Eit julesamansurium

Vår tradisjonelle julefeiring har røter langt tilbake i tid. Kvifor feirar vi jula natt til 25. desember? Kvifor drikk vi juleøl? Kven er eigentleg nissen, og kvifor kjem han farande over himmelen i ein slede?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjon: Ellen Hagen, Arkeologisk museum, UiS)

– Jula er eit samansurium av norrøn tru, romersk heidendom, kristen feiring og kommersiell vriding, seier arkeolog Helge Sørheim ved Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger.

Ordet jul kjem av norrønt jól, som igjen refererer til jólablót, eit anna namn for midtvinterdag.

Midtvinterdagen var opphavleg ein heidensk offerfest som fann stad rundt 12. januar, som ei markering av at ein var halvvegs mellom første vinterdag og første sommardag.

– Årshjulet var sterkt til stades hos det heidenske mennesket, og det forma liva deira, seier Sørheim.

25. desember?

– Den kristne julefeiringa har gjennomgått ei lang historisk utvikling. Den jødiskkristne tradisjonen seier at Maria vart svanger med Jesus på same datoen som Gud hadde fullendt skapinga, sett til 25. mars. Plussar ein på ni månader, får ein 25. desember, seier Sørheim.

I Konstantin den store si tid, som herska fram til år 337, vart 25. desember fastsett i den romerske kalenderen som minnedagen for Jesu fødsel, og ikkje minst som byrjinga på det liturgiske året.

– Verken Bibelen eller tradisjonen fortel noko om Jesu verkelege fødselsdag. Vi veit at Jesus vart fødd mens Herodes den store var konge, men han døydde jo i år 4 f.Kr. Når ein har bomma slik på fødselsåret, korleis kan vi vite at Jesus vart fødd natta til 25. desember? spør Sørheim.

På 200-talet dyrka den seinromerske statsreligionen solguden Sol eller Sol Invictus, «den uovervunne». I Roma vart 25. desember feira som solgudens fødselsdag.

– Jesu fødsel vart med andre ord lagd til ein dag som allereie var fest- og høgtidsdag. Dei kristne romarane endra innhaldet i festen frå å vere ein solkultus til å vere ei feiring av skaparen av sola, seier Sørheim.

Her heime i Noreg var jula ei spesiell høgtid så langt tilbake som i eldre jarnalder, det vil seie mellom 500 f.Kr. og 600 e.Kr.

– Den kristne feiringa kunne fint innpassast i midtvinterfesten, akkurat som solgudfesten gjorde i Roma. Det gamle norrøne midtvinterblotet er på sett og vis den eldste forma for julefeiring, seier Sørheim.

Krafta i kornet

(Illustrasjon: Ellen Hagen, Arkeologisk museum, UiS)

I dag veit vi lite om sjølve innhaldet i midtvinterblotet. I ei kvinnegrav i Audnedal i Vest-Agder, datert til 500-tallet e.Kr., er det funne ein gullbrakteat, ein smykkeamulett, med innskrifta «julekraft-hesten».

Forskarane har tolka dette til at hesten i juletider hadde ein eigen styrke etter å ha innteke julekveldsfôret. Ei anna forklaring er at innskrifta fortel om «kornnek-krafta», krafta som ligg til grunn for alt liv i naturen.

Juleneket, som er fast i vår julepynttradisjon, symboliserer derfor fruktbarheit.

– Øl er òg laga av korn. I Heimskringla frå 1200-tallet, i sagaen om Håkon den gode, står det at kongen hadde sett i loven at folk skulle halde jul på same tid som dei kristne, og at kvar bonde skulle ha ein mæle øl.

– Ein mæle varierer frå 16 liter i Sogn til 40 liter på Sunnmøre, uansett eit temmeleg stort kvantum, fortel Sørheim.

Seremoniell drikking av juleøl har vore eit fast innslag i heidensk tid. Sjølve drikkinga inneheldt eit sakralt element. Rus og ekstase skulle skape samband til overmaktene, til Odin, Tor, Frøy og Njord.

– Denne drikkeskikken vart ført vidare med kristendommen. Likskapen mellom heidensk og kristen skikk er påfallande. Skiljet ligg i påkalling og skålsigning for Krist og jomfru Maria i stadet for Odin, Tor og dei andre avsette gudane, seier Sørheim.

Men kva med julenissen, då?

– Dagens kommersielle julenisse med knallraud drakt, sølvgrå manke og langt skjegg stammar frå ein Coca-Cola-reklame frå 1931. I reklamen drakk nissen sjølvsagt brus, og framstillinga er blitt sjølve modellen for vår tids nisse, seier Sørheim.

Sjølve namnet nisse peiker ikkje tilbake til heidensk tid. Den heidenske ”nissen” budde på garden og opererte heile året.

Han kunne ha mange namn, for eksempel haugbonden, tuftekallen, bokken, tomten eller tunvorden – namn som peiker tilbake til heidensk tid og tradisjon.

– Tuftekallen passa på garden, men måtte lønast med mat og drikke. Han kunne finne på all slags fanteri og bli ganske sinna. Det er grunnen til at vi set ut graut til nissen den dag i dag, seier Sørheim.

Julenissen er oppkalla etter den heilage Nikolaus av Myra, som levde ein gong mellom 280 og 351 e.Kr. Han var biskop i Myra i Litleasia, og legendene seier han var svært gåvmild.

– Hollandske protestantar tok legendene om Nikolaus med til Amerika, der det hollandske namnet Sinte Klaas, i dag Sinterklaas, vart til Santa Claus. Dette vart smelta saman med forteljingar frå nordisk folklore om nissen som straffa slemme barn og gav gåver til dei snille.

– Guden Tor med si vogn trekt av geitebukkar, vart òg inkludert. På denne måten oppsto den snille julenissen med sleden trekt av reinsdyr, seier Sørheim.

Powered by Labrador CMS