Fleire drap i teiknefilm enn vaksenfilm

Fleire viktige personar vert skadd og drepne tidleg i teiknefilmar enn i dramafilmar.

Mora til klovnefisken Nemo vert ete av ein Barracuda. Foreldra til Tarzan vert drepne av ein leopard. Dyr og menneske blir skutt og drepne i filmane Bambi og Peter Pan. Folk blir dolka i klassikarane Skjønnheten og udyret og Den lille havfruen.

Eksempla er mange, og born blir heilt klart eksponert for meir død enn foreldre som ser på dramafilmar, ifølge forskarar frå Canada og Storbritannia.

Dei fann at hovudpersonar i teiknefilm døyr tidlegare enn viktige karakterar i dramafilmar for vaksne.

- Animerte filmar for barn er fulle av mord og kaos, heller enn å vere ufarlege og milde alternativ til skrekk- eller dramafilmar, seier studieforfattarane Ian Colman og James Kirkbride, i ei pressemelding.

Dei fann at born som ser animert film oftare vert eksponert for drap, som inneber slag, våpenskot og dyr som angrip.

Studien er publisert i British Medical Journal.

Dobbel sjanse for død

Dei seier at død og vald kan verke ganske traumatisk på barna, og at påverkinga kan verke intens og vare lenge.

Forskarane har undersøkt 45 populære teiknefilmar heilt frå Snøkvit anno 1937, til fjorårets Frost. I tillegg har dei sett på 90 populære dramafilmar meint for vaksne publikumarar. Her inngjekk mellom anna Pulp Fiction, The Black Swan, The Exorcism og The Departed.

Dei fann at hovedkarakterane blant dei 45 animerte filmane har over dobbel så stor sjans for å døy, samanlikna med dei 90 vaksenfilmane. Dei luka vekk filmar der leiker, robotar og køyrety var hovudpersonar.

To tredelar av barnefilmane eksponerte død, medan berre 45 av dei 90 vaksenfilmane innehaldt dette. 

- Dropp starten av Nemo

Hovudpersonar, venner og familiemedlem av hovudpersonar, hovudskurkar eller nemesisar blir kategorisert som viktige personar.

Vel å merke er her nokre svakheiter. Mellom anna har ikkje forskarane studert alvorligheitsgrad og realisme hjå drapa i filmane. Dei har heller ikkje teke med drap og død som kan ha funne stad utanfor filmens handling.

For å nemne det så vert Nemo sin mor ete og drepen fire minutt, og tre sekund, inn i filmen Oppdrag Nemo. Forskarane anbefalar difor føresette å spole forbi dei første fem minutta dersom barn skal sjå filmen. Eller så kan mor eller far sitte ved sida av barna som ynskjer å sjå teiknefilmen.

Referanse:

Colman, Ian mfl: CARTOONS KILL: casualties in animated recreational theater in an objective observational new study of kids’ introduction to loss of life. The British Medical Journal (16. desember 2014). DOI: http://dx.doi.org/10.1136/bmj.g7184

Powered by Labrador CMS