Juramaia - vår alles mor

Paleontologar har funne fossilet av den tidlegaste formora til dei fleste av dagens pattedyr. – Var det ikkje for Juramaia, ville ikkje du og eg vore her, seier forskaren bak fossilfunnet.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Pattedyret Juramaia sinensis som levde for 160 millionar år sidan er det første kjende dyret med morkake. Omtrent slik kan det ha sett ut. (Foto: Mark A. Klingler/Carnegie Museum of Natural History)

Historia til pattedyra av vår type ser ut til å starte med eit lite dyr som levde samtidig med dinosaurar for 160 millionar år sidan, i tidsperioden jura.

Fossilet av den spissmusliknande krabaten som har fått namnet Juramaia sinensis, er det tidlegaste funnet av eit pattedyr med morkake. Funnet er nylig presentert i ein artikkel i tidsskriftet Nature.

– Fossilet er enten ei tipp-grandtante eller ei tippoldemor til alle morkakepattedyr som lever i dag seier hovudforfattaren bak artikkelen, Zhe-Xi Luo i ei pressemelding frå Carnegie Museum of Natural History.

 

______________________________

Les hele saken på NRK.no

 

Powered by Labrador CMS