Blåvengjevassnymfe (Calopteryx virgo) i kurtise. Hannen spelar med dei blå vengjeteikningane når han gjer kur til hoa. (Foto: Ove Bergersen, Nibio)

Augnestikkaren – vakker og ufarleg

Trass det skumle namnet er augnestikkarane ufarlege. Dei er blant dei største og vakraste insekta i naturen vår, og med litt trening kan alle læra seg å kjenna artane frå kvarandre.

Augnestikkarar

Augnestikkarar (Odonata) er store insekt med langstrekt kropp, lange stive vengjer og store fasettauge. Dei har ofte vakre fargemønster. Augnestikkarane er særs gode flygarar, både blant dei raskaste insekta i verda og blant dei få som kan stå heilt stille i lufta. Dei har òg utmerkt syn.

Augnestikkarane har ufullstendig forvandling, som vil seia at dei ikkje har noko puppestadium mellom det unge stadiet (nymfa) og vaksenstadiet. Nymfene lever i ferskvatn, der dei fangar og et andre insekt, rumpetroll og til og med små fisk. Dei vaksne ser ein ofte langs elvane og innsjøane der dei utvikla seg, men ein kan òg treffa dei langt frå vatn.

Presentasjonane av augnestikkarar i «Arter på nett» har informasjon om kjenneteikn, biologi og utbreiing, i tillegg til plansjar med heilbilete og detaljteikningar av alle artane. Du finn òg foto av alle artane i det naturlege miljøet sitt.

Denne månaden lanserte Artsdatabanken ein ny presentasjon av norske augnestikkarar. Insektforskar Hallvard Elven ved Naturhistorisk museum (NHM) ved Universitetet i Oslo har deltatt i arbeidet.

– Mykje av materialet baserer seg på ein tidlegare presentasjon som låg på nettsidene til NHM. Desse sidene var i si tid eit pionerarbeid, men kravde mykje oppfylging som nettredaktøren som vanleg ikkje fekk tid til, forklarar Elven.

No er det Artsdatabanken som har teke på seg oppgåva. Ikkje berre for augnestikkarane, men for alle artar som er registrerte i Noreg. Ein tek ei artsgruppe om gongen, og denne gongen var turen komen til augnestikkarane.

Kartleggja artsmangfaldet

– Augnestikkarane er spennande å jobba med. Dei er blant dei største og vakraste insekta vi har, og dei har veldig spennande levevis. Samtidig er dette ei sårbar gruppe med mange truga artar.

– Med litt trening er det lett å artsbestemme alle augnestikkarartane. Dermed kan dei vera ein fin stad å starta for dei som vil læra seg å kjenna att insekt i naturen. Vi vil òg lansera ein bestemmingsnøkkel for augnestikkarar, som skal gjera det endå lettare å bestemma artane, seier Elven.

At folk lærer naturen rundt seg betre å kjenna, er eit mål i seg sjølv, men vil òg hjelpe forskarane som arbeider med å kartleggja det norske artsmangfaldet.

Undring og fascinasjon

– Augnestikkarane er spennande å jobba med, seier Hallvard Elven. (Foto: Hanne Breivik)

– Vi vil gje folk eit skikkeleg verktøy for å artsbestemme augnestikkarane. Gjennom Artsobservasjoner.no kan vi slik få samla inn meir og betre kunnskap om kva arter vi har og kvar dei finst.

Det er lett å skjøna at augnestikkarane har vakt undring og fascinasjon, slik dei ser ut og oppfører seg.

– Dette er skapningar ein legg merke til. Det ser ein i dei mange lokale og ofte bisarre namna frå både Noreg og Skandinavia elles, seier forskar Anders Endrestøl frå Norsk institutt for naturforskning (NINA), som òg har vore med i arbeidet med augnestikkarar.

Verken farlege eller plagsame

– Slike namn kan til dømes vera helvetesnavar, ormsneldre, trollkjærring-rokk og, sjølvsagt, augnestikkar. Namna fortel oss at folk i tidlegare tider trudde at desse insekta kunne stikka eller bita folk i auge og øyre, eller leggja egg i øyra.

– Det kan verka som folk hadde eit litt dårleg tilhøve til augnestikkarane før. Dette er heilt ufortent, sidan augnestikkarane verken er farlege eller plagsame for menneske, seier Endrestøl.

Fantastisk godt syn

Forskar og naturfotograf Ove Bergersen ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har gjennom mange år reist land og strand rundt for å fotografera augnestikkarar ute i naturen. Til Arter på nett har han bidratt med bilete av så godt som alle artane i Noreg.

– Alle som har prøvd å snika seg inn på ein augnestikkar, veit at det er utruleg vanskeleg, seier Ove Bergersen og held fram:

– Augnestikkarane har nemleg fantastisk godt syn og er veldig sky. For å koma på fotohald må ein bevege seg veldig sakte, og gjerne òg samankrope, slik at ein ikkje vert ein for stor silhuett mot bakgrunnen. Tolmod er ein dyd i dette gamet, og det gjeld å ikkje gje opp. Sjølv har eg ofte brukt både to og tre feltsesongar før det perfekte biletet av ein art var i boks, seier Bergersen.

Powered by Labrador CMS