Victor Hugo skreiv fantasylitteratur frå Trondheim

I eit av Victor Hugos ungdomsarbeid er handlinga lagd til Trondheim og Trøndelag. Det er ein roman skriven før Hugo var 20 år gammal, og utgjeven i 1823 med den gåtefulle tittelen Han d'Islande.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Victor Marie Hugo (1802-1885) skreiv både dikt, dramatikk og romanar, og vert rekna som ein av Frankrike sine store åndsmenn. Boka om det islandske monsteret Han og om trøndersk klassekamp og kjærleik skreiv han før han fylte 20."

Romanen vart omsett til dansk-norsk og utgjeven i Christiania i 1831 som Islænderen i Norge “med nogle forandringer efter Han d’Islande.” Det er uvisst kven omsetjaren var. Ei ny utgåve av denne omsetjinga - berre med ortografiske justeringar - kom ut så seint som i 1996 hos ein utgjevar i Oslo som kallar seg Indfo Forlag. Denne merkelege og anonymt tilrettelagde utgåva har tittelen Fangen på Munkholmen. Men tittelen her gir trass alt ein atskilleg klårare peikepinn enn originalen på kva handlinga i romanen dreiar seg om.

Kjærleikshistorie

Det er ei romantisk kjærleikshistorie mellom «Ethel», ei fiktiv dotter av «Peder Schumacker» alias grev Peder Griffenfeld, fange på Munkholmen i Trondheim («Munckholm à Drontheim») og «Ordener», sonen til «vise-konge» Gyldenløve («Guldenlew»). For at dei unge til slutt skal få kvarandre, må den unge Gyldenløve gjennom mange slags påfreistingar - fantastiske slike i ordets eigentlege tyding.

Her er sjølvsagt ikkje staden for noka inngåande handlingsreferat. Men kort fortalt dreiar det heile seg om å finna ut av bakgrunn og omstende kring eit opprør mellom gruvearbeidarane på «R?raas», svikefullt oppvigla og påfunne av Griffenfelds motstandarar for å få denne dømd til døden. I desse innfløkte intriger spelar monsteret frå Island, denne «Han», ei viktig rolle.

"Den første norske utgåva av Islænderen i Norge kom i 1831. Foto: Karl-Erik Refsnæs, Gunnerusbiblioteket NTNU"

Dette blodtørstige islandske uhyret heldt seg stort sett i skog og fjell i stroka mellom «Skongen», «Stod», «Sparbo» og «le lac de Smiasen», som vi må tru skal vera Snåsavatnet. I dette området utspelar då også ein god del av handlinga i romanen seg. Utanom dette finst det og ei rad andre geografiske tilvisingar til stader i Trøndelag, frå «Storwaadsgrube» ved «R?raas» til «l’île de Hitteren», og så bortetter.

Ein trøndersk landskap med Munkholmen i Trondheim som sentrum både i handlinga og i geografien stig såleis fram i denne merkelege fantasiforteljinga, der det elles kryr av stadnamn og personnamn utan nokon som helst tilknytnad til Trøndelag eller til andre stader i Norden for den del. Dette ungdommelege litterære verket tilhøyrer altså ein skrekkromantisk sjanger, mykje omtykt i samtida, og med tydelege røter i 1700-talets dyrking av såkalla «sublime» verkemiddel - det vil seia litterære effektar der blod, skrekk og gru høyrde med. Det er sikkert nok at Victor Hugo i romanen frå Trøndelag var påverka av Walter Scott. Men han var tydeleg òg inspirert av ei allmenn europeisk interesse for det gamle nordiske, det nørrøne og Island som kjelder til det blodige og skrekkfullt sublime.

Hugo las Snorre

Det har vore spekulert ein god del over kva Victor Hugo kan ha hatt å byggja på då han gav litterær form til kjærleikshistoria frå Munkholmen med alle desse innslaga som i dag vel helst ville vore omtala som «phantasy». Det er i alle fall tydeleg nok at den unge romanforfattaren ikkje ved sjølvsyn har kjent områda der handlinga i forteljinga hans utspelar seg, og at både geografiske referansar og anna meir obskurt mytisk tilfang med tilknytnad til det norrøne og Island, må ha vore teke frå lesnad av ulike slags litteratur.

Ein del av desse kjeldene, anten dei no er direkte eller indirekte, er det ope vist til i romanteksten. Såleis dukkar det rett som det er opp tilvisingar både til «Thormodus Torfæus», til «Snorro Sturleson» og «professeur Sch?nning», den unge dottera til Griffenfeld les heile tida opp frå «Edda» for faren i fengslet på Munkholmen, med mykje meir. Det er vel ikkje særleg sannsynleg at den unge Victor Hugo hadde tileigna seg kunnskap om norske og norrøne tilhøve direkte frå alle desse lærde verk som han såleis viser til i den litterære framstillinga si.

"For berre seks år sidan kom boka i ny utgåve. No med tittelen Fangen på Munkholmen. Foto: Karl-Erik Refsnæs, Gunnerusbiblioteket NTNU"

Det gir vel også eit inntrykk av litt bråmodent å vilja visa lærdom, eit drag som elles er fjerna frå teksten i omsetjinga til dansk-norsk og i moderniseringa av denne. Stoff av det slaget som finst i dei nemnde tilvisingane, har Victor Hugo truleg helst frå sveitsaren Paul Henri Mallet som i andre halvdelen av 1700-talet gav ut ei Danmarks-historie på fransk (Histoire de Danemark 1755-77). Denne kom ut i ny utgåve i Paris 1788, og det er kjent at Victor Hugo har gjort bruk av den versjonen.

Ved utkanten av verda

Handlinga i romanen er lagd til året 1699, og råma er altså historia om Griffenfeld på Munkholmen. Også denne historia var tilgjengeleg på fransk i Victor Hugos ungdom gjennom ei bok av Tycho Hofman frå 1746 om Griffenfeld, Adeler og Tordenskiold (Memoires du ci-devant grand-chancelier de Dannemark comte Griffenfeld, etc, København).

Det islandske monsteret «Han» som er lagt inn i ei handling frå så seint som 1699, verkar i alle fall pussig på ein lesar av i dag, «phantasy» eller ikkje. Det kan sjåast som eit siste, litt ungdommeleg forvirra, litterært produkt i ein litterær tradisjon som kan førast attende til seinmellomalderen, der det å «demonisera» Island går att som eit motiv. Dette kan vi sjå i lttteraturen heilt frå den danske Saxo Grammaticus på 1200-talet og fram til svensken Olaus Magnus på 1500-talet.

Det er ein litterær tradisjon som vidarefører oppfatningar frå antikken om at livet i det hinsidige gjekk føre seg på denne øya - Thule - ved utkanten av verda, der vulkanar vart sedde som opne portar ned til Helvete. Mot denne bakgrunnen har ein då også prøvd å forstå namnet på dette utvandra monsteret frå Island hos Victor Hugo - «Han» frå «Klipstadur» på Island. Det har vore sett på som identisk med det norrøne pronomenet hann og såleis ein referanse til Djevelen sjølv, kanskje utan at det vel gjer så mykje til eller frå i den samanhengen dette vesenet er sett i hos Victor Hugo.

Det er altså eit voldsomt inntrykk av livet i Trøndelag vi får ved å lesa denne romanen om den ulukkelege Griffenfeld. Kor mykje han vert lesen idag, er ikkje så godt å vita. Ei vitskapleg annotert utgåve frå så seint som 1981, er framleis å få i bokhandelen, og det er kanskje slik at det er den litteraturhistoriske sida ved nett dette ungdomsverket av årets jubilant som har mest interesse. Men i alle fall skulle det vera god grunn til å senda ein spesiell liten gratulasjon frå Trondheim i høve jubileet.

Victor Hugo-året 2002

I år er det Victor Hugo-år. Den 26. februar var det 200 år sidan han kom til verda i Besançon i Frankrike - i 1802. Han døydde i 1885 og vart altså 83 år gammal.

Jubileumsåret vert naturleg nok feira på godt synleg vis både i og utanom heimlandet hans, for Victor Hugo har vore og er rekna som ein av dei verkeleg store av romantikkens forfattarar. Allereie straks etter nyttår i år vart dei første markeringane gjorde i Frankrike, og det er mykje å feira han for. Han vert minna som lyrikar, som drama- og romanforfattar.

Romanforfattaren især har halde grepet om publikum over store delar av verda heilt fram til våre dagar gjennom musikal- og filmversjonar av romanen Les miserables frå 1862.

Powered by Labrador CMS