Desse tennene tilhøyrer verken moderne menneske, neandertalarar eller andre kjende mennesketypar. (Foto: María Martínon-Torres)

Dette kan vere tennene til ein ukjent mennesketype

Forskarar kan vere på sporet av til no ukjente mennesketypar som har levd i Asia.

To nye menneskefossil som er oppdaga i Taiwan og i Xujiayao i det nordlege Kina, stemmer ikkje over eins med nokre av dei menneskeartane vi kjenner til no, inkludert moderne menneske, Homo erectus og neandertalarar.

Dette skriv Huffington Post.

– Vi har visst at det har vore menneskeartar vi ikkje har hatt oversikt over, dette gir oss ein idé om kva vi har med å gjere, seier zoolog Petter Bøckman ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Les også: Apa som reiste seg opp

– Større mangfald

Mens moderne menneske enno var i Afrika, var det minst fire andre tidlege menneskeartar på jorda: Neandertalarar i Europa, Denisovanarar i Asia, og den såkalla hobbiten, Homo floresiensis, som levde i Indonesia. I tillegg har det blitt funne teikn til ei mystisk fjerde gruppe frå Eurasia som må ha blanda seg med denisovanarane.

Dei nye funna tydar på at mangfaldet av mennesketypar som har levd i Asia, har vore endå større enn det vi har visst om til no.

For det kinesiske funnet analyserte forskarar ni tenner frå fire individ. Tennene som er datert til å vere mellom 60 000 og 120 000 år gamle, har blitt samanlikna med meir enn 5000 tannprøvar frå ulike tidlege menneskeartar.

Forskarane fann at tennene delte nokre trekk med tanngarden hos neandertalarar, men det vart ikkje full match med nokre mennesketypar.

– Det vi har sett er ei ukjent gruppe for oss, det er ikkje Homo sapiens og det er ikkje Homo neanderthalensis, seier forskar María Martinón-Torres til BBC.

Kjeven frå Taiwan

I ein annan studie fann forskarar hint om nok ein ukjent menneskevariant. Kjevefossilet, som har fått namnet Penghu, har blitt datert til å vere mellom 10 000 og 190 000 år gammalt.

Som for det kinesiske funnet viser det seg at den fossile kjeven ikkje matcha andre kjente menneskeartar.

Uansett kven desse menneska var, så er dei no borte.

– Det hadde vore kjempetøft om vi hadde vore mange menneskeartar, men dessverre ser det ut til at vi menneske er ekstremt flinke til å utrydde andre konkurrerande artar, seier Bøckman.

– Vi er våre eigne slektningars verste fiende.

Powered by Labrador CMS