Økologisk jordbruk er ein suksess

-Vi har vist at organisk jordbruk er effektivt, sparer energi, fører biodiveristeten vidare og bevarer ei sunn jord for framtidige generasjonar, seier sveitsiske Paul Mäder. I 21 år har han vore med på å samanlikne økologisk og konvensjonelt jordbruk side ved side.
7.6 2002 07:00

Få store studiar har sett på langtidskostnader og avkastning frå økologisk jordbruk. Den lengste og mest omfatande studien til dags dato, som samanliknar konvensjonelt og økologisk jordbruk, konkluderer med at økologisk jordbruk er eit realistisk alternativ.

Sparer energi og er mildt mot jordsmonnet

Økologisk jordbruk er for eksempel meir energieffektivt enn sin konvensjonelle motsats. Og sjølv om avkastinga frå avlinga i økologisk jordbruk er gjennomsnittleg 20 prosent mindre, veg dei økologiske og effektive vinningane meir enn opp for dette, i følgje sveitsiske forskarar.

Avlingane er også imponerande fordi dei organiske åkrane fekk tilført mindre enn halvparten av næringsstoffa som blei gitt til dei konvensjonelle markene, viser den ferske rapporten.

- Å tilføre mykje mindre gjødsel og likevel oppnå 80 prosent av dei konvensjonelle avlingane er fantastisk, seier jordforskar John Reganold ved Washington State University i Pullman til Science. Han meiner dette gir meir overtydingskraft til økologiske system.

Sunnare jord

Fordelar ved å bruke mindre gjødsel og insektmiddel er for eksempel sunnare jord og eit større mangfald og større tal organismar. Dette inkluderer meitemark, nyttig sopp, biller og ville planter. Organiske åkrar slepp også ut mindre av drivhusgassen karbondioksid.

Medan økologiske jordbruk kan vere nesten like produktive som konvensjonelle jordbruk når det gjeld enkelte avlingar, konkluderer studien også med at økologiske avlingar er meir energieffektive for dei aller fleste avlingar.

Fire ulike system

Dei sveitsiske forskarane har samanlikna fire system for jordbruk. Ein etterlikna det konvensjonelle, og blei behandla med kjemiske insektmiddel, ugrasmiddel og nitrogengjødsel. Ein annan del av forsøket var integrert jordbruk som kombinerte naturgjødsel med konvensjonelle teknikkar.

På dei organiske markene blei det berre brukt naturgjødsel og mekanisk ugrasluking, saman med plantekstraktar for å kontrollere skadedyr. Det fjerde systemet var såkalla biodynamisk jordbruk, basert på arbeidet til Rudolf Steiner.

Vinterkveite klarte seg best, poteter dårlegast

I løpet av to tiår viste det seg at avlinga var omtrent 20 prosent mindre for begge dei økologiske jordbruka, noko som stemmer med tidlegare studiar. Vinterkveite var den beste avlinga på 90 prosent av konvensjonell innhausting. Poteter gjorde det dårlegast, med 60 prosent av avlinga på det konvensjonelle jordbruket, hovudsakleg på grunn av potetsjuke og underskot på kalium.

Forskarane argumenterer at den største bonusen er det forbetra jordsmonnet ved økologisk jordbruk, som vil sikre gode avlingar i tiår fram i tid.

56 prosent mindre energi

Fordi det ikkje var nødvendig å produsere syntetisk gjødsel, krev økologisk jordbruk mindre energi enn det konvensjonelle jordbruket; faktisk opp til 56 prosent mindre, i følgje rapporten. Forskingsgruppa fann også prov på at mikrobar som resirkulerer næringsstoff eksisterte i større tal, og var meir effektive i økologisk jord. Desse organismane omgjorde organisk materiale til ny biomasse for plantene raskare enn mikrobene i konvensjonelle åkrar.

Mangfald i jorda

Den økologiske jorda verka sunnare rapporterer forskarane, med for eksempel 40 prosent fleire røter kolonisert av sopp som hjelper planten med næringsopptaket. Meitemark var det opp til tre gonger fleire av, og der var dobbelt så mange edderkoppar og andre ledddyr som er skadedyr.

Agronom Paul Mäder som har leia studien ved Research Institute of Organic Agriculture (FiBL) og den sveitsiske føderale forskingsstasjonen for agroøkologi og jordbruk, meiner dei miljømessige fordelane og den auka energieffektiviteten hjelper med å rettferdiggjere eksisterande offentlege subsidiar til økologiske gardbrukarar i Europa.

- Eg trur vår forsking kan stimulere styresmakter til å oppmuntre dette ved å vise til fordelane på lang sikt, seier han til Science.

Byte til økologisk kan auke avlinga

- Under Europeiske forhold kan vi heilt klart dyrke mat med mykje mindre kjemisk tilførsel enn det vi gjer no. Men i eit land som India vil 20 prosent reduksjon sjølvsagt ha fatale konsekvensar, seier Mäder til New Scientist. Han meiner likevel at der fattige gardbrukarar ikkje har råd til dyre jordbrukskjemikaliar, vil eit byte til økologiske metodar auke avlinga.

Utanfor Europa er økologiske gardar ein nisjeoperasjon som er avhengig av høge prisar for å overleve. I Noreg er det ei målsetjing at ti prosent av totalt jordbruksareal skal vere økologisk innan 2010.

Fleire studiar stadfestar fordelane ved økologisk jordbruk

Den sveitsiske studien slenger seg på ei liste over fleire nylege forskingsresultat som viser styrken til den økologiske tilnærminga. Tidlegare arbeid har funne ut at organiske epleplantasjar i USA var meir lønsame og levedyktige enn ikkje-økologiske, og at økologiske jordsmonn er betre på å halde på næringsstoffa, og gir nesten like gode avlingar, skriv Nature.

Jules Pretty er direktør for britiske centre for Environment and Society ved University of Essex, og fullførte nyleg eit globalt studie av økologisk jordbruk. Han seier til New Scientist at funna frå Sveits stadfestar hans konklusjon at “organisk jordbruk er meir effektivt og kan under mange forhold auke avlinga for jordbrukarar”.

Dei sveitsiske forskarane har publisert forskingsresultata i Science, 30 mai 2002.

Aktuelle Linkar:

Pressemelding frå FiBL
Forskingsresultat på nettsidene til FiBL
Debio - Godkjenningsinstans for økologisk produksjon
Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK)
Statens landbruksforvaltning
The European Network for Scientific Research Coordination in Organic Farming
organic-research.org
organic-research.com

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse