Fann 5400 år gammal steinalderpil i snøfonn

Eldste funn frå snøfonn i Skandinavia overraskar forskarane. – Vi har aldri sett 5000 år gamle ting smelte fram frå isen før, seier NTNU-arkeolog.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Karbondatering av seljeskaftet på denne pila visar at ho er heile 5400 år gammal, og erfrå yngre steinalder. Pila vart funne på Dovrefjell av Tord Bretten og Line B. Aukrust. (Foto: Åge Hojem og Martin Callahan/NTNU Vitenskapsmuseet)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Ein dag seint i august 2011 vendte Tord Bretten og søstera Line B. Aukrust tilbake frå ein særs vellukka jakt-tur på Dovrefjell. Saman med ein reinsbukk, bar dei også med seg tre piler og to bogeskaft som var smelta fram frå breen.

Ei av pilene viste seg å stamme frå ei reinsdyrjakt for 5400 år sidan, og er det til no eldste arkeologiske funnet frå ei snøfonn i Skandinavia.

Denne pila og ei litt yngre pil som er datert til å vere 5200 år gammal, er nokre av snøfonn-funna som nyleg er publisert i tidsskriftet Antiquity av arkeolog Martin Callanan ved NTNU.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS