Ny kunnskap om bresmeltinga etter siste istid

Liv Plassen har nyleg forsvart si doktorgradsavhandling i geologi ved Universitetet i Tromsø. Avhandlinga set nytt ljos på sedimentære prosessar i eit miljø der brerørsle og marine prosessar verkar sammen.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Liv Plassen presenterer ny kunnskap om den nordskandinaviske bresmeltinga etter siste istid i doktorgradsavhandlinga “Stratigraphy and sedimentary environment in North Norwegian and Spitsbergen fjords” som ho nyleg forsvarte ved Institutt for geologi, Universitetet i Tromsø.

Bresmeltingshistorie

Gjennom sitt doktorgradsarbeid har Plassen kartlagt og tolka høgoppløyselege akustiske data og borekjerner frå Andfjord-Vågsfjord-regionen og Ullsfjord i Nord-Norge, og Isfjorden på Spitsbergen, med spesiell vekt på bresmeltingshistorie, stratigrafi, sedimentasjonsmiljø og sedimentære prosessar.

Betre forståing

Ho har funne ut kor mykje, og kva slags sediment, som blei avsatt i dei undersøkte fjordane gjennom dei ulike tidsrom av bresmeltinga. Avhandlinga har bidratt til ei betre forståing av storskala sedimentære prosessar, samt utvikling av sedimentasjonsmiljø i nordnorske fjordar og fjordar på Spitsbergen.

Doktorgradsavhandlinga består av fire vitskapelege artiklar, der to er offentleggjort i internasjonale tidsskrift.

Powered by Labrador CMS