Ole Petter Ottersen overtar truleg som ny rektor ved Göteborgs universitet etter at han sluttar som rektor ved Universitetet i Oslo til sommaren. Det er klart etter at styret for universitetet, ber den svenske regjeringa om å tilsetja han formelt. (Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix)

Ole Petter Ottersen truleg ny rektor ved Göteborgs universitet

Ole Petter Ottersen blir truleg tilsett som ny rektor ved Göteborgs universitet. Det er klart etter at universitetsstyret samrøystes gjekk inn for han. Den svenske regjeringa tar den endelege formelle avgjerda i løpet av våren.

12.1 2017 04:00

Om ikkje regjeringa skulle gå imot eit samrøystes styre og det store fleirtalet av høyringsforsamlinga ved Göteborgs universitet, vil Ole Petter Ottersen bli den første ikkje-svenske rektoren for eit større svensk universitet, skriv Göteborgs universitet i ei pressemelding.  

Ole Petter Ottersen vil etter planen begynna i den nye rektorstillinga 1. juli i år. Då vil han akkurat ha gått ut av vervet som rektor ved Universitetet i Oslo. Han blei første gong vald til rektor for Universitetet i Oslo i 2009, og blei attvald i 2013.

Spennande

– Det blir spennande med ein rektor som kjem utanfrå og som har ei gedigen røynsle med å driva eit stort internasjonalt universitet, seier Cecilia Schelin Seidegård i ei pressemelding. Ho håpar også at Ole Petter Ottersen skal bidra til å lyfta Göteborgs universitet endå meir.

Med denne tilrådinga, valde styret å fylgja rådet frå høyringsforsamlinga på 70 medlemar frå heile universitetet. Eit stort fleirtal av den forsamlinga gjekk inn for Ole Petter Ottersen, medan mindretalet ynskte Eva Wiberg, som er prorektor ved Lunds universitet.

Regjeringa tar formell avgjerd

Ole Petter Ottersen er fødd i 1955, er utdanna lege, og er professor i medisin. Han disputerte ved Universitetet i Oslo i 1992.

Den formelle avgjerda om å tilsetja Ole Petter Ottersen som ny rektor ved Göteborgs universitet, blir tatt av den svenske regjeringa. Om den også fylgjer rådet frå høyringsforsamlinga og styret ved Göteborgs universitet, vil Ottersen overta rektorstolen ved Göteborgs universitet etter Pam Fredman, den 1. juli i år. Ho har sete i stillinga i elleve år.

Uniforum har vore i kontakt med Ole Petter Ottersen. Men han ynskjer ikkje å kommentera tilrådinga frå  styret ved Göteborgs universitet, før den svenske regjeringa har tatt ei formell avgjerd og når han  har avgjort om han eventuelt vil takka ja til jobben som rektor ved Göteborgs universitet.

Artikkelen ble først publisert på uniforum.uio.no.

Annonse

Artikkelen ble først publisert på Uniforum

Uniforum er en avis som utgis av Universitetet i Oslo. Avisen redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten.