Rektor Dag Rune Olsen overraska Frank Aarebrot med blomar og lovord under det som Aarebrot sjølv håper ikkje er den siste førelesinga hans ved universitetet. (Foto: Marthe Njåstad)

Heidra Frank på siste førelesing

Frank Aarebrot har formelt hatt si siste ordinære førelesing på Universitetet i Bergen. Var det opp til han, hadde han fått halda fram med å undervisa som før. 

I samarbeid med På Høyden

Artikkelen er utgitt av Universitetet i Bergens uavhengige avis, På Høyden.

– Eg har ingen planar om å mata duer i parken, seier Aarebrot om planane for pensjonist-kvardagen. 

Han er midt i røykepause nummer éin på mandagens doble førelesing i Stats- og nasjonsbygging. Tittelen professor emeritus har han allereie fått. Men mandag er det siste ordinære førelesing for den folkekjære statsvitaren Aarebrot. 

Det betyr at Egget ikkje berre er fylt med kunnskapstørste studentar, men at journalistar frå dei fleste av byens mediehus har tatt turen for å få med seg avslutningsførelesinga hans. 

Aarebrot er sjølv ikkje klar for å legga bak seg undervisingsrolla endå. 

– Eg håpar dette ikkje blir siste førelesning. Men det blir siste kor UiB slepp å betala for det. Eg vil gjerne fortsette med dette – og eg kan for så vidt godt gjera det gratis også. Eg får jo pensjonen min. Det burde gå an å finna ei løysing, seier Aarebrot. 

Professoren er ikkje overbegeistra for all merksemda.  

– Studentane har eksamen i morgon – så dette er ei viktig førelesing for dei, seier Frank på veg opp igjen i Egget.

Men meir merksemd skal det bli. Midt i andre del av førelesinga kjem rektoratet og fleire frå leiinga ved Sampol for å heidra professoren -  til ståande applaus frå studentane. 

– Vemodig

– Det er naturligvis litt vemodig at han sluttar. Men det er óg eit tidpunkt for å visa takksemd, og ikkje berre for den forelesaren og opplysaren som Frank er, men for samfunnsbidraget hans. Det er ingen tvil om at Frank sitt bidrag til samfunnsdebatten har vore heilt fantastisk. Han er eit meget godt eksempel på det me kallar for «impact» innan vitskapen, seier Dag Rune Olsen.

Teiria Svebakk og Live Idland har hatt Frank som førelesar sidan jul i emnet sampol105. 

(F.v. Teiria Svebakk og Live Idland) (Foto: Marthe Njåstad)

– Han er jo så og seia kjendis, så det er morosamt å fortella at me har han som førelesar. Då blir folk veldig interessert. 

Dei fortel at ei førelesing med han, sjeldan blir keisamt.

– Han gjer faget spanande uansett, nasjonsbygging for over 200 år sidan kan vera ganske tørt, men han klarer å fanga interessa vår og får inn litt humor inn i det også, seier Svebakk.

Det er tydeleg at ingen andre forelesarar når heilt opp.

– Det er rett og slett kjekkare med Frank, seier Idland, og legg til:

– Eg trur ingen kan bli som Frank. Han har så mykje erfaring, og så mykje entusiame og interesse for faget. Det er heilt unikt.

Ikkje klar for å bli pensjonist

Aarebrot har altså ingen planar om å kutta ned på arbeidsmengda - og timeplanen fram mot Stortingsvalet i haust er smikkfull. 

– Eg har meir enn nok å gjera – eg føreles på Universitetet i Stavanger blant anna, og det kjem eg til å halda fram med.

For når me spør kva han synest om eldrepolitikken innan akademia, med ein pensjonsalder på 70 år, er han klinkande klar.

– Mi oppfatning er at det er heilt idiotisk at dei har den regelen, me ville jo spara samfunnet for pensjonsmidlar utan den, vil eg nær sagt seia. Men me kunne jo gjerne hatt pensjonen, og så kunne universiteta brukt oss meir aktivt som emeriti utan at det skulle kosta univeristetet noko særleg. 

Ulike pensjonsordningar

Han viser til store variasjonar i resten av Europa. 

– Viss ein skal samanlikna, så er det er jo veldig tilfeldig kva ordningar dei ulike landa har. Sverige og Norge har 70-års grense, Danmark har det ikkje, sjølv om dei har same type allmenne pensjonsalder som Noreg har. Tyskland har 70-års grense, medan Frankrike ikkje.

– Eg veit om mange tyskarar opp i 80-års alderen som føreles i Frankrike. Det er synd for Tyskland, men bra for Frankrike. 

Frank Aarebrot vil gjerne halde fleire forelesingar framover. Og då høyrer røykepause med. (Foto: Marthe Njåstad)

Førelesingane og studentane det viktigaste

Han er tydeleg på at det er studentane og undervisninga han brenn for.

– Det er førelesningane eg likar best av alt eg gjer. Det andre er ikkje så farleg, forsking kan eg gjera på heimekontoret, men å undervisa er eg avhengig av universitetet for å gjera.

Og det vil han halda fram med uansett. 

– Det betyr berre at eg må gå til eit anna universitet. For andre universitet betalar jo, gjesteførelesar kan ein vera uansett. Det er litt dumt at ein ikkje kan undervisa på sin eigen institusjon.

– Du får strålande tilbakemeldingar frå studentane me har snakka med. Korleis er det? 

– Det er veldig kjekt med slike tilbakemeldingar. Eg trur folk legg merke til at ein liker det ein gjer. Det er kommunikasjon på eit djupt nivå som kjem fram utanom det du seier. Eg trur min glede over å førelesa i ein viss forstand blir vidarekommunisert. 

Kan ikkje garantera for undervising

Visestyrar på Institutt for samanliknande politikk, Jan Oskar Engene, seier Aarebrot nok blir å sjå igjen som førelesar på Sampol.

– Dette er inga avskjedsførelesing, men byrjinga på avskjedsturneen. Me kjem nok til å invitera han til å halda fleire førelesingar igjen.

– Men kan han få halda fram å undervisa regelmessig på emner som sampol105 som han sjølv ønsker?

– Kabalen er ikkje lagt endå, me må sjå det litt an. Det skal vera eit dekanval og litt slikt først. Frank har i alle fall gløden og lysten, seier Jan Oskar Engene, visestyrar på Insitutt for samanliknande politikk, seier Engene. 

Artikkelen ble først publisert i På Høyden.

Powered by Labrador CMS