For tida kan du sjå Dr. Fridtjof Nansen omkring Bergen. Nokre dagar ankrar dei opp på Sandviksflaket for å teste utstyr.

Slik er eit moderne forskingsskip på innsida

Sjå kva som skjuler seg i Norges mest avanserte forskingsfartøy.

24.2 2017 04:00

Dr. Fridtjof Nansen legg ut frå Nykirkekaien i Vågen i Bergen. Denne gongen går turen berre til Os, men snart ligg Afrika og Asia framom baugen til det nyaste og mest moderne norske forskingsfartøyet.

Trykk på punkta i biletet for å sjå video av dei ulike funksjonane.

FF – forskingsfartøy - Dr. Fridtjof Nansen er det viktigaste verktøyet i EAF–Nansenprogrammet, som er finansiert av Norad og Verdas matvareprogram, FAO. Å skaffe forskingsdata slik at ein kan forvalte havressursar forsvarleg er heilt sentralt, samt å utdanne havforskarar lokalt i utviklingsland.

Det nye fartøyet kostar rundt 450 millionar kroner.

Utfordringar på land

Sidan 1975 har forløparane til nye Dr. Fridtjof Nansen gjennomført tokt i meir enn 60 land. Mest i Afrika, men og i Asia og Latin-Amerika.

På brua gjer kaptein Tommy Steffensen seg kjent med det nye fartøyet.

– Dette skipet er mykje større enn det førre, og har mange fleire funksjonar. Og vi kan styre heile båten frå ein PC, fortel Steffensen , som vaks opp blant trålarar og juksamaskiner i Myre i Vesterålen, nokre garnlengder frå Norskehavet. Han blir ein del av det nye mannskapet på båten, men har òg tenestegjort på dei andre norske havforskingsfartøya, som heller søker oppunder drivisen enn ned mot tropene.

– Heime ligg utfordringa i å vere på sjøen. Der nede ligg utfordringane på land, fortel han.

Når havbotnen på 6000 meter

Eit tokt med «doktoren» tek gjerne to til fem veker. På eit tilsvarande tokt i Norskehavet kan forskarane komme over 30-40 artar. Men i tropane kan dei finne 500 forskjellige artar på like lang tid.

Om bord er det seks ulike laboratorium for å studere alt frå plankton til storfisk. Ekkolodda er så nøyaktige at dei kan sjå einskilde fiskeegg. For å unngå turbulens frå skrogsida har Dr. Fridtjof Nansen to senkekjølar, som det er montert instrument på. Desse kan senkast tre meter under skroget, slik at målingane blir gode.

Det er også bygd hangar til forskings-ROV-en Ægir 6000. Den fjernstyrte undervassfarkosten (Remotely Operated Vehicle) kan dykke ned til 6000 meter, og dermed dekke mesteparten av jordoverflata.

Ægir kan til og med ta over styringa av heile morfartøyet: Styringa av Dr. Fridtjof Nansen kan settast opp slik at skipet automatisk følger etter forskings-ROV-en på mange tusen meters djupne.

Trålar og målar

Med trålen hentar dei opp fisk for prøvetaking og bestandsmål. Noko av fisken blir brukt som mat om bord, mens resten blir kverna og ført tilbake til havet.

Langs kysten av Afrika kan fartøyet møte små, opne båtar eller kanoar langt til havs, og dei kan vere umulege å sjå på radar. Difor har Dr. Fridtjof Nansen fått to varmesøkande kamera, slik at dei kan oppdage personar om natta òg.

Nest etter trålen er CTD det mest brukte prøvetakingsutstyret om bord: CTD står for conductivity, temperature og depth, og er ein rund rigg med ulike flasker og måleinstrument. Riggen blir heist ned i vatnet, og tek vassprøver og målingar på ulike djupner.

Lengste bistandsprogram

Bergensaren og havforskaren Gunnar Sætersdal var initiativtakar til Nansen-skipa. Sætersdal var havforskingsdirektør frå 1972 til 1986, og fikk sett i gang forskingstokta.

– Dette er det lengst eksisterande bistandsprogrammet Noreg har hatt, fortel toktleiar Jens-Otto Krakstad.

Toktleiarane har det vitskaplege ansvaret om bord, mens kapteinen rår over eit mannskap på 15 personar.

Sætersdal jobba mykje internasjonalt, mellom anna i Søramerika.

– Han skjønte kor viktig mattryggleik og fiskeri var for desse landa, seier Krakstad.

Fullt utnytta ressursar

Då programmet starta opp var målet å finne nye fiskeressursar for utviklingsland. Men det viste seg etter kvart at dei fleste ressursane allereie var fullt utnytta. Då endra innhaldet seg til å anslå storleiken på ressursane, slik at dei kunne forvaltast godt.

– Norge er det einaste landet som driv fiskeriforsking på denne måten. Kystnasjonane får dataa vi samlar inn.

Med trimrom, soldekk og internett på lugarane er det ikkje berre forskingsutstyret som har fått ei oppgradering med det nye fartøyet.  

Dr. Fridtjof Nansen blir no klargjort og utstyrt i Bergen: Alt må virke når fartøyet er framme i tropane. Etter dåpen i Oslo i mars, kjem fartøyet truleg ikkje tilbake til Norge på mange tiår, når det skal ut av teneste. 


I maskinrommet styrar Ove Rune Molvik to 1710 kilowatts dieselgeneratorar, og ein på 1140 kW. Framdrifta sørger to elektromotorar for. Alt er lagd for å vere så stille og vibrasjonsfritt som muleg. (Foto: Tor Farstad)

Artikkelen ble først publisert i På Høyden.

Annonse

I samarbeid med På Høyden

Artikkelen er utgitt av Universitetet i Bergens uavhengige avis, På Høyden.

FF DR Fritdjof Nansen (3) (2016 – )

Det nye fartøyet ble levert på slutten av 2016, og har de mest moderne teknologiske løsninger for fiskeriforskning. Etter en grundig uttesting av fartøyet vil det bli tatt i bruk tidlig i 2017. Fartøyet vil forsette i de samme områdene som den forrige Fridtjof Nansen opererte.

Etter avtale med Utenriksdepartementet og Norad er det FNs matvareorganisasjon, FAO, som har hovedansvar for "Dr. Fridtjof Nansen”s virksomhet, i samarbeid med Fiskerifaglig senter for utviklingssamarbeid ved Havforskningsinstituttet. Instituttets rederiavdeling står for den tekniske driften.

Tekniske data

Verft: Astilleros Gondan, Castropol i Spania        

Hovedmotor: 4500 kw

Byggeår: 2016  

Klasse: DNV +1A1 Ice C, E0, COMF-V(3) C(3) Stern trawler

Lengde: 74,1 m

Bredde: 17,4 m

Lugarer: 32 (45 køyer)

Dybde: 6,4 m    

Laboratorier: 7

Kilde: Havforskningsinstituttet

Emneord