Katrine Broch Hauge ville finne ut om jussen er samfunnsøkonomisk gunstig og rettferdig for begge partane i ekspropriasjonssaker når fallrettar – det vil si retten til å bygge kraftverk - vert eksproprierte. (Foto: Terje Bendiksby, NTB scanpix)

Forskar: Høgsterett favoriserer kraftbransjen

Når politikarane gjer grønt lys for fleire småkraftverk og eksisterande kraftverk vert utvida, kjem bønder og bygdefolk dårleg ut.

Staten ønskjer meir grøn kraft. Ei løysing på dette er å bygge ut fleire småkraftverk og å utvide eksisterande kraftverk. 

Når eit kraftselskap er interessert i å bygge eller utvide, tilbyr dei grunneigaren ein sum i leige for dei såkalla fallrettane, det vil seie retten til å bygge kraftverk. Viss dei ikkje vert einige om ein frivillig avtale, søker selskapet staten om ekspropriasjon, noko som inneber at staten tvinger grunneigarar til å gi frå seg fallrettar.

Tradisjonen er at Høgsterett aksepterer låge erstatningar til grunneigarane i desse sakene. I tillegg har Stortinget endra jordskiftelova slik at ho gir dårlegare eigedomsvern.

- Oppsiktsvekkjande nok har Stortinget bestemt at jordskifteretten ikkje skal lage regler som sikrar falleigarane ei viss erstatning, seier Katrine Broch Hauge. (Foto: Håkon Sparre)

Ifølgje Katrine Broch Hauge, som nyleg forsvarte doktorgraden ved Det Juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo, er denne endringa i strid med Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD).

Gevinstdeling ei trend internasjonalt

Utbyggarar kan vere tente med å tvinge grunneigarar til å gje frå seg rettane, gjennom staten, fordi erstatninga er låg. Slik tvang kallast ekspropriasjon. I avhandlinga viser Hauge at gevinsten for dei som eig fallrettar er større når dei bygger ut sjølve enn når andre gjer det.

Ho har laga ein målestokk ho kallar «idealnorm», ut frå kva som både er samfunnsøkonomisk gunstig og gir ei viss rettferd både for han som mister og han som får eigedom. Idealnorma er basert på innhaldet i friviljuge avtaler om å leie vassfall, på økonomisk teori og rettferdsteori.

Forskaren konkluderer med at i dag er det ein markert avstand mellom idealnorma og utmåling av erstatning ved tvangsovertaking av fallrettar. Gevinstdeling er ein trend i internasjonal ekspropriasjonsrett, men dette er lite akseptert i norsk rett.

Pionerane fekk fallrettar på billegsal. For kraftselskapa gjekk det til ein viss grad i same lei. I Noreg har vi tradisjon for å akseptere både inngrep og lav erstatning. Når det no løner seg å byggje småkraftverk, og grunneigarar i tillegg kan gjere det sjølv, har spørsmålet om rettferdig erstatning blitt meir aktuelt.

Naturhestekraft gir lågare erstatning enn marknadspris

Måten erstatninga blir utmålt på er ikkje gunstig for grunneigarane, ifølgje Hauge. Såkalla påreknelegvurderingar, det vil seie spådomar om kva som ville skjedd utan ekspropriasjon, er sentrale i erstatningsutmålinga. Kan fosseeigaren ikkje bevise at han sjølv ville bygd eit kraftverk, åleine eller saman med andre, kjem «naturhestekraftmetoden» i bruk.

– Med naturhestekraftmetoden er det større sjanse for at ein stor utbygger får låg pris, seier Hauge.

Denne framgangsmåten gjer erstatningsutmålinga til ein usikker og lite føreseieleg prosess, meiner ho.

Ei hestekraft er 75 kilo frakta ein meter i sekundet. I energiretten blir naturhestekraft brukt som mål på effekt i vasskraftverk. Ei naturhestekraft er 0,736 kilowatt. For å finne ut kor mange naturhestekrefter eit vassfall vil gje, vert fallhøgda i vatnet multiplisert med det ein reknar med at vil bli auka vassføring når vassdraget blir regulert.

Hauge seier det er ei positiv utvikling at Høgsterett har flikka på metoden. Viss fallrettane vert vurderte slik at dei kunne blitt nytta til å byggje småkraftverk, vert erstatninga utmålt etter den såkalla «småkraftmetoden». Han går i hovudsak ut på å undersøkje kva marknaden betaler for tilsvarande fallrettar. Men grunnlaget for erstatning etter marknadspris er i dag at eigarane av fallrettar må bevise at dei kunne ha bygd kraftverk sjølv.  

Ny jordskiftelov kan gi svakare eigedomsvern

Når fleire grunneigarar går saman om å etablere kraftverk, kan det bli konflikt om korleis inntektene skal fordelast mellom eigarane. Til no har det fungert slik at Jordskifteretten kan etablere bruksordningar som sikrar at alle får tilstrekkeleg del i utbyttet.

Stortinget har vedteke ei ny jordskiftelov som trer i kraft 1. januar 2016.
– Oppsiktsvekkjande nok har Stortinget bestemt at jordskifteretten ikkje skal lage regler som sikrar falleigarane ei viss erstatning, seier Hauge.

Den nye lova kan altså gje eit svakare eigedomsvern for nokre av grunneigarane.

– Grunnlova gir rett til full erstatning. Den nye jordskiftelova er problematisk både i høve til denne og ikkje minst i høve til Den europeiske menneskerettskonvensjonen, fordi det ikkje vert stilt krav til kva driftsselskapet skal betale eigarlaget, ifølgje Hauge.

Fortsatt for dei store selskapa

Den nye jordskiftelova kan favorisere utbyggjarane, meiner Hauge.

– Det er heller ikkje sikkert at den nye lova bidrar til distriktspolitikken, legg ho til.

Kraftselskapa er ofte store, kommersielle aktørar som ikkje er lokalt forankra, og det er usikkert om det er samanheng mellom låg erstatning og auka kraftutbygging.

Vassdragsreguleringslova av 1917 vart vedteken med tanke på store utbyggingar. Ho var framsynt ved at ho kom distrikta til gode. Ho sikra ei viss mengde konsesjonskraft og inntekter til vertskommunane. Lova gjeld fortsatt for store kraftverk.

– I dag, når det er aktuelt å bygge ut mindre vassfall, er det i større grad opp til partane sjølv å sikre ei inntektsfordeling som også kjem distrikta til gode, peikar forskaren på.

Kva krevst for å komme nærare idealnorma?

Hauge meiner vi må forlate naturhestekraftmetoden om erstatningane skal bli meir rettferdige.

Ho meiner det vert lagt for stor vekt på hypotetiske vurderingar. Det er uheldig at det er eit generelt krav å sjå bort frå verdien eigedommen har for utbyggjeren som skal lage kraftverk. Fallrettane skal brukast til kraftutbygging.

– Då er det rart at ikkje desse verdiane blir reflekterte i erstatningsutmålinga. Er det rett at store aktørar i kraftbransjen skal komme spesielt gunstig ut med desse reglene? spør ho.

Referanse:

Katrine Broch Hauge. Erstatningsnivået ved tvangsovertaking av fallrettar. – Analyse av salsverdierstatning og kompensasjonsnorma ved etablering av bruksordningar i lys av ei idealnorm. Det juridiske fakultet, UiO, 2015. Samandrag

Powered by Labrador CMS