Når arbeidarklasseborn veks opp i eit nabolag der det også er overklasseborn, ser vi at dette aukar sannsynet for å oppnå godar seinare i livet, seier samfunnsforskar. (Foto: Trond J. Strøm, NTB scanpix)

Arbeidarklasseungdom i velståande nabolag får høgare ambisjonar

Oslo-ungdommar med overklassevenner i nabolaget har større sjanse for å ta høgare utdanning og få privilegerte jobbar når dei blir vaksne, ifølgje forskarar.

At utdanninga og yrket til foreldre påverkar born sine sjansar seinare i livet, er velkjent for samfunnsforskarar. Men om arbeidarklasseborn kan ha utbyte av å ha vener som høyrer til overklassa, har ein visst mindre om. 

I ein studie ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi undersøkte forskarar kva som hadde hendt med Oslo-ungdom som var 13–15 år i 1980. Studien var støtta av Osloforskning, som finansierer forsking og masteroppgåver med Oslo som studiefelt.

– Oslo er ein veldig segregert by, der fattige og rike gjerne bur på ulike stader. Men når arbeidarklasseborn veks opp i eit nabolag der det også er overklasseborn, ser vi at dette aukar sannsynet for å oppnå godar seinare i livet, seier forskar Jørn Ljunggren, som har forska saman med Maren Toft.

- Å ha overklasseungdommar i nabolaget betyr nesten dobbelt så mykje for arbeidarklasseungdom sine framtidsutsikter som for dei som er overklasseungdommar i utgangspunktet, seier Jørn Ljunggren, samfunnsforskar ved Universitetet i Oslo. (Foto: UiO)

– Desse borna har større sjanse både for å ta høgare utdanning, for å velje eliteutdanningar og for sjølve å få ein overklasseposisjon seinare i livet.

Fleire velståande naboar, større sjansar

Sjølv om omgrepet klasse sjeldan brukast på folkemunne, er det store inntekts- og statusskilnader mellom nordmenn, særleg i Oslo. Samfunnsforskarar grupperer borgarar i arbeidarklasse, lågare middelklasse, høgare middelklasse og overklasse. Overklassa har mykje økonomisk kapital, kulturell kapital og høg posisjon i yrkeslivet, til dømes som lege, advokat eller professor.

Tidlegare studiar har tydd på at det særleg er overklassa som bur segregert, både i Noreg og internasjonalt. Men nokre nabolag er meir blanda. Og forskingsresultata peikar i éi retning: Dess fleire overklassenaboar ungdommar har, dess høgare på rangstigen klatrar dei seinare. Dette gjeld uansett kva klasse ungdommane sjølve høyrer til, men særleg arbeidarklasseungdommar.

– Alle som veks opp i velståande nabolag, har betre livssjansar, men arbeidarklasseungdommar peikar seg spesielt ut. Å ha overklasseungdommar i nabolaget betyr nesten dobbelt så mykje for deira framtidsutsikter som for dei som er overklasseungdommar i utgangspunktet, seier Ljunggren.

Usikre årsaker

Ljunggren og Toft har brukt registerdata frå Statistisk sentralbyrå i arbeidet med studien. Dataa er innhenta frå offentlege register og gjev informasjon om mellom anna enkeltpersonar sin bustad, alder, utdanning og yrkesval.

Ljunggren vil vere forsiktig med å trekkje konklusjonar om kva som er årsaka til den påverknaden nabolaget kan ha. Dette gjev ikkje tala grunnlag for. Dei viser berre at det er ein samanheng.  

– Ei forklaring kan vere at arbeidarklassebarna får tilgang til naboane sine ressursar. Er far røyrleggar, men har mange professorar og legar i nabolaget, vil borna til dømes kunne dra nytte av kunnskapen dei har om utdanningssystemet. Samstundes kan naboane fungere som eit nyttig nettverk i yrkeskarrieren, foreslår han.

Eit politisk spørsmål

Maren Toft, stipendiat ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Universitetet i Oslo. (Foto: UiO)

Ljunggren meiner at studien kan gje nyttig kunnskap til politikarar og byplanleggarar.

– I all byplanlegging må ein vurdere korleis bustadområde skal sjå ut. Då vil ein også ta stilling til kven områda er tiltenkt. Byggjer vi berre blokker med små leilegheiter, vil ikkje dei rike busetje seg der. Ønskjer vi ein sosial miks, må vi tenkje annleis, seier han.

Det er politikarar som må avgjere kva slags byar vi skal ha, påpeikar han.

– Nokon vil meine at segregering er bra fordi ein bur med folk i same situasjon og kan knyte sterkare band. Andre vil argumentere for ein sosial miks, der dei lågaste klassene kan dra nytte av naboane sine ressursar. Studien viser at det siste argumentet kan ha noko for seg. Eg vil ikkje tilrå noko, men eg trur det er ei rekke positive sider ved at folk bur litt blanda.

For overklasseungdommar som har venner med lågare sosial status, vil konsekvensane for framtidsutsiktene vanlegvis vere små.  

– Dei mest velståande ungdommane har veldig høge sjansar i utgangspunktet. Foreldra er så viktige at sjølv om det ikkje finst andre overklasseungdommar i nabolaget, har dei likevel stor sjanse for framleis å høyre til overklassa som vaksne.  

Referanse: 

Maren Toft og Jørn Ljunggren, Geographies of class advantage: The influence of adolescent neighbourhoods in Oslo i Urban Studies, august 2015. Sammendrag.

Powered by Labrador CMS