Trekkjer statleg barnehagetilskot

Ein stikkontroll av 60 norske kommunar viser at 90 millionar kroner som var øyremerkte til drift av barnehagar i 2006, er nytta til andre formål.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Fakta om skjønnsmidlane

Skjønnsmidlane blei første gong tildelt i 2004. Bakgrunnen var forlik om rammebetingelsane for barnehagesektoren, inngått av partia på Stortinget sommaren 2003.

Pengane skal bidra til å sikre at barnehageforliket blir gjennomført utan at det oppstår konflikt mellom utbygging, innføring av maksimalpris, og god kvalitet i barnehagesektoren.

Pengane skal kompensere for meirutgifter kommunane fekk i på grunn av barnehageforliket.

Kommunane hadde ulikt utgangspunkt i forhold til barnehagedekning, kostnadsnivå, nivå på foreldrebetaling og grad av støtte til ikkje-kommunale barnehagar.

Difor varierer behovet for økte statlege midlar frå kommune til kommune. Skjønnsmidlane er eit øyremerkt tilskot til kommunen som i sin heilskap skal nyttast til drift av barnehagar.

Kilde: Kunnskapsdepartementet

Kontrollen viser at 54 av dei 60 kommunane har brukt til saman 90 millionar kroner til andre formål.

- Berre 6 av 60 kommunar hadde brukt skjønnsmidlane i tråd med føresetnadene, seier Kjetil Lie, forskar og sosialøkonom ved Telemarksforskning-Bø.

Telemarksforsking har gjennomført kontrollen, etter oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

 

Formålet var å sjå om kommunane har nytta skjønnsmidlane i samsvar med føresetnadene.

- Kan ikkje akseptere

- Øyremerkte midlar skal ikkje nyttast til andre formål enn det dei er løyvde til, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell i ei pressemelding frå departementet.

- Vi kan ikkje akseptere at kommunane bryt vilkåra for bruk av skjønnsmidlar til drift av barnehagar, seier han.

Kunnskapsdepartementet har difor vedteke at 50 prosent av skjønnsmidlane nytta til andre formål enn drift av barnehagar, skal trekkjast inn.

Totalt utgjer dette 45 millionar kroner, som vil bli trekt frå utbetalinga for 1. termin 2008.

27 prosent

Til saman mottok dei utvalde kommunane 332 millionar kroner i skjønnsmidlar.

- Det som er brukt til andre formål utgjer 27 prosent av alle skjønnsmidlane, seier Lie.

12 av dei 60 kommunane har brukt alle skjønnsmidlane på andre formål enn det dei sentrale retningslinene legg til grunn.

Dette gjeld kommunane Engerdal, Kvinesdal, Lærdal, Hitra, Meråker, Verran, Fauske, Steigen, Lavangen, Målselv, Loppa og Nesseby.

Gjekk til ulike formål

Forskarane har ikkje hatt i oppdrag å sjå på kva pengane eigentleg har gått til.

- Vi ser at enkelte kommunar har brukt pengane til å investere i barnehagesektoren, men dette er pengar som skal brukast til drift, seier forskar Kjetil Lie.

- Elles har midlane blitt brukt til ulike andre formål, seier han.

Dei seks kommunane som har brukt alle midlane på rett måte, er Nordre Land, Bamble, Lindesnes, Time, Smøla og Grong.

- Strengare

- Vi har valt ein strengare reaksjon i år enn i fjor, som var første gongen kontrollopplegget vart gjennomført, seier kunnskapsminister Solhjell.

Den gongen viste stikkprøvane av 25 kommunar at 44 prosent av midlane ikkje blei nytta i samsvar med føresetnadene.

- Vi vil framover vurdere enda sterkare reaksjonar i høve til kommunar som ikkje nyttar midlane etter føresetnadene, seier Solhjell.

I barnehageforliket var eitt av vilkåra at kommunane skulle halde oppe sine netto driftsutgifter til barnehagar på same nominelle nivå som før forliket vart inngått.

- All vekst i offentleg finansiering skulle komme gjennom auka statstilskott. Kommunar som nominelt reduserer si eiga løyving til barnehagesektoren i høve til nivået i 2003, skal ikkje få dette kompensert gjennom auka statlege overføringar, skriv departementet i pressemeldinga.

KOSTRA

Talmaterialet er basert på KOSTRA-tala frå kommunane. KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering) er eit nasjonalt informasjonssystem som gir styringsinformasjon om kommunal verksemd.

Informasjon om kommunale tenester og bruk av ressursar på ulike tenesteområde blir registrert og samanstilt for å gi relevant informasjon til blant anna dei som skal fatte avgjersler, både nasjonalt og lokalt.

Informasjonen skal vere som grunnlag for analyse, planlegging og styring, og blant anna gi grunnlag for å vurdere om nasjonale mål blir oppnådd.

Tala frå stikkprøvene indikerer altså at dei øyremerkte skjønnsmidlane ikkje er nytta til drift av barnehagar.

Lenker:

Telemarksforskning: Skjønnsmidler til barnehagedrift brukes også på andre formål
Kunnskapsdepartementet: Trekkjer statleg barnehagetilskot
Kunnskapsdepartementet: Skjønnsmidler til drift av barnehager

Powered by Labrador CMS