"Ny energi" - gammalt nytt

I eit par tiår har miljøvennleg energi venta rett rundt hjørnet - men oljepumpene går som aldri før. Er fornybar energi overselt?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Vindmøller på Smøla. Snart får dei selskap av fleire. Mange fleire. (Foto Arne Asphjell/NTNU Info)"

Det har ikkje skorta på forlokkande framtidsdraumar: Hydrogensamfunnet, der bilistane vislar lydlaust på veg til og frå jobb, medan «eksosen» dryp rein og fin ned i vegbanen. Vindkraft-Noreg, der svære møller i kvar ei grend kvernar all den elektrisitet vi treng, ut av vindkasta. Sol-, bølgje- og vasskraftlandet der ingen lenger må tenke på å spare straum.

Teknologiane som trengst, er på veg. Det har vi høyrt - lenge. Resultatet, i år 2005? I Noreg går oljepumpene i Nordsjøen som aldri før. I verda vert 95 prosent av energibruken dekka av ikkje-fornybare energikjelder: olje og kol.

Men framleis talar alternativprofetane til oss, om kor reint og bra alt skal bli. Kan vi tru på visjonane deira - eller er det slik at fagre ord dekker til det faktum at forbruket av olje og kol held fram med å vekse? Og: Er nå den miljøvennlege energien så miljøvennleg når det kjem til stykket?

Aristoteles meinte at materien var sett saman av fire grunnstoff. Dagens miljøfilosofar meiner det er ut av desse elementa vi trekker framtidas grøne energi.

I Trøndelag, ein seinvintersdag: Førsteamanuensis Jørgen Løvseth står og flaksar om kapp med vindmøllene ytst på forblåste Smøla. Han flaksar til ære for fotografen.

Løvseth har slåss for solenergi og vindmøller i ein mannsalder, og nå bles vinden i hans retning. Ti nye møller står klar for oppføring berre i denne vindmølleparken åleine.

"Jørgen Løvseth flaksar med møllene. (Foto: Rune Petter Næss/NTNU Info)"

Vi var med Løvseth hit i vinter då han fylte 70, og det passa bra å vandre ut på heiane i den trønderske skjergarden, fram til nyleg eit paddeflatt landskap der lyngen var det einaste som rørte på seg i vindkasta - nå eit livleg syn, med treblada rotorar som sviv overalt.

Not in my backyard

Vi spurte han om kva folka som bur her ute, meiner om møllene som veks opp omkring dei. Løvseth svara at spørjeundersøkingar tyder på at dei gjekk frå å vere positive til endå meir positive etter at møllene kom opp.

Mon det?

- Det kan sjå ut som om dei har teke ein meir tvitydig haldning til vindkraft etter at ein starta med å bygge møllene.

Det er professor Knut H Sørensen som seier dette, og det er Noregs Naturvernforbund han snakkar om. Det er kan hende ikkje så merkeleg at Naturvernforbundet er blitt meir skeptisk etter kvart som møllene kjem opp, for dette er på mange måtar ein grasrotorganisasjon, med medlemmer som bur ute i distrikta, der vindmøllene står.

Og her slår syndromet NIMBY til: Not in my back yard - ikkje i mitt nabolag. Eller som kunstnar Lise Hauge sa til Morgenbladet i april:

- Det bles då andre stader også.

Monster

På den andre sida: Kven vil vel ha eit 130 meter høgt monster som tek til å brøle så snart det første vindkastet kjem, bakom husveggen? Ikkje i min bakgård?

- Dette ber feil veg. Først tok vasskrafta fjella, nå kan vindkrafta ta kysten og vidda, sa leiar av Naturvernforbundet, Erik Solheim, nyleg. Dette vert raskt ein debatt om miljøestetikk. Er det ein del av miljøvernet?

«Debatten er prega av eigeninteresser frå mange hald, og er i stor grad på veg mot ein estetikk-debatt.» Dette skriv Bellona på sine nettsider.

Oslo: Vi møter energiøkonom Marius Holm i Bellona. Akkompagnert av ei stillegåande Akerselv forbi hovudkontoret, forklarer han kor viktig det er for verdas framtid at smølaværingar og andre ikkje oppfører seg som sperreballongar:

- Det er egoistisk å setje omsyn til eigne fjellknausar framfor klimaførebyggjande tiltak. Rett nok er Noreg ikkje det første landet som vil merke følgjene av den globale oppvarminga, men likevel bør ein ha omsynet til fellesskapet lengre framme i tankane.

- Spelar dei ulike miljøvernorganisasjonane på lag?

- Nei, vi gjer ikkje alltid det. Men vi har sams mål: Gjere noko med den globale klimaeffekten, seier Holm.

Sakte, sakte

Når Regjeringa satsar på vindmølleparkar, er dei på rett veg, meiner Bellona, Natur og Ungdom, og - trass innvendingar - Naturvernforbundet. Men det monnar så lite. I dag produserer norske vindmøller ein halv terrawattime (TWh). Regjeringa vil at produksjonen skal auke til heile tre TWh innan 2010.

Det årlege norske straumforbruket er på 120 TWh. Med andre ord er det olja i Nordsjøen som skal halde oss flytande, ventande i 100 år til.

- Målet er 20 i år 2020, seier seniorforskar John Olav Tande i Sintef.

Ordspelet er enkelt: 20 TWh innan dei to første tiåra er omme. Dette bør vere realistisk, meiner vindmølleforskaren. Som ikkje greier å late vere med å fortelje kva for enorme moglegheiter vindmøllene har:

-Teoretisk kan ein produsere 1 000 TWh gjennom vindmøller langs norskekysten.

Vind til tusen

- Men då står dei venge mot venge frå Nordkapp til Lindesnes?

- Nei, nei, det held å legge vindmølleparkar på strategiske punkt langs kysten, seier Tande, og legg til at tre TWh innan 2010 slett ikkje representerer noka storstilt utbygging: Ein kunne sett opp ein vindmøllepark på ti ganger ti kilometer, og produsert denne energimengda.

1 000 terrawatt, ni gonger så mykje som totalforbruket av energi i landet. Svære greier, sjølv om det berre er på papiret. Og her sit vi med ein halv TWh og vonar fromt på tre.

Havmøller

Sjølv om det er bra for det globale klimaet, kan kystfolket likevel styre begeistringa for å bli omringa av vindmøller. Derfor peikar Tande på eit alternativ: å flytte møllene ut i havet. Ut av syne, ut av sinn.

Eitt av forslaga som Tande har mest tru på, går ut på å bygge eit flytande tårn som er tre gongar så stort som dei største landbaserte vindmøllene, og så fylle botnen med stein.

- Om tårnet vert forankra på rette måten, vil det oppføre seg som ein gigantisk flytebøye, forklarar Tande.

I Noreg vert altfor mykje søppel til jord, medan det i staden kunne gjort nytte for seg i form av bioenergi. Tore Killingland i Naturvernforbundet:

- I Sverige produserer ein 100 TWh i bioenergi årleg.

Killingland er ein entusiast som gjerne talar slik journalistar liker. Når han skal forklare kvifor privateigde kjøretøy vert tyngre og tyngre, forklarar han det ut frå at norske bilistar er blitt så late og feite at dei ikkje orkar å sveive att vindauget sjølv, men må ha ein motor til å gjere jobben. Når bilen vert for tung, aukar vekta.

Når det gjeld bioenergi, forklarar han det faktum at teknologien og metodane er kjent, på følgjande vis: Krutet er oppfunne. Nå gjeld det å finne børsa.

Brennbart avfall

Biologisk materiale er så mangt. Ein del av det handlar om avfallssortering: Kva går til deponering, og vert til jord utan at det lar seg gjere å lirke energi ut av det? Kva kan nyttast til noko, i første rekke til fyring i biokraftverk?

Her er det likninga med krutet og børsa kjem inn. Om til dømes bønder og grunneigarar fekk betalt for såkalla skrotved, ved å levere det til biokraftverka, så vart det lønsamt å tynne skogen slik at høgkvalitets ved vart att.

- Slik tenker ein heilskapleg, seier Killingland.

Per i dag står bioenergi for om lag fem TWh. Halvparten av dette er vedfyring. Den andre halvparten finn vi i skogindustrien, der bioenergi dekker ein fjerdedel av energibehovet.

Professor Johan Hustad er leiar ved Senter for fornybar energi som NTNU og SINTEF gjekk saman om å etablere i 2004.

Fyr i veg

Dette handlar om å fyre med brennbart avfall. Men er det miljøvennleg å fyre i peisen?

- Dagens omnar utnytter 60-65 prosent av energien, og dette er for dårleg. Samstundes kjem dei med vesentlege utslepp av partiklar til luft. Nyare omnar verkar betre, opp mot 80 prosent, og utsleppa er redusert med like mange prosent. Nyare omnar kan i framtida redusere dette ytterlegare, men ny teknologi må da utviklast, seier professor Hustad.

Bioenergi forureinar mindre enn sine «fossile søskenbarn». Bruk av bioenergi gir inga netto utslipp av karbondioksid (CO2) fordi plantene tek karbondioksid frå atmosfæren opp i seg når dei veks.

I tillegg er utsleppa av svovel marginale. Utslipp av sot, CO2 og hydrokarbonar er høgare frå bioenergi enn frå naturgass, men det er mogeleg å redusere desse utsleppa vesentleg. Hustad presiserer at dette føreset moderne forbrenningsteknologi.

- Bruk av bioenergi i staden for oljefyring er eit viktig tiltak for reduksjon av klimagassutslepp i Noreg, og dermed eitt av de tiltaka vi må satse på for å unngå at utsleppa av klimagassar aukar, seier professor Hustad.

Han trur bioenergi kan doblast i Noreg i løpet av ti år. Så får vi sjå kva som skjer.

Energi frå vatn i Noreg handlar først og sist om vasskraftverk. Er dette miljøvennleg energi? Mange minnest framleis kampen om utbygginga av Altavassdraget, og før det Mardølautbygginga.

I dag har politikarar på begge sider erklært at «tida for dei store vasskraftutbyggingane er over.» I 2003 produserte norske vasskraftverk 207 TWh, og så mykje meir får ein ikkje til, om ein ikkje skal byggje ut mange mindre vassdrag. Det er det inga politisk vilje til.

Farleg vasskraft

Om ein ser bort frå inngrepa i naturen, har vasskraft ry som rein og uskuldig. Men ein artikkel i New Scientist i vinter slår hol i den myten: Når dei store demningane vert fylt opp, blir store mengder karbon som er bunde til trær og andre plantar, frigjort på grunn av forrotninga som oppdemninga fører til.

Anna plantemateriale som vert liggande på botnen, rotnar utan hjelp av oksygen. Dette fører til at metan vert danna, og metan fører til 20 gongar meir global oppvarming enn CO2, les vi i tidsskriftet.

Problema vert større jo varmare landet er: Såleis førte utslepp frå Curuá-Una-demninga i Brasil til tre og ein halv gang meir drivhutsutslepp enn kva eit tilsvarande oljebasert el-produserande kraftverk ville gjort.

Spesialrådgjevar Hans Aarhus i Naturvernforbundet seier likevel at dette ikkje vil kunne skje på same vis i Noreg, dels fordi landet er kaldare, dels fordi ein her til lands ikkje dannar slike kunstige innsjøar.

Bølgjedal

Eit felt som det ikkje vart noko av, er bølgjekraft. Den som kan mest om dette, er professor emeritus ved NTNU, Johannes Falnes. Noreg var, saman med Storbritannia, leiande i verda på feltet sist på 1970-talet. Også dette er ei historie om enormt potensial, som framleis ikkje er realisert.

Professor Falnes fortel at samla kan bølgjekraft produsere om lag 400 TWh årleg i Noreg. Så kvifor vart det ikkje noko av?

- Mi personlege oppfatning er at regjering og storting stogga støtta etter press frå dei store oljeselskapa. Dei var vel redd for konkurransen, trur professor Falnes.

Ein gong i menneskets urtid kom elden til oss frå himmelen - i form av lynnedslag, og som konsentrert solvarme. I verda i dag er sol kan hende den fornybare energikjelda med størst potensial. Her er teknologiutviklinga heilt sentral.

"Solcellepanel ved NTNU. (Foto: Nina E. Tveter/NTNU Info)"

- Mengda med solenergi som treffer jorda kvart år, svarar til om lag 15 000 gongar verdas totale energibruk, forklarar Hustad.

- Dagens solcelleteknologi kan i teorien forsyne Noreg med 120 TWh ved å dekke 0,4 prosent av landområdet med solceller. Men dette lar seg likevel ikkje utnyttast slik i praksis.

Visjonar til tross - det er andre stader i verda der sola skin meir enn i Noreg. Men det som ligg lagra utanfor kysten vår, er noko ikkje mange har mykje av.

Norsjøens våte draum

Bortkasta eld: Gassfaklane som stikk på skrå ut av plattformtårna i Nordsjøen, er for mange eit symbol på sløsing av energi - krafta vert til eld, utan at nokon får glede av den. Men er «CO2-frie» gasskraftverk miljøaktivistens våte draum - eller er det endå eit luftslott, som korkje er realiserbart eller miljøvennleg?

Let det seg gjere å utnytte gass frå Nordsjøen til miljøvennleg energiproduksjon? Dette er blitt den store kontroversen mellom miljøforkjemparar denne våren.

Årsmøtet i Sosialistisk Venstreparti i mars gjekk til kampvotering om dei skulle gå for CO2-frie gasskraftverk: Tilhengarane vann med knapp margin. I miljørørsla står Bellona (for) og Naturvernforbundet (mot) mot kvarandre.

Ikkje CO2-“fri”

Mange kallar dette for CO2-fri gassproduksjon, fordi CO2-rekneskapen går i null, ved at karbondioksid vert pumpa ned i havbotnen for å presse gassen opp.

Karbondioksiden som vert produsert ved hjelp av gassen som kjem opp (pluss ein del CO2 som vert med gassen opp av feltet), vert likna ut av den karbondioksiden som blir liggande att i feltet.

Verken Tore Killingland eller Marius Holm godtek å kalle denne gasskraftproduksjonen for «CO2-fri.» Eit betre uttrykk er «Gasskraftproduksjon med CO2-handtering.»

Kan ikkje vente

Marius Holm har stor tru på slik gasskraftproduksjon. Dette er spesielt viktig fordi utviklinga av fornybar energi tek tid.

- I verda er det eit enormt vekstpotensial for produksjon av fornybar energi. Spørsmålet er om det kjem i tide - den globale oppvarminga aukar, og aukar raskare.

- Vi kan ikkje vente med tiltaka, vi er nøydd til å få ned utsleppa raskt, og då kjem vi ikkje utanom reinare fossil energiproduksjon, med fangst og lagring av karbondioksid.

Holm legg til at CO2-deponering også har ein eigenverdi, om ein ser bort frå gasskraftproduksjonen: 800 milliardar tonn karbondioksid kan lagrast i gamle felt på norsk sokkel.

- Dette tilsvarer det europeiske forbruket i eitt hundre år, forklarar Holm.

- Gasskraft gir meir CO2

- Gasskraftverk er blindspor, også dei med CO2-handering, meiner Tore Killingland i Naturvernforbundet.

- Kvifor investere så mykje teknologi, pengar og personale i å byggje eit kraftverk som gjer at CO2-rekneskapen berre går i null? Ein må tenke meir offensivt enn som så, meiner Killingland, som derimot har stor tru på CO2- deponering frå sentraleuropeiske kolkraftverk.

Naturvernforbundet får nå støtte frå resultata av eit ferskt NTNU-doktorgradsarbeid. Sivilingeniør Klaus-Ole Vogstad har kjørt modellanalysar som konkluderer med at bygging av gasskraft vil føre til auka utslepp av CO2 på lengre sikt.

Modellen simulerer drift, prisar, investeringar, teknologiutvikling og ressurstilgang over tretti år, og viser at medan gasskraft på kort sikt erstattar noko av den eksisterande kolkrafta, vil gass på lang sikt kome til å erstatte alternative investeringar i fornybare energikjelder.

I filmen med same namn var det den rekombinante romfararen i Milla Jovovich’ skikkelse som var det ekstra elementet som bandt saman dei fire naturelementa, fekk dei til å verke saman og skape noko nytt. Dette nye redda menneska frå å bli utsletta.

I vår samanheng er det femte element pengar.

Johan Hustad seier det slik:

- Det mest interessante for Noreg som nasjon her er ikkje energipotensialet, men industripotensialet. Sjølv om det ikkje finst nokon stor marknad innanlands for alternativ energi, er det globale nedslagsfeltet svært. Berre for å nemne eitt døme: Verksemda Scanwafer produserte solceller for ein milliard kroner i fjor.

Tore Killingland meiner dette handlar om evna til å tenke nytt:

- Norske turbiningeniørar som vart utan arbeid då vasskraftutbygginga flata ut, gjekk på arbeidsløysetrygd medan danske elektroingeniørar svingte seg opp på vindkraft, og starta med å konstruere vindmølleturbinar. Her har vi noko å lære.

I dag er 20 000 danskar sysselsett i vindmølleindustrien, som eksporterer for 20 milliardar kroner årleg.

Vegskilje

Professor Knut H. Sørensen ved Institutt for tverrfaglege kulturstudiar, NTNU, forskar på teknologi med samfunnsvitskaplege perspektiv. Han ser eit vegskilje i synsranda.

- Vi står overfor eit vegskilje både når det gjeld veksten i globale utslepp og kva for konsekvensar det tvingar fram - og i framtida kan vi bli nøydd til å velje kva for teknologiar vi bør satse på. Så langt ser eg inga vilje til å prioritere, seier han.

Situasjonen nå er prega av at ei rad ulike teknologiar er under utvikling.

Liberalisert

Professor Sørensen forklarer mangelen på prioritering med at tidleg på 1990-talet vart den norske energimarknaden liberalisert, med det som resultat at Noreg i dag har eitt av verdas mest liberaliserte kraftmarknader.

- Vi har inga energipolitikk! Alt er overlate marknaden. Vi har ein enøk-politikk, men det er ikkje det same, og det er farleg å blande desse to omgrepa.

- Mange trur at enøk-politikk har med miljø å gjere, men det er feil. Enøk handlar om å spare pengar. Fokus er på pris og kostnader. I visse situasjonar er det god enøk å erstatte vasskraft med olje.

Pengar ikkje alt

Pengar kan vere det femte elementet som bind saman dei andre fire - men det treng ikkje fungere slik, og vi må ikkje overvurdere verknaden av økonomiske verkemidlar, åtvarar professor Sørensen.

- Ein har lett for å feste for stor lit til pengar som motiv for å få folk til å endre åtferd, til dømes at auka el-prisar får oss til å spare på straumen. Men det er få områder kor pris betyr mindre enn på energisektoren.

Rein energi?

Historia om ny fornybar energi i Noreg er historia om evige repetisjonar på kalkylar over potensiell energiproduksjon, og potensiell kommersiell utnytting som aldri vart noko av.

Men kan hende er tida inne nå? Det hastar meir enn nokonsinne. Som Tande peikar på, kan vi i Vesten hente mykje inn på enøk-tiltak, men det kan ikkje den tredje verda (og Kina): Her handlar det om å få opp produksjonen, og fø på eigne innbyggjarar. Då kan ein ikkje framleis sitje og vente på den perfekte løysinga.

- Det beste var om ein fann ei energikjelde som var uuttømeleg, som ikkje kosta noko særleg og som ikkje hadde nokon form for skadeverknader på miljøet. Den kjelda har vi dessverre ikkje funne enno, og mykje kan tyde på at vi aldri vil finne henne. Vi får finne på noko anna i mellomtida, seier John Tande.

Powered by Labrador CMS