Det ER håp for alle

Det er ikkje slik at dersom du har hatt ein «dårlig barndom» så vil du automatisk få problem seinare i livet.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Her snakkar vi om kompliserte samanhengar, i følge førsteamanuensis på Det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen, og psykologspesialist Bente Storm Mowatt Haugland.

Ho er oppteken av kva faktorar som kan gjere barn motstandsdyktige, eller på fagspråket resiliente, mot problem trass i ein problematisk oppvekst.

Skal ikkje stemple barn

- Foreldres alkoholmisbruk aleine kan ikkje forklare auka risko for problem hos barn, seier Haugland, som har forska på barn i familiar der ein av foreldra er alkoholmisbrukar.

Ho har opplevd å få krass kritikk frå enkelte for dette synet og har blitt skulda for å legitimere foreldres alkoholbruk, samt å undervurdere den effekten stresset ved å vekse opp i ein slik familie har på barn.

Haugland avviser desse påstandane:

- Dette perspektivet skal ikkje vere ein sovepute, men vi må hugse på at det er like farleg å stemple desse barna som dømde til å få problem. Innanfor såkalla utviklingspsykopatologi snakkar vi om risikokjeder.

Opphoping av problem

- Det ser ut til at der det blir ei opphoping av problem som rus, vald, psykiske problem og økonomiske problem, så slår det nesten alltid ut i store problem hjå barnet.

- Konservative estimat viser at fire-sju prosent av alle barn har foreldre som er rusmisbrukarar. Ganske mange av disse barna ser ut til å klare seg relativt bra.

- Nokre kan óg bli styrka, og vi kan snakke om ein vaksinasjonseffekt. Men for å få ein slik effekt skal ein ikkje ha for mange risikofaktorar samtidig.

Kritisk til stereotypiar

Då Bente Storm Mowatt Haugland jobba som psykolog i PPT-tjenesten og på familierådgivningskontor på 1980-talet vart ho stadig meir kritisk til sterotypiane som finst rundt det å vekse opp med foreldre som er misbrukarar.

- Psykologien har vore dominert av elendighetsforsking. Ein har også i altfor stor grad nytta den såkalla «Main effect model».

- Ein har samanlikna barn av alkoholmisbrukarar med barn av ikkje-misbrukarar - og ikkje overraskande funne at alkoholikarbarna kom dårligare ut på alle felt.

- Det er nyttig at vi har fått dokumentert at det er ei risikogruppe, men det er lett å gløyme at her er det eit mangfold av ulike røynsler.

Mor kompenserer

I 2004 disputerte ho med ei avhandling der ho viser at det er store ulikskapar i korleis drikkinga til fedrene påverkar samspelet i familiane.

Medan alkoholmisbruket dominerte både i dagleglivet og på høgtidsdagar i nokre familier, klarte andre i større grad å oppretthalde rutiner og rituale trass i drikkinga.

Over 60 prosent av barna let på det tidspunktet undersøkinga vart gjort ikkje til å ha problem i si fungering. Barna var frå fem til 11 år, og dei yngste på fem-seks år hadde ikkje fleire problem enn barn frå normale familier.

Fire typer familiar

Haugland deler familiene inn etter fire typar: Beskyttande familiar, emosjonelt ustabile familiar, eksponerande familiar og kaotiske familiar.

I dei to første typane fungerer dagleglivet nokonlunde normalt, og dersom far melder seg ut kompenserer mor. Det er i dei to sistnemnde familietypane at vi i første rekke finn barna med problem.

Veks ein opp i ein «kaosfamilie» må ein truleg vere svært spesiell, til dømes ha høg intelligens, eit tiltalande vesen, gode sosiale ferdigheter og resiliensfaktorer som støtte frå nettverket rundt familien, for å klare seg godt.

Nettverk viktig

- Avgjerande for korleis det går med barna er i kva grad barna blir eksponert for problem knytt til dei vaksne, og i kor stor grad familien blir invadert av rusen.

- Graden av konflikt er også viktig, og likeeins det kjenslemessige klimaet i familien, seier Haugland.

Beskyttande faktorar som kan bidra til resiliens finn ein både hjå barnet sjølv, hjå familien og i nettverket.

Ikkje “løvetannbarn”

Dei som klarar seg godt etter å ha vakse opp med foreldre som er alkoholmisbrukarar er ikkje «løvetannbarn» med uvanleg sterke personlege eigenskaper.

- Dei er ofte barn som har blitt «sett» av nokon og barn som har hatt ein del fungerande rammer rundt livet sitt, seier Haugland.

Ho fortel at innafor utviklingspsyko-patologi er det ikkje lenger haldepunkt for eit deterministisk syn på utvikling.

Dersom far drikk og eit barn får åtferdsvansker, angst og depresjon, kan hendingar, samhandling eller eigenskaper ved barnet bidra til at denne utviklinga blir endra.

Barnet kan likevel få ei god tilpasning seinare i livet. Eitt døme er eit studie frå Island som viste at blant samfunnstoppane hadde eit fleirtal vakse opp i heimar der foreldra hadde alkoholproblem.

Bør få støtte frå andre vaksne

Årsaka til at såpass mange klarer seg bra etter å ha vakse opp i heimar med rusmisbruk er såleis resultat av eit samspel mellom mange faktorar.

Resiliens er imidlertid ikkje ein statisk tilstand. Det kan vere «sovande effektar» som gjer at enkelte av desse borna vil utvikle vanskar på seinare utviklingstrinn.

For at barn kjem seg gjennom barndommen og fungerer godt tyder ikkje på at dei har hatt det OK. Ein rimeleg velfungerande barndom gjev deg noko. Du lærer å omgåast andre, du lærer å regulere eigne kjensler og du får grunnleggande positive haldningar til deg sjølv, til andre menneske og til verda.

Støttefamilie som redning?

- Men det er ikkje slik at ein god barndom beskytter deg for evig og alltid, og det er heller ikkje slik at ein vond barndom gjer at du vil få eit dårleg liv.

- Barn i familiar der det er rusmisbruk bør få ein støttefamilie eller ein annen vaksen i eller utanfor familien som kan være til støtte og hjelp. Det vil kunne vere redninga for mange av desse borna, seier Haugland.

Powered by Labrador CMS