Målet med kvardagsrehabilitering er at ein skal bli i stand til å handtere viktige kvardagsoppgåver sjølv. Som til dømes klesvask. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Eldre må få bestemme måla for rehabilitering sjølv

Kvardagsrehabilitering der dei eldre sjølve bestemmer måla for trening etter skade eller operasjon, kan vere eit betre og rimelegare tilbod enn tradisjonell behandling. 

«Vossamodellen» høyrest kanskje ut som ei fager bondepike frå fjellbygda vestpå, men er faktisk noko enda finare enn det. Det handlar om ein ny type brukarstyrt kvardagsrehabilitering for eldre heimebuande som skal trene seg opp att etter til dømes lårhalsbrot.

Det spesielle med kvardagsrehabilitering er at brukarane sjølve set måla for treninga. Desse blir då gjerne kopla til aktivitetar den enkelte opplever som viktige for å meistre kvardagen som før. Det kan vere snakk om enkle ting som å ta på seg skorne, gå i trappa, henge opp klesvasken eller rett og slett bli førleg nok til å ta bussen for å treffe vennar på kafé.

Voss var ein av dei første kommunane i landet som innførte kvardagsrehabilitering, og initiativet til nyordninga kom frå forskarar på Senter for omsorgsforskning Vest ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

– Vi hadde ein idé om at kvardagsrehabilitering kunne vere eit godt alternativ til tradisjonell behandling, og det viste seg at vi hadde rett i det, seier Hanne Kristin Tuntland.

Ho er førstelektor ved HVL og koordinator for fem delstudiar der ein har sett på ulike effektar av Vossamodellen. Effektane på helse og økonomi er dokumenterte, og brukarane sjølve, deira pårørande og tilsette i heimetenesta er intervjua om erfaringane med kvardagsrehabilitering.

God økonomisk effekt

Hanne Kristin Tuntland har forska på «Vossamodellen». (Foto: Høgskolen i Bergen)

No er alle forskingsresultata klare, og som forskning.no har omtalt tidlegare, er helseeffektane av det nye opplegget gode.

Tuntland og kollegaene følgde 31 eldre som gjennomførte ti vekers kvardagsrehabilitering og samanlikna med ei kontrollgruppe på 30 som fekk tradisjonell behandling. Ikkje berre vart dei førstnemnte betre i stand til å utføre kvardagsaktivitetar, effekten heldt seg også over tid.

Forskinga viser også at Voss kommune opplevde ein positiv økonomisk effekt av kvardagsrehabiliteringa.

– Når ein skal vurdere kosteffekten i eit helseprosjekt, ser ein på både den helsemessige og den økonomiske effekten, og vi har dokumentert gode resultat på begge områda. Behandlinga er både betre og rimelegare, seier Tuntland.

Kvardagsrehabilitering krev noko meir ressursar i den perioden behandlinga føregår, men totalt sett går ressursbruken ned fordi brukarane blir raskare sjølvhjelpne.

– Vi snakkar ikkje om store summar, men på Voss gjekk kostnadene noko ned samanlikna med det tradisjonelle behandlingsopplegget. I kosteffektstudien basert på utvalet vårt, fann vi at kommunen sparte 130 000 kroner i dei seks månadene etter rehabilitering. Og ei teneste som er både betre og noko rimelegare, er absolutt ei kosteffektiv helseteneste, seier Tuntland.

Skilnader i motivasjon

Korleis har så brukarar, pårørande og tilsette opplevd Vossamodellen?

– Undersøkingar gjennomførte av Kari Margrete Hjelle ved HiB viste at brukarane var positive til nyordninga. Men vi såg også at motivasjonen varierte mykje frå brukar til brukar. Nokre har ei sterk indre drivkraft til å klare seg sjølv, andre er meir avhengige av oppmuntring. Det betyr at heimetrenarane må sjå an kvar enkelt, seier Tuntland.

– Vi såg også at dei som mangla denne indre drivkrafta, ikkje klarte å følge opp treninga på eiga hand då dei ti vekene med rehabilitering var over. Det var elles mange, både blant brukarane og dei pårørande, som meinte at rehabiliteringa slutta for brått. Dei sakna ei eller anna form for oppfølging.

Å ha heimetrenar fysisk til stades gjorde elles at mange eldre kjente seg tryggare og dermed også blei modigare. Dei torde å ta eit bad igjen, gå til busstoppet eller prøve seg på trappa til andre etasje.

– Det gjer at eg har lita tru på rehabilitering der ein kommuniserer med trenaren via skjerm. At eit anna menneske er til stades, gjev tryggleik. iPaden kan ikkje ta imot deg om du fell, seier Tuntland.

Pårørande vil bli meir involverte

Dei pårørande var i det store og heile tilfredse med opplegget, men ønskte at personalet i heimetenesta inviterte dei til meir samarbeid.

– Ein del av dei pårørande prøvde også å påverke måla som brukarane sette seg. Nokre meinte at måla kunne vere vel dristige – «er det eigentleg trygt at mor prøver seg på trappa no?» Det viser at når ein har ulike synspunkt, er det viktig at alle involverte partar kjem saman og får sagt sitt, seier Tuntland.

Då forskinga blei gjennomført, varte heimetreninga i ti veker. I dag er rehabiliteringa i Voss kommune meir komprimert, slik at same treningsmengd blir gjennomført på kortare tid.

– Det var fleire både brukarar og pårørande som oppfordra til det; dei følte at treninga blei smurt litt for tynt utover. Effekten kan bli større om rehabiliteringsperioden er meir intensiv, men dette må ein sjølvsagt tilpasse kvar enkelt brukar og diagnose. Nokre treng lengre tid på rehabilitering; andre kortare, seier Tuntland.

Ny motivasjon for tilsette

For mange tilsette i heimetenesta med inga eller låg helsefagleg utdanning, inneber kvardagsrehabilitering nye oppgåver. Dei får opplæring i samarbeid med sjukepleiarar, ergoterapeutar og fysioterapeutar og tek deretter aktive rollar i treninga. Treninga skjer heime hos brukarane og blir integrert med dei «vanlege» heimetenestene.

– Heimehjelparar og assistentar får ikkje berre meir ansvar – dei må også jobbe på ein litt annan måte enn tidlegare. Dei skal ikkje lenger så mykje gjere oppgåver for dei eldre, men heller bidra til at dei eldre handterer kvardagsoppgåver sjølve og kan delta i samfunnet slik dei gjorde før.

– Det er også nytt at målet til brukaren på sett og vis trumfar profesjonsinteressene. Mange tilsette opplevde faktisk at dette gav ny motivasjon fordi dei møter aktive eldre og ikkje berre passive mottakarar.

Fleire tilsette i heimetenesta på Voss framheva også at kvardagsrehabiliteringa gav betre rammevilkår for arbeidet.

– Under rehabiliteringa var dei ikkje så styrte av rutinar, tidsplanar og strukturar, men fekk betre høve til å bruke sitt profesjonelle og faglege skjønn og sjå an kvar enkelt brukar, seier Tuntland.

Referanser:

Hjelle, K.M (m.fl) Driving forces for home-based reablement; a qualitative study of older adults’ experiences. Health & Social Care in the Community 2016 (0966-0410)

Hjelle, K.M. (m.fl) The reablement team`s voice:a qualitative study of how an integrated multidisciplinary team experiences participation in reablement. Journal of Multidisciplinary Healthcare 2016 (1178-2390) Vol. 9, s. 575-585

Kjerstad, E. og Tuntland, H. Reablement in community-dwelling older adults: a cost-effectiveness analysis alongside a randomized controlled trial. Health Economics Review 2016 (2191-1991) Vol. 6 (15)

Hjelle, K.M., Alvsvåg, H. og Førland, O. The relatives`voice: How do relatives experience participation in reablement? A qualitative study. Journal of Multidisciplinary Healthcare 2016 (1178-2390) Vol. 10

Powered by Labrador CMS