Ryddar i viltveksande polarplante

Når er ein fjellvalmue ein fjellvalmue? Det har dei lærde vore usamde om. Men Heidi Solstad har svaret.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- Det var stort behov for opprydning i denne plantegruppa, seier Heidi Solstad. Foto: Nina Ruud.

- Fjell- og polarvalmuene er blant dei vanlegaste plantane i polarstroka, men det har vore fullstendig kaos rundt systematikk og navnesetjing.

- Mange botanikarar ville berre sett dumt på deg om dei vart bedne om å setja navn på ein plante i denne plantegruppa, fortel Heidi Solstad, som nyleg disputerte ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

Ho har brukt DNA-analyse for å studera og systematisera denne plantegruppa.

Paris-meteren

- Når ein skal identifisera ein plante, vert den samanlikna med ein type, som det heiter. Denne typen er ein bestemt pressa plante i eit bestemt herbarium, og er den planten som alle seinare funn vert samanlikna med og målte mot.

Ho samanliknar typen med Paris-meteren, som fram til 1960 var den staven som definerte måleeininga.

- Problemet er at typane sjølvsagt ikkje er like nøyaktige som Paris-meteren, og dermed meir utsett for tolking. Og det vert ikkje enklare av at reglane for korleis plantane skal få navn har endra seg opp gjennom åra.

Ulike tradisjonar

Fjellvalmue. Foto: Pål Klevan

Nett det er ein av grunnane til at det har herska slik uklårheit rundt sjølve arten fjellvalmue.

Typen er ein illustrasjon i ein flora som var publisert før dei fyrste reglane var sette.

- Det førde til at ein både i Nord-Amerika og i Russland har brukt det vitskaplege navnet for fjellvalmue på plantar, sjølv om denne arten eigentleg berre finst i Norge, på Færøyane og på Island.

Og enklare vert det ikkje av at ein har ulike tradisjonar for bruken av artsomgrepet i Nord-Amerika og Russland. Amerikanarane godtek ofte meir variasjon innanfor grensa for ein art enn det russarane tradisjonelt har gjort.

Sett under eitt

- Med andre ord var det stort behov for ei opprydning, seier Solstad, som er den fyrste som har studert heile denne plantegruppa genetisk.

Ho er òg den fyrste som har sett på heile nordområda under eitt. Tidlegare har det vanlege vore at ein har studert avgrensa område, som berre Nord-Amerika eller berre Russland.

Sjølv møtte ho fyrste gongen navnsetjingsproblemet for alvor då ho som fersk ph.d-student i Canada skulle sortera eit antal innsamla plantar.

Gruppert genetisk

- Etter sorteringa vart det fem haugar med plantar, fortel ho.

- Men eg var usikker på kva navn plantane i dei ulike haugane skulle ha, så eg endte opp med å gje alle det same navnet.

Ho bestemte seg for å analysera DNAet til plantane, og fann at den manuelle sorteringa ho hadde gjort stemte nokonlunde.

- Og når fyrst plantane var gruppert genetisk, vart det lettare å identifisera ein del eigenskapar og kategorisera dei.

Powered by Labrador CMS