Mor og barn, begge hiv-smittede, i Kangulumira, Uganda. (Foto: Tomas Van Houtryve, Corbis)

Kan redde barn frå hiv

12 månadar med flytande hiv-medisin til spedbarn som vert amma av hiv-positive mødrer beskyttar barna mot infeksjon.

Institusjonar som deltek i studien

  • Universitetet i Bergen, Noreg
  • Institut National de la Santé et de la Recherche Médicale, Frankrike
  • University of Ouagadougou, Burkina Faso
  • University of Western Cape, Sør-Afrika
  • Makerere University, Uganda 
  • University of Zambia, Zambia

(Kjelde: Universitetet i Bergen)

– 37 millionar menneske lever med hiv i dag. Studiet vårt gir håp om at færre barn i låginntektsland vil verta smitta i framtida, seier professor Thorkild Tylleskär ved Universitetet i Bergen (UiB).

Spedbarn som får brystmjølk av hiv-smitta mødrer, er sterkt utsette for å verta smitta. Ein studie frå fire land i Afrika viser at å gi slike spedbarn flytande medisin mot hiv-smitte er ein svært effektiv måte å beskytta barna mot infeksjon.

Dette gjeld også 6 til 12 månadar etter fødselen, ein periode som ikkje er analysert i tidlegare forsking. Forskingsresultata er publiserte i The Lancet. Studien har vore eit samarbeid mellom UiB og Institut national de la Santé et de la recherche médicale, Frankrike.

Løysinga på ei krise?

Medan smitte frå mor til barn er så godt som utsletta i Europa, er låginntektsland ikkje kvitt problemet.

Professor Thorkild Tylleskär ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved UiB. (Foto: UiB)

– Ein liten by med 100 000 innbyggjarar i Afrika kan ha fleire hiv-smitta barn enn alle barn med hiv i Europa og USA til saman. Dette problemet er enormt, seier Tylleskär.

Tylleskär og forskarkollegaene hans gjorde ein studie av ammande barn fødde av hiv-smitta mødrer på fire stader i Burkina Faso, Sør-Afrika, Uganda og Zambia. Desse mødrene var enno ikkje kvalifisert for såkalla antiretroviral behandling i høve dei dåverande retningslinjene.

Mange mødrer som finn ut at dei har hiv, får antiretroviral behandling. I desse tilfella er det ikkje naudsynt å behandla barna med mindre hiv-smitten vert oppdaga for seint hjå mødrene.

Barna i studien var delte i to grupper som fekk to ulike legemiddel – førebyggjande medisin. Begge viste seg å vera effektive.

– Vi har bevist at risikoen for smitte er svært låg når ein beskyttar barna med dei rette medisinane. Ein kan samanlikna det med å ta medisinar som førebyggjer malaria når ein skal til eit område med høg risiko for å pådra seg sjukdomen, seier Tylleskär.

Får mødrer til å forstå

Tylleskär ønskjer at funna skal brukast vidt og løysa eit stort problem. Skal det skje, må Verdas helseorganisasjon (WHO) evaluera resultata og ta dei med i dei nye retningslinjene deira. De fleste regjeringar vedtek ikkje nye retningslinjer før WHO har godkjent dei.

– Det neste steget i forskinga vår er å finjustera korleis testinga og medisinane vert tilbydd. Vi håpar dette vil gjera at endå fleire mødrer forstår at barna deira kan beskyttast mot hiv, og korleis dei kan beskyttast, seier professoren i global helse.

Referanse:

Nicolas Nagot mfl: Extended pre-exposure prophylaxis with lopinavir–ritonavir versus lamivudine to prevent HIV-1 transmission through breastfeeding up to 50 weeks in infants in Africa (ANRS 12174): a randomised controlled trial. The Lancet, 18. november 2015, doi: 10.1016/S0140-6736(15)00984-8. Sammendrag

Powered by Labrador CMS