Partnerbytte mot parasittar

Hjå ein del spurvefuglar får gjerne hoene ungar med andre enn sin faste partner. Resultatet kan vera avkom som er betre rusta mot sjukdom og parasittar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Blåstrupe. Foto: Jarl A. Anmarkrud, NHM/UiO

På fagspråket kallas det promiskuitet. Det kan bety “hemningslaust kjønnsliv”, men hos spurvar passar det betre med det nøytrale “kjønnsleg samliv med fleire, stadig skiftande, partnarar”.

− Promiskuitet er veldig utbreidd hjå spurvefuglar. Dei fleste artane er sosialt monogame, men for seksuelt er historia ei heilt anna. Der har både hannar og hoer fleire partnarar, fortel Jarl A. Anmarkrud.

Han er tilknytt Nasjonalt senter for biosystematikk ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo, og disputerer for doktorgraden i april.

Breidt spekter av trugsmål

Han har mellom anna forska på ei gruppe av gener som heiter MHC-gener, og korleis variasjonar i desse genane heng saman med føretrekte partnerval hjå spurvefugl.

− MHC finst hjå alle høgare organismar. Dei er viktige for immunforsvaret sin motstand mot parasittar og sjukdommar. Dei er òg blant dei mest varierte genane vi kjenner til. Det trur vi er fordi dei skal beskytta mot eit breidt spekter av trugsmål, forklarar Anmarkrud.

Når spurvefugl er den dyregruppa med mest variasjon på MHC-genene, og desse genane i utgangspunktet er blant dei mest variable genene ein kjenner til, må nødvendigvis mangfaldet verta stort og vanskeleg å få oversikt over.

Kjend hjå alle dyregrupper

Jarl A. Anmarkrud. Foto: Joachim T. Johansen

− Hadde eg visst på førehand kor komplekst og vanskeleg dette kom til å vera, hadde eg nok tenkt meg om ein gong til, smiler Anmarkrud.

Men han og kollegane har altså funne ein samanheng mellom promiskuitet og variasjon i MHC-genene hjå spurvefugl.

Det kan tyda på at seksuelt partnerval har vore og er viktig for å utvikla denne variasjonen. Dermed vil partnervalet òg vera viktig for immunforsvaret hjå avkommet.

Partnarval på grunnlag av MHC er kjend hjå alle dyregrupper, og nokre studier tyder på at dette inkluderer oss menneske.

Bra grunnlag for studier

− I eitt forsøk lot ein testpersonane lukta på velbrukte T-skjorter. Når dei deretter skulle peika ut kven dei føretrekte, viste det seg at dei fleste valde T-skjorter frå personar med ulik MHC enn seg sjølve.

− Men desse konklusjonane er omstridde, seier Anmarkrud.

Sidan MHC-genene har så mykje å seia for immunforsvaret, har det vore gjort relativt mykje forsking på dei.

− Dermed vert dei òg gode forskingsobjekt, som gjev oss eit bra grunnlag for å studera evolusjonære prosessar, seier Anmarkrud.

Powered by Labrador CMS