Utsnitt av maleri i Andreaskirken i Thörl-Maglern-Greuth, Østerrike. Motivet viser en korsarm som velsigner kirken (ecclesia), og den andre som dreper synagogen (sinagoga). Kirken er representert ved en mann som bærer kirken og krones med en kongekrone. Synagogen vises som en kvinne med bind for øynene, gjennomboret av et sverd. (Foto: Johann Jaritz/Wikimedia Commons CC BY-SA 3.0 AT)

Bibelsk misforståing har skapt jødeforfølging

Tekstar i Bibelen har blitt brukte som argument for antijødiske haldningar. Men det heile byggjer på ei stor misforståing, meiner teologiprofessor.

Med antisemittisme på frammarsj i Europa og Nord-Amerika, og synagoga i Oslo under vakthald kvar sabbat, ser teologiprofessor Anders Runesson det som sitt ansvar å rette opp i misforståingar som har prega kyrkja i lang, lang tid.

– Kyrkja har stått for den viktigaste kulturelle påverknaden i Vesten i 1500 år. Det betyr at alle diskursar som har prega kyrkja, også sit i det allmenne medvitet, seier han.

Jødane har blitt sett på som eit syndig folk som må straffast, og mykje av grunnen er måten bibelske tekstar har blitt tolka på, ifølgje Runesson.

Etter inngåande studiar av Matteus-evangeliet meiner han at kyrkjas lærde har misforstått, og misbrukt, tekstane. Han presenterer si teksttolking i boka Divine Wrath and Salvation in Matthew: The Narrative World of the First Gospel.

Har sett jødar som svikarar

I Matteus-evangeliet, første boka i Det nye testamentet, er det fleire tekstar som har blitt brukte som argumentasjon for antijødiske haldningar.

Ein viktig tekst står i kapittel 27, vers 23–25. Der ropar ei folkemengde at Pontius Pilatus må krossfeste Jesus. Menneskemengda har blitt overtala av øvsteprestane og dei eldste til å ønske Jesus død. Pilatus nøler og seier:

«Eg har inga skuld i blodet åt denne mannen. Dette lyt de svara for.»

Folket svarar: «Lat blodet hans koma over oss og borna våre.»

– Opp gjennom historia har desse siste orda blitt brukte som argument for at jødane fortener straff, dei sveik jo Jesus. Jerusalem sitt fall i år 70 har blitt tolka som ein del av straffa, og det same gjeld all jødisk liding gjennom historia, seier Runesson.

– Historisk ser vi eit veldig tydeleg bilete. Kyrkja har signalisert at alle jødar, til alle tider, overalt, fortener straff og å bli stengde ute. Men kyrkja har misbrukt tekstane. Ei historisk lesing av Matteus viser at det ikkje er dette som står i teksten. Det er kristne si tolking som har opna opp for ei slik forståing.

Kritiserte øvsteprestane, ikkje det jødiske folket

Nøkkelen til den store misforståinga er, ifølgje Runesson, at Matteus si skrift har blitt lesen som ein kristen tekst – medan teksten eigentleg er jødisk, i likskap med dei fleste tekstane i Bibelen.

Anders Runesson er teologiprofessor ved Universitetet i Oslo. (Foto: UiO)

– Eg meiner at ein ikkje riktig kan forstå Matteus om ein les det som ein kristen tekst. Jesus var jøde, læresveinane var jødar og Matteus-evangeliet er opphavleg ein jødisk tekst. Først med den innsikta kan ein forstå bodskapen, seier Runesson.

Då Matteus-evangeliet vart skrive, vart det lese som ein jødisk tekst.

På denne tida var det klart for lesaren at Jesus kritiserte den jødiske eliten, ikkje folket. Men evangeliet begynte å bli lese av ikkje-jødiske kristne. Og sidan vart teksten ein del av Det nye testamentet rundt 300 år e.Kr.

Evangeliet vart dermed rekna som kristent, både av kristne og jødar. Dette opna for nye tolkingar.

– Jesus hadde mange støttespelarar blant jødane, og han jobba for å få majoriteten av folket til å følgje han. Men han møtte motstand frå eliten, nemleg øvsteprestane og folkets eldste, seier Runesson.

– Han svarte med å kritisere både dei og andre jødiske grupper, som farisearane. Slik Matteus skildrar det, stod Jesus på det jødiske folkets side og hadde folket med seg, mot leiarar som misbrukte makta si. Kritikken mot leiarane er seinare blitt oppfatta til å gjelde heile det jødiske folket.

Antijudaismen veks fram

Antijudaisme er ei religiøst motivert fiendtleg haldning til jødedommen. Allereie på 100-talet begynte slike haldningar å vekse fram. Dei første kyrkjefedrane brukte nytestamentlege tekstar, særleg Matteus-evangeliet, for å undergrave jødane si stilling i samfunnet.

– Antijudaismen var ein reiskap for å forme den kristne identiteten, fortel Runesson.

– Den første personen som sa at ein ikkje kunne vere kristne og samtidig praktisere jødedom, var Ignatius, biskop av Antiokia. Han levde i begynninga av det andre hundreåret og var den som fann på ordet «kristendom», seier han vidare. 

Heilt fram til 300-talet fanst det dei fleste stader, på grasrotnivå, ikkje eit skilje mellom kristne og jødar. For Ignatius og andre kyrkjefedrar var opprettinga av eit slikt skilje ein måte å halde på makta.

– Ikkje-jødiske kristne med påverknadskraft måtte få folk til å slutte å gå til synagoga og heller høyre på dei. Difor kalla dei jødane forrædarar og kom med ei lang rad antijødiske utsegner, fortel professoren. 

– Desse haldningane følgde med inn i mellomalderen og kjem mellom anna til uttrykk i barbariske kyrkjelege kunstverk, der jødane blir framstilte som syndarar og fiendar. 

Reformatoren Martin Luther vaks opp med slike preiker og kunstverk rundt seg. Han var eit born av si tid og har blitt framheva som ein av fedrane til idéhistoria bak antisemittismen. I november 2016 kunngjorde det norske Bispemøtet at dei tar avstand frå Luthers antijødiske ytringar. Den evangeliske kyrkja i Tyskland har nedfelt det same standpunktet skriftleg, og det lutherske verdsforbundet ytra seg kritisk i 1983.

Kyrkja må ta avstand frå historia

Anders Runesson applauderer Bispemøtet si nylege kunngjering, men han ønskjer at Den norske kyrkja også skal nedfelle sin avstand til historia i tydelege dokument.

– Sjølv om kyrkja i dag har ei svakare stilling i samfunnet enn tidlegare, er det heilt avgjerande at kyrkja tar tydeleg avstand frå si antijødiske historie. Dette må gjerast eksplisitt, i tydelege offisielle dokument.

– Ei samfunnsendring må involvere kyrkja sjølv, viss ikkje vil antijødiske tradisjonar halde fram med å poppe opp igjen og igjen.

– Vitskapsmiljøa må fri seg frå inngrodde tankesett

Antisemittisme er eit langt nyare fenomen enn anitjudaisme. Antisemittismen vaks fram på 1800-talet og er i første rekke rasistisk motivert. Dei to heng likevel tett saman.

– Kyrkjehistoria åleine kan ikkje forklare holocaust, men holocaust kan heller ikkje forklarast utan kyrkjehistoria. I dag oppretthaldast antijødiske haldningar mellom anna fordi kyrkja ikkje har tatt sitt ansvar for å tale godt om andre menneske, meiner Runesson.

Også vitskapsmiljøa må fri seg frå inngrodde tankesett, påpeikar han.

– Sjølv om fleire historiske teologar no er samde om at kyrkja har feiltolka Matteus-evangeliet, finst det framleis forskarar som les evangeliet som om Jesu kritikk gjeld heile det jødiske folket. I mine auge viser dette berre kor vanskeleg det er å slite seg fri frå gamle oppfatningar, seier Anders Runesson.

Referanse:

Runesson, A. Divine Wrath and Salvation in Matthew: The Narrative World of the First Gospel. Fortress press. 2016. ISBN: 9780800699598. Sammendrag.

Powered by Labrador CMS