse blada som er karakteristiske og måtte høyre med Pernille. Då blei ho litt paff.

Første gang på nesten 40 år

Dei to blir brått livleg opptekne med å telja planter og må avbryta det opphavlege oppdraget med å jakta på andre og meir kjende blomar heilt inst ved breen. Bronken Eidesen har aldri før vore med på å finna ein ny art på Svalbard.

– Nei, aldri. Eg har vore med og funne nye lokalitetar for arter, men å finna heilt nye arter har eg ikkje vore med på, så det hadde eg ikkje forventa.

Funnet er oppsiktsvekkjande. Det er første gong sidan 1975 at det blir oppdaga ein ny insektpollinerande blome på Svalbard.

– Ein sensasjon

– Dette er ein sensasjon, seier Arve Elvebakk, som er professor i botanikk ved Universitetet i Tromsø - Norges Arktiske Universitet, då NRK informerer han om nyheita på telefon.

Botanikarar kallar også gras for blomar, og der har dei framleis eit langt lerret å bleika for å få oversikt på den arktiske utposten. Men, når det gjeld blomar som gjer seg attraktive for insekt, er dette altså det første funnet på nesten førti år. Fokuset har for det meste vore på kor dei ulike plantane finst, kor mange dei er og kva vekstforhold dei har.

Fjelltettegraset er truleg det same som finst på fastlandet, men det kan også vera ein Svalbard-variant. (Foto: Anna Vader)

– Eg synest det er veldig artig, kjempegøy å finna noko heilt nytt, seier Anna Vader.

Fangar insekt i klissete blad

Truleg er planten den same type fjelltettegras som finst på fastlandet, men genetiske provar må takast før ein veit om det kan vera ein ny Svalbard-art. I så fall er det vanleg å kalla opp artar etter finnaren.

– Det er jo veldig mykje av den her. Kanskje det er ein eigen svalbardunderart, Anna. Det veit me jo ikkje enda. Kanskje det blir ein Vaderi, ler Pernille Bronken Eidesen.

Botanikar Pernille B. Eidesen blar gjennom bøker for å vera heilt sikker på at ei liknande plante ikkje har vore registrert på Svalbard. (Foto: Kjersti Strømmen/NRK)

At blomen er kjøttetande er veldig interessant i arktisk samanheng. Korte somrar, tørt klima, og permafrost gjer dårlege vekstforhold og mange planter treng hjelp av sopprot (mykorrhiza) for å få nitrogen nok til å overleva. Men, tettegras samlar inn nitrogen gjennom insekt dei fangar i sine klissete blad.

Blomstereng i månelandskap

Fjelltettegras er ei varmekjær plante. Området der den blei funnen er unikt, vanskeleg tilgjengeleg, og blei først oppdaga av botanikarar i 2002. Ringhorndalen blir av Bronken Eidesen skildra som ein botanisk oase. Medan det meste av Svalbard er ein arktisk ørken, bognar det her over av planter, blant anna blokkebærlyng, som ein heller ikkje har funne andre plassar så langt nord.

Det er første gong det er funne ein kjøttetande plante på Svalbard. (Foto: Kjersti Strømmen/NRK)

– Me har arktiske stepper på utsida her, kor det nesten ikkje veks nokon ting, berre sand og stein, nesten som eit månelandskap. Og så plutseleg openbarer det seg ei blomstereng midt i Arktis! Fantastisk. Her er det tydelegvis ei lita varm lomme, og gode forhold.

– Jaggu er Svalbard dårleg undersøkt

Kartlegging av det biologiske mangfaldet er årsaka til at forskarar frå Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) drog på tokt rundt Svalbard i sommar. Ingen veit konsekvensane av at eit varmare klima smeltar både sjøis og isbrear.

Etablerte arter kan forsvinna eller tilpassa seg. Nye kan koma til. Men, forskarane har svært dårleg oversikt over område som ligg langt frå Longyearbyen og Ny Ålesund, og utan å kjenna godt til dagens situasjon, kan artar forsvinna utan nokon gong å ha blitt oppdaga.

Blomsterfunnet er difor ein vekkjar, meiner Bronken Eidesen.

– Jaggu er Svalbard dårleg undersøkt. Den har sikkert vore her lenge, men det har berre aldri vore nokon her og oppdaga den.

Powered by Labrador CMS