Nettchat fikk ungdom med psykisk sjuke foreldre til å føle seg meir normale

I det anonyme nettforumet kunne ungdommane ta opp både redsle, einsemd, sorg og sakn. - Då slepp eg å sjå reaksjonen til den andre personen med ein gong, fortel ei av deltakarene i eit nylig avslutta forskningsprosjekt. 

Ungdommane i prosjektet fortalte at dei syns det var lettare å skrive om vanskelege ting enn å snakke. - Då slepp eg å sitje der å sjå reaksjonen til den andre personen med ein gong, fortel ei av deltakarene. (Foto: Microstock)

Snakkerommet

Eit anonymt sjølvhjelpsforum, oppretta på Sørlandet sjukehus sine nettsider for barn med ein psykisk sjuk forelder.

Snakkerommet er eit sted for ungdom mellom 13 og 30 år, der dei kan møtest for å dele erfaringar, dersom dei har foreldre med psykiske problemer.

Alle som deltar er anonyme for kvarandre, og oppsøker forumet på eiga hand. Det er fire moderatorer som følgjer med på samtalen for å sikre at alle blir teke vare på.

Snakkerommet er utvikla i samarbeid med sosiolog Marianne Trondsen ved Nasjonal Senter for Telemedisin og Sørlandet sjukehus. 

Saman skapte ungdommane eit fellesskap på nettet - det forskaren kallar eit normaliseringsfellesskap. 

- Pårørande til psykisk sjuke får ofte lite oppfølging. Og born av psykisk sjuke kan slite med samansette utfordringar - frå praktiske, kvardagslege problem, til ansvaret dei må ta for andre i familien samt uroa dei føler for å bli sjuke sjølve, fortel sosiolog Marianne V. Trondsen, som nyleg disputerte på ph.d.-avhandlinga si i sosiologi.

I prosjektet følgde ho 16 ungdommar - hovudsakleg jenter - som deltok i eit anonymt sjølvhjelpsforum, kalt Snakkerommet (se faktaboks). 

Følte seg meir normale

- Gjennom kontakt med andre i same situasjon fekk mange augo opp for at situasjonen deira ikkje var så spesiell i høve til andre med psykisk sjuke foreldre, og såleis vart nettforumet ein stad der ungdommane kunne føle seg meir normale.

Trondsen har lagt vekt på å sette ungdomen i sentrum for forskinga. Det vil seie at det er ungdomen som eit handlande subjekt som er interessant - ikkje eit objekt på veg til å bli ein vaksen. 

- Dei kan sjåast på som “beings”, ikkje berre “becomings” - altså dei er noko her og no som dei er med og formar sjølve. Dei er ikkje berre på veg til å bli noko anna, forklarar Trondsen.

Redsel, sorg og einsemd

Difor var det også ungdomane sine eigne fortolkingar av situasjonen dei var i, som interesserte Trondsen. Ho har summert opp fem temaer som gjekk igjen i nettdiskusjonane:

  1. Mangel på openheit og informasjon rundet forelderens sjukdom - både frå hjelpeapparat og frå familien og dei næraste
  2. Det uføreseielege og ustabile i kvardagen
  3. Redsel
  4. Einsemd
  5. Sorg og sakn

Det forskaren såg var at gjennom å dele erfaringar i forumet, kunne ungdommane diskutere korleis dei betre kunne handtere sin eigen situasjon. Dei gav kvarandre hjelp og støtte, og dei skapte eit ope fellesskap der dei kunne gjenkjenne sine eigne utfordringar hjå andre.

- For mange er det tydeleg at anonymiteten gjer at dei føler seg friare til å opne seg opp, og diskusjonane vart konstruktive og løysingsorienterte, fortel sosiolog Marianne V. Trondsen. (Foto: UiT/Sigrun Høgetveit Berg)

- Forumet vart ein stad som hjelpte dei vidare i livet, og dei gjekk frå å leite etter individforklaringar på den situasjonen dei var i, til å heller sjå på den samanhengen dei sjølve var i.

- Sjølvhjelpsforumet vart såleis både ein endringsarena og ein mestringsressurs, fortel Trondsen.

Anonymitet bidreg til frie diskusjonar

Sjølvhehjelpsgruppa var anonym og hadde 16 deltakarar mellom 15 og 18 år, som alle hadde oppsøkt nettforumet på eiga hand.

Trondsen følgde dei i to år. Ho var såkalla administrativ moderator av forumet - det vil seia at ho gjorde deltakande observasjonar, følgde med og organiserte, men la seg ikkje oppi kva ungdomane diskuterte og kom ikkje med faglege innspel.

- Det var så å seia ingen behov for å moderere vekk negative ytringar eller destruktive diskusjonar, fortel ho.

- For mange er det tydeleg at anonymiteten gjer at dei føler seg friare til å opne seg opp, og diskusjonane vart konstruktive og løysingsorienterte. Det var ei kompetent gruppe, trass i den alvorlege og sårbare situasjonen mange var i, seier Trondsen.

Lettare å skrive

Etter dei to åra som moderator, djubdeintervjua Trondsen 13 av deltakarane. Ho reiste land og strand rundt, for forumet hadde tiltrekt seg deltakarar på tvers av landsdelane.

- I intervjua stadfesta mange av deltakarane inntrykket eg hadde fått av dei på nettet. Og fleire gav uttrykk for at det var lettare for dei å skrive om vanskelege ting. Ein sa det treffande: “då slepp eg å sitja der å sjå reaksjonen til den andre personen med ein gong.”

- Det viser også korleis nettet er ein arena denne generasjonen beherskar til fulle, seier Trondsen.

- Teknologien avgrensar ikkje, men er tvert imot det som gjer handling mogeleg. Teknologien er ein integrert del av kvardagen.

Og kanskje særleg mellom jentene, for av dei 16 deltakarane i gruppa, var det berre ein gut.

- Eg har i avhandlinga ikkje analysert dét nøyare, men det er absolutt ein observasjon å sjå nærare på. Er jenter overrepresenterte i slike forum generelt - og i så fall kvifor det?

Referanse:
Trondsen, Marianne V. : ”Vi er ikke syke mennesker - vi har bare et behov for å snakke”. En kvalitativ studie av en internettbasert selvhjelpsgruppe for ungdom med en psykisk syk forelder. Ph.d.-avhandling. UiT 2014.

Powered by Labrador CMS