Gamle kunstverk under lupa

Dei siste detaljane må på plass før målerikonservator Hilde Smedstad Moore kan sende biletet frå 1626 tilbake til Bergen, i langt betre stand enn då ho fekk det til Stavanger.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Målerikonservator Hilde Smestad Moore har brukt omlag 200 timar konserveringaarbedi på dette måleriet frå Mariakyrkja i Bergen. (Foto: Terje Tveit)

Saman med dei andre målerikonservatorane ved Arkeologisk museum i Stavanger er ho i gang med å restaurere 1500- og 1600-talskunstverk frå Mariakyrkja i Bergen.

I løpet av dei neste fire åra skal målerikonservatorar ved Arkeologisk museum restaurere heile 27 inventarstykke som til vanleg pryder Mariakyrkja i Bergen.

Prosessen rundt all konservering av kyrkjekunst er nøye overvaka av Riksantikvaren.

Etter at det er dokumentert kva som må gjerast med dei enkelte inventarstykka, lagar konservatorane eit behandlingsforslag, som må godkjennast av Riksantikvaren før dei får ta til med sjølve arbeidet.

Både Smedstad Moore og fungerande leiar for konserveringsavdelinga, Anne Ytterdal, synest det er spennande å få lov til å arbeide med nasjonale klenodium.

– Vi kan ikkje få meir spennande utfordring enn dette, seier Ytterdal.

I tillegg til 23 måleri og epitafium, eller minnetavler, skal konservatorane restaurere det som er omtalt som landets flottaste middelalderalterskap, eit stort krusifiks og himlingen på preikestolen.

Tidkrevjande arbeid

Anne Ytterdal er avdelingsleiar på konserveringsavdelinga ved Arkeologisk museum, UiS. Ho syns arbeidet med kunstverk frå Mariakyrkja i Bergen er ein spennande oppgåve. (Foto: Terje Tveit)

For å kartlegge kva stand gjenstandane er i, og kva som må gjerast med dei, bruker målerikonservatorane mikroskop, røntgenstrålar, ultrafiolett lys og infraraudt lys, i tillegg til berre auge og den kunnskapen dei sit med frå før.

Smestad Moore har brukt omkring 200 timar på måleriet ho snart kan sende tilbake. Det er reinsa for støv, forureining og annan skitt. Og gamal ferniss er fjerna.

– Ferniss har tradisjonelt blitt påført overflata på måleriet, både for å mette fargane og for å bevare kunstverket. Tidlegare blei det brukt ei naturleg harpiksblanding, som gjer at måleria blir gule over tid, fortel Smedstad Moore. No bruker ein som regel syntetisk ferniss.

Ho har også fylt inn gamle skadar med kitt. Skadane skal retusjerast sånn at dei ikkje visest på vanleg betraktingsavstand, men skil seg ut på nært hald.

– Eg kan ikkje tilføre nye materiale oppå det som er originalt, seier ho, og fortel om strenge etiske retningslinjer for arbeidet.

Powered by Labrador CMS