Høgtlesing med god effekt

Teater kan vere løysinga for skuleelevar som slit med motivasjonen i engelskfaget, viser ei undersøking frå Universitetet i Stavanger.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Engelsk på barne- og ungdomstrinnet

Etter reforma Kunnskapsløftet har elevar i ungdomsskulen valet mellom faget framandspråk eller faget fordjuping i engelsk, norsk eller samisk. Tal frå Fremmedspråksenteret viser at 75 prosent av elevane på åttande trinn har vald framandspråka fransk, tysk og spansk i skuleåret 2008–2009. Av dei reste-rande 25 prosent vel det store fleirtalet engelsk fordjuping. Elevar som får råd om å velje fordjuping i engelsk eller norsk, blir av skulane ofte omtalt som «fagleg svake» eller som at dei «slit med språk», viser ei undersøking.

Kjelder: Kunnskapsdepartementet og Fremmedspråksenteret
 

Readers theatre, som på norsk heiter leseteater, har hittil vore lite nytta i norske skular. Men ei ny undersøking tyder på at fleire morsmåls- og språklærarar burde sjå nærare på høgtlesing som verktøy.

Leseteater har mange variantar. I varianten som er brukt i undersøkinga, sit ei elevgruppe i ein halvsirkel og les tildelte bitar frå ein tekst for kvarandre og eit publikum. Andre elevar supplerer lesinga med dramatisering av scener.

– Leseteater er ein original måte å kommunisere ein tekst på i ei gruppe, anten det er forteljingar eller ein biografi som er utgangspunktet, seier førsteamanuensis Ion Drew ved Institutt for kultur- og språkvitskap.

– Det er ein dynamisk måte å integrere munnleg og skriftleg språk på. Elevane øver og blir kjende med teksten. Dermed verkar det ikkje stressande, og dei gruer seg ikkje, mykje fordi dei slepp å pugge replikkar. Men dei blir sjølvsagt tryggare jo meir dei øver, fortel han.

Vanlegvis er det sju opplesarar som les i ei bestemt rekkjefølgje, frå ytterkantane og mot midten, der forteljaren sit. Dette skaper ein fin flyt i lesinga. Rekkjefølgja er: forteljaren, lesar 1, lesar 6, lesar 2, lesar 5, lesar 3, lesar 4, forteljaren. Forteljaren har ei sentral rolle og er den som les først og sist.

Greske røter

Leseteater dukka opp på amerikanske universitet, høgskuler og skular på 1950- og 1960-talet, men røtene finn ein i det gamle Hellas, der kor, dramatisk dialog og skodespel var ein viktig del av kulturen.

Drew blei først kjend med metoden tidleg på 1980-talet, då han var engelsklærar i Sogn og Fjordane og hadde eit samarbeid med teateret. Sidan den gong har han formidla metoden til alle studentane sine, mellom anna med eventyret om Rumpelstiltskin.

– Metoden er særleg til hjelp for dei som slit med lesing, uttale, forståing og ordforråd. Vi ser òg at han på sikt byggjer opp motivasjonen til å lese, i tillegg til at gruppedynamikken blir styrkt. Elevane føler at dei er del av noko større, og alle hjelper kvarande med å formidle teksten, seier førsteamanuensis Ion Drew.

Meir sjølvsikre

I 2009 publiserte han artikkelen «Readers theatre: How low achieving 9th graders experienced English lessons in a novel way».

Han skildrar arbeid med leseteater i ungdomsskulen blant ei gruppe niandeklassingar som hadde engelsk fordjuping som valfag.

Elevane som var med på det fire dagar lange eksperimentet, var lite motiverte og lite sjølvsikre i engelsk. Det faglege nivået deira var under gjennomsnittet. Etter kvart vart elevane meir sikre og torde å sjå på side-mannen, og den fjerde dagen framførde dei teksten for publikum.

Ei undersøking som Drew gjorde i samband med eksperimentet, viser at nesten alle elevane var sterkt einige i at leseteater er ein god måte å trene munnleg engelsk på.

Dei syntest det var kjekt, lærerikt og motiverande, og dei hadde gjerne vore med igjen. Tilbakemeldinga frå læraren gjekk òg ut på at elevane var meir motiverte for faget etterpå.

Drew meiner dette er ei teaterform som inkluderer alle.

– Fordelen er at det blir lese små bitar om gongen i ei bestemt rekkjefølgje. Alle veit kva dei skal lese, og det hjelper dei til å lese, lytte og følgje med på dei andre samstundes. Sidan det ikkje blir brukt effektar eller kostyme, blir sjølve teksten midtpunktet, og leseopplevinga står sentralt, seier Drew.

– Bra for lærarane

Han meiner at slike prosjekt òg kan vere ei vitamininnsprøyting for lærarane. Han kjenner til fleire andre lærarar som har hatt god erfaring med leseteater i skulen.

– For lærarane kan mykje av undervisninga bli rutine over tid. Vi treng noko nytt innimellom. Mi eiga erfaring som språklærar viser at undervisninga blir meir meiningsfull og levande når ho blir kreativt utfordra.

Powered by Labrador CMS